Eg skal ikkje påstå eg er stor på kosespelfronten. Det er slikt eg gjerne overlet til kone og born, ei gruppering i heimen som nesten lev og andar for slikt.
Om det så er Animal Crossing, Stardew Valley eller MySims, har det hage og klesskift er junior der som ein møll mot einaste lyspunkt i nattemørkret.
Animula Nook er det nyaste kosespelet, og eg klarar ikkje kalle det for noko anna enn kosespel, for herlege land så nusseleg dette er. Spelet har ingen lanseringsdato enno, men vi blei inviterte til å vere med i den første alfatesten av det som fort kan bli eit av dei finaste eventyra på lenge.
Du spelar eit menneska som vaknar opp ein dag, knøttliten, og synest det eigentleg berre er heilt topp. Du får nokre få val om korleis du vil sjå ut, du får gi deg sjølv eit namn, og så ber det ut på eit veldig allsidig eventyr der kvart hjørne byr på noko nytt å leike seg med.
Rydd plass
Din første jobb er å rydde rommet ditt for skrot. Med ein deformasjonspistol sug du inn alle store ting på skrivebordet, krympar dei ned, og puttar dei i ryggsekken slik at du kan lage ting av dei seinare.
Dette er viktig, for det er her, på skrivebordet, du straks vil bygge ein heim.
Rett utanfor skrivebordet, på den andre sida av vindauget, ligg den store verda utanfor. Her kan vi bygge hage, eller reise på tur til andre område, som Wupa Woods, ein frodig og grøn stad der du kan springe på prestekragar, rulle ned bakkar på skateboard, og utforske eit endelaust sjarmerande eventyrland.
Før vi kjem så langt møter vi ein bitteliten mini. Eit eige folkeslag av svært små folk. I eit rimeleg kjapt tempo blir vi introdusert for nye miniar som har nye ting å by på. Den eine vil flytte inn, så du må bygge hus, den andre sel klede og andre nyttevarer i sin butikk, og det er her spelet verkeleg byrjar å vise sitt sanne ansikt.
Det er enormt med ting å finne, skape, selge og kjøpe her. Det meste du gjer gir og erfaringspoeng, og nye nivå gir nye forundringsboksar med mykje nytt innhald.
Ei utfordring eg har hamna i som konsekvens av alt dette innhaldet er at sorteringa av inventar er litt mangelful. Eg enda raskt opp med å måtte skrolle meg gjennom hundrevis av ting, for å finne den eine eg var på jakt etter. Forhåpentlegvis er dette eit område som får litt meir ettertanke, og fleire filtreringsmoglegheiter.
Det er òg litt rusk her og der. Ustabile visuelle effekter, og tekst på framande språk, men dette er ein svært tidleg versjon, og slikt får vi tru er borte ved lansering.
Som skapt for dei små
Det som kanskje har vore mi største glede ved å spele Animula Nook, har vore å spele det saman med dottera mi på sju år. Det tok ikkje mange minutta før ho ropte ut at dette var det beste spelet nokon sinne, og at det no er favorittspelet hennar.
Animula Nook er rett og slett eit uvanleg koseleg spel, fullt av koselege aktivitetar, og mykje å gjere.
Å sjå gleda i ansiktet til ungen medan ho nynna med til musikken, og bladde seg gjennom mylderet av klesplagg, hårfrisyrer, prøve å lære seg dansetrinn eller å spele dei mange musikkinstrumenta har vore ei glede. Ungar kan lett la seg bergta av enkle ting, men dette var noko anna.
Det er likevel lett å bli litt skeptisk. Er dette eit kynisk produkt laga for å suge til seg dei utan god dømmekraft? Det er ein freistande tanke, men eg klarar ikkje å finne spor av slikt i Animula Nook. Det er for mykje varme her, for mykje kos og uskuldige moro.
Det er klart ting kan forandre seg. Dette blir eit gratisspel, og utviklarane hoss LilliLandia Games har ikkje sagt mykje om korleis spelet skal finansierast. Mikrotransaksjonar er slått av i alfatesten, og eg veit rett og slett ikkje kor mykje av det som vi no får gratis, etter kvart vil koste pengar.
Forhåpentlegvis får vi ein sympatisk forretningsmodell, og ikkje ein der kvart nye klesplagg kostar flesk.
Konklusjon
Ein skal som regel prøve å halde seg litt nedkjølt når ein spelar ein tidleg versjon av eit komande spel. Det kan fort vere langt frå endeleg produkt. Animula Nook har derimot sjarmert meg i senk. Dette er noko av det koselegaste og mest fornøyelege eg har spelt på lang, lang tid.
Varme fargar, med runde former, med herleg figurdesign, og fornøyeleg musikk der ein akustisk gitar ofte har hovudrolla. Det heile er veldig roleg, avslappane, og koseleg.
Det finnest mange koseleg spel der ute, men Animula Nook er eit av få som verkeleg har fått med til å sperre auga opp. Det har veldig mykje gåande for seg, og om utviklarane kan utvikle og forbetre denne opplevinga enda meir utover den fine tida eg allereie har hatt i det, kan dette blir noko heilt spesielt.
Eit svakt uromoment ligg og murrar, sidan dette er eit gratisspel som må tene pengar på eitt elle anna vis, men korleis det blir handtert vil tida vise.
Animula Nook har ikkje fått lanseringsvindauge, men skal etter planen lanserast på PlayStation 5, Switch 2, Windows (testa) og Mac.