Anmeldelse

Super Mario Galaxy 2

Forente galaksar

Atter ein gong viser Nintendo kva dei gjer aller best.

Nintendo

Eg har vurdert ei rekke forskjellige innfallsvinklar for korleis denne teksten burde starte. Ei umiddelbar – men heller keisam – retning å gå er å snakke om korleis Mario er tilbake i sin første direkte oppfølgjar på ganske mange år. Eit anna og mykje meir interessant område er at den beste ideen Miyamoto og co. nokon gong har hatt – Yoshi – er tilbake. Eventuelt kunne eg ha basert innleiinga rundt kva substansar Mario-crewet hos Nintendo inhalerer og fordøyer for å kome på desse mildt sagt absurde scenarioa Mario endar opp i. Ein røyrleggjar som et sopp for å bli ... høg? Ja, den er jo interessant, men akk så er den samtidig ei vandrande klisje som garantert er gjort før av mange langt vittigare skribentar.

I staden har eg valt denne så absolutt meir kontroversielle vinklinga: Super Mario Galaxy 2 er på ingen måte det perfekte plattformspel.

Ikkje få panikk, dette er heilt normalt

Dommedag

Eg har funne ut at i motsetning til storparten av alle tekstar eg skriv, skal eg i denne omgang starte med alt det eg ikkje likar med dette spelet. Eg vil ha det ut av vegen slik at du som ikkje allereie har kjøpt spelet på førehand veit om dei potensielle fallgruvene spelet legg framfor deg med imponerande presisjon.

Super Mario Galaxy 2 slit med dei same problema som omlag alle andre plattformspel i 3D. Nintendo har kanskje betre kamerakontroll enn dei andre i klassen, men det hindrar det ikkje frå å sende deg i den visse død meir enn ein gong. I motsetning til Mario sin første tur ut i galaksane har du no litt kontroll over det, men den kontrollen er ikkje god. Med piltastane på Wiimoten kan du dytte kameraet i ein og annan retning, eller du kan sentrere det bak røyrleggjaren vår, men tommelfingerregelen er at om du først skulle sjå det som naudsynt å endre vinkel, får du aldri den vinkelen du vil ha.

Problemet med kameraet er at der det gjennom 90% av heile spelet sit som støypt, får det av og til symptom på tourettes syndrom, og snur seg til dømes 90 grader nord og 45 grader vest på brøkdelen av eit sekund og utan forvarsel. Fullstendig desorientert spring du rett ut av plattforma du har spurta over, og ned i ventande lava. Mario hyler og klyp tak i sin eigen bakende medan han hoppar og sprett som om han har ein rakett køyrt opp i rompa. Sidan du framleis er desorientert blir det vanskeleg å styre Mario inn på ei plattform igjen, og du døyr. Dette kjem til å gjenta seg nokre gongar inntil du har tvinga hjernen til å gløyme all logikk, og i staden har greidd å innprente hjernen med nøyaktig kva du bør gjerne.

Andre gongar viser ikkje kameraet kvar du skal gå. Du veit ikkje det er plattform under deg, du ser ikkje kvar du skal, og difor døyr du, igjen. Berre fordi spelet ikkje gav deg essensiell informasjon.

Ord blir fattige

Vent, det kjem meir

Den andre tingen eg ikkje likar er vanskegrada i kombinasjon med kontrollsystemet. Mario er som regel ein draum å ta kontrollen over, men her og der vel Nintendo å dytte på deg utfordringar som ikkje er godt eigna for det Mario er i stand til å gjere. Eit døme på dette er ei springfjøyr som får Mario til å hoppe fram og tilbake. Held du inne knappen akkurat i det du landar, kan Mario ta eit enormt hopp. Artige saker er det så absolutt, om alt ligg til rette.

På ei bane eg kjem til å ha mareritt om i mange år framover, skal du ved hjelp av denne springfjøyra hoppe innover i skjermen på ei smal bane, medan svære kanonkuler rullar mot skjermen. Som spelar ser du ikkje nok av kva som skjer til å alltid kunne time hoppa riktig. Det er vanskeleg å få god oversikt over kor nær kanonkulene er, og det blir difor lett å krasje. Dette sender deg raskt ut i brennande lava, og Mario si rakettrumpe tek igjen kontrollen igjen. Eg anar eit snev av sadisme hos Nintendo som får dei til å setje saman dei elementa som i aller størst grad samanlagt er i stand til å skape harme og frustrasjon hos spelaren.

Det er andre ting å angripe Mario for. Spelet blir tidvis latterleg vanskeleg, og det er svært sjeldan på grunn av ting som ikkje kunne ha vore endra med små grep (med andre ord er det spakane i staden for mennesket bak spakane som er problemet). Spelet er stort og fullt av artige ting å gjere, men progresjonen er likevel treg, og tvingar deg til å gå tilbake til gamle baner for å kunne gå fram. I tillegg saknar eg den gode, den gamle, og den lystige Mario-musikken. Den er her, men ikkje i store nok doser. Det musikalske biletet er prega av store og dramatiske symfoniske verk som etter mitt høgst personlege og udelt subjektive syn hadde passa best i ein Hollywood med mykje høgre budsjett, men lagt lågare underhaldningsverdi enn Super Mario Galaxy 2.

Liten mann i stort land

Sikt mot stjernene

No har vi eigentleg alt det viktige av det negative unnagjort. Resten av spelet er fantastisk, og korvidt du bryr deg om alt eg nett har sagt er ei smakssak. Dette er ein Mario i god gammal form med eit hav av fantastiske utfordringar. Sjølv om du vil møte ein vegg både her og der, tvingar ei stemme frå oven deg til å halde fram. Sjølv om du blir frustrert og hyttar med neven medan du skjeller ut TV-en, tek det berre nokre få minutt før du kryp til korset og prøvar på nytt. Ikkje fordi du vil, men fordi du . Du berre må. Det er slik det er. Mario befaler.

I Super Mario Galaxy 2 tek du kontrollen over eit lite romskip utforma som hovudet til Mario. Skjønt, det liknar meir på Luigi med sine grøne fargar. Dette romskipet har ei lita grad av utforsking i den grad at du kan sanke nokre liv, myntar og krystallar der.

Skipet sin viktigaste funksjon er derimot å reise mellom forskjellige galaksar, noko som skjer på omlag same måte som i gamle Super Mario-spel. Nye verder ligg som perler på ei snor, og etter kvart som du gjer deg ferdig med ei, får du tilgang på ei ny. Målet i kvar verd er å finne ei stjerne. Stjernene fungerer som drivstoff for Mario-romskipet, og for å nå nye område må du samle inn solide mengder av dei.

For å få dette til må du vitje kvar galakse meir enn ein gong. Dette betyr ikkje at du må spele dei same nivå om igjen to eller tre gongar. Kvar galakse har forskjellige baner innan det same rammeverket du kan bryne deg på, og dei tallause galaksane er alle fabelaktig forskjellige på så godt som alle punkt.

Hei kor det går

Makelaus variasjon

Super Mario Galaxy 2 si absolutt største styrke er den vanvittige variasjonen dei forskjellige nivåa byr på. Nintendo snur opp ned på absolutt alt i dette spelet. Nokre nivå leikar med gravitasjon, andre med elementa eller med kreativ bruk av plattformer og flyging gjennom lufta, samt tradisjonelle plattformsekvensar i 2D-stil. Du kan spele dette spelet i fleirfaldige timar og likevel heile tida finne noko nytt. Spelet er stappfullt av forskjellige element som i og for seg kunne ha laga mange individuelle spel. I staden er det nesten som om alt har blitt kasta opp i ein bolle, rista godt, før Kong Miyamoto trekte ut ein og ein lapp for å setje det saman på måfå.

Det verste er at det er braksuksess nesten kvar gong. Nivåa er utforma med ein profesjonalitet som ikkje liknar grisen, og du frådar etter meir. Du rekk heller aldri å bli lei. Du vil ikkje bruke meir enn mellom fem og femten minutt på ein stad, og dette sørgjer for at du aldri rekk å bli lei av noko som helst. Med mindre eitt eller fleire av punkta eg nemnde innleiingsvis skulle låse deg fast ei stund sjølvsagt.

Sjølv om spelet har sine nedturar, er oppturane så milevis framfor all konkurranse at det blir lett å tilgi. Det paradoksale er at Super Mario Galaxy 2 er så gjennomført og blankpolert at når du først møter eit element som ikkje får deg til å smile blir du praktisk talt sjokka. Sjokka, skuffa, lei deg, sint. Det skal berre ikkje vere sånn. Det blir som ein stor vegg du nett har gjort deg ferdig med å måle kvit. I det du står der og beundrar ditt talent for å måle med berre ein farge, ser du den; floga. Den eine floga som har sett seg fast i målinga midt på veggen. Brått er den flotte, kvite veggen gløymt, og alt du ser er det vesle insektet som ditt dalande intellekt presterer å gjere til universets sentrum. Heldigvis gløymer det den så snart du forlet rommet.

Vi har ein vinnar!

Power Up!

Sjølv om måling er eit høgst interessant tema, må vi ikkje gløyme ein av dei viktigaste ingrediensane i Mario-universet: «Power Ups». Vi trudde vi hadde sett dei i alle former og fasongar før, men i Super Mario Galaxy 2 får vi enda meir å kose oss med. Du kan til dømes bli ei bie. Denne bia kan fly gjennom lufta over korte distansar, eller klatre på honning du av og til finn langs veggen. Det er så søtt at eg får lyst til å gå i barnehagen igjen.

Eventuelt kan du bli Skybert, og lage skyer under deg. Dette er glimrande for å kome seg både oppover og framover. Kombinert med litt vind blir det heile spesielt interessant. Å bli om til stein-Mario er like artig, der du rullar over fiendane som ei bowlingkule. Nokre av dei stein-Mario-sentrerte nivåa bør forresten gjere Sega rimeleg flaue over kva dei har fått til med Sonic i 3D.

Eit anna element er ein liten fleirspelarfunksjon som let ein ekstra spelar bruke Wiimoten til å plukke opp krystallar på skjermen, som han i tillegg kan skyte på fiendar for å svimeslå dei. Det er ikkje store sakene, men litt hjelp kan kome godt med her og der.

Best av alt er likevel at Yoshi er tilbake. Etter Super Mario World er ikkje Mario det same utan Yoshi. Han er ein draum å spele med, og det er umogleg å ikkje glise så breitt at det gjer vondt i munnvikane kvar gong du hoppar opp på ryggen hans. Han kan ete omlag alle fiendar, samt bli om til ein ballong, eller ete ein hard pepar for å spurte framover som eit godt olja lyn. Kvar vesle ting introduserer nye mekanikkar som Nintendo i tur byggjer eigne nivå av.

Det einaste som plagar meg med alle desse tinga her er at det strengt tatt er for lite av dei, om enn så rart det skulle høyrest ut. Spesielt er det for lite av Yoshi. Mange nivå er heilt utan ein einaste «Power Up», noko som berre får deg til å lengte meir etter dei. Saknet etter Yoshi kvar gong han ikkje er på skjermen er ganske brutalt. Det er på tide at Nintendo lagar eit nytt spel berre om Yoshi. «Yoshi & Friends eat Magical Mushroms and Have a Jolly Good Time» kan det heite.

Den ekte skybert

Konklusjon

Eg skal innrømme at eg på eitt og anna tidspunkt har hatt lyst til å slakte Super Mario Galaxy 2 sunder og saman. Det er derimot dette vi kallar å bli fanga opp av dei små detaljane, og eit augneblinks frustrasjon. Som sagt innleiingsvis er ikkje Mario sitt siste eventyr perfekt. Det har sine skavankar, men desse skavankane blir når alt kjem til alt små og ubetydelege i det store biletet. Javisst har dette barnevenlege spelet fått meg til å banne på eit vis som ikkje passar for publikumet spelet er tiltenkt, men slike temperament er alltid forbigåande.

Du kjem deg alltid i mål. Til slutt får du det til, kjenner majestetisk glede velle over deg, og på reint instinkt kastar du deg inn i den neste utfordringa. Du klarar ikkje å la vere. Super Mario Galaxy 2 er så fullt av herlege utfordringar og fantastisk nivådesign at vi praktisk talt kan seie oss ferdige med sjangeren no. Kvar skal det liksom kunne gå herfrå?

Tek eg ikkje heilt feil kjem nok Nintendo tilbake om nokre år med svaret på akkurat det spørsmålet.

Siste fra forsiden