Anmeldelse

Army Corps of Hell

Dra til helvete, og ta demonane dine med deg!

Ah, helvete! Denne fagre stad der peisen aldri treng fyring. Dette estetiske vedunder som har inspirert så mange i så mange år. Det er ikkje til å leggje skjul på. Helvete er kult. Langt kulare enn himmelen og alle pysene som held til der.

Dette dødsriket har vore ein del av rockemusikken sidan starten, og her kjem spelet som prøvar å ta opp tråden der Brütal Legend slutta. Og det heile skjer til eit fantastisk lydspor fullt av hårete tungmetall.

Dette er altså deg, kongen av helvete.

Heavy Metal Thunder!

Du har stige i gradene sidan sist kjære ven. No er du kongen av helvete, og av ikkje heilt godt forklara grunnar står du litt på bar bakke. Det er ikkje stort meir igjen av deg ein eit magert skjelett, ei raud kappe, og nokre merkelege horn som nok kan påføre mang ein stakkar store smerter. Men nok om deg! Du er ikkje så viktig her, det er kva du gjer, eller får andre til å gjere som er grobotnen for Army Corps of Hell.

Her er du altså kongen i helvete og ein konge må sjølvsagt ha sine lakeiar. I ditt tilfelle er det goblinar. Ein haug med skrikande små fjottar som kostar like lite som dei er verdt. Etter kvart byggjer du opp ei rimeleg stor hær av desse krapyla, slik at du kan gå til krig mot det som måtte finnest av ting i helvete som ikkje er heilt einige i at du er kongen. Kort fortalt flyg du, den mektige kongen, rundt med ein solid bøling goblinar rundt seg. Når fienden dukkar opp sender du berre krapyla av garde og satsar på at alt går din veg.

Ein goblin er i og for seg er ganske verdilaus, difor vel du O heilage kongen av helvete å gje dei diverse eigenskapar som kan gjere dei hakket meir effektive på slagsida. Du startar med enkle soldatar som spring rundt med sverd, før du etter kvart oppgraderer til spydbærarar og magikarar.

Nøkkelen til suksess i spelet sine mange nivå er å sjonglere mellom desse tre krigartypane slik at du best kan møte ein kvar situasjon utan å miste for mange småkrek på vegen. For å oppnå det er det essensielt å forstå korleis dei tre typane er forskjellige. Soldatane forklarar eigentleg seg sjølv. Via ein sirkel siktar du kameraet inn på ein fiende, og så berre slepp flokken din laus heilt til fienden er daud. Eventuelt kan du vente til det er mange nok soldatar på fienden til at du kan utføre eit superangrep som stort sett drep det meste på første forsøk.

Slå på ring, slå på ring, slå kjærasten din om du vil.

Spydbærarane sender du på si side i smal linje mot fienden som ei pil. Dei har derimot ikkje superangrep, men er godt eigna til å ta seg av fiendar som er lengre vekke. Magikarane på si side skyt naturlegvis magiske kuler, og desse kan gå gjennom diverse hinder. Dette viser seg raskt å bli heilt essensielt sidan mange nivå er fulle av feller som gjerne svir både hud og hår av troppane dine. Heldigvis spår dette ikkje ditt endelikt sidan du rundt omkring på nivåa finn små bur du kan hente ut nye goblinar frå utan kostnad. Er du rask nok kan du i staden springe over falne goblinar for å vekkje dei til live igjen.

Tung, tung upolitisk rock

På ditt tokt for å fjerne alt som ikkje skulle verdsetje ditt vise styre vil det flyte mange bøtter med blod over eit noko deprimerande landskap. No kan det tenkjast at du ser på helvete i seg sjølv som noko depressivt, men det er verken skrikande syndarar eller høge flammar som gjer Army Corps of Hell litt deprimerande. Nei, det er vel heller den sørgjelege mangelen på nokon av delane. Du reiser rundt nede i dette liksomflammande infernoet og alt du gjer er å springe frå den eine plattforma til den andre for å kjempe mot det du måtte finne der. Du kunne like godt ha vore på månen, og ingen hadde tenkt seg om to gongar. Det einaste hintet om at du er ein plass der stygge folk likar seg er skjelettbruene som stig opp mellom nivåa etter kvart som du reinskar dei for avskum.

Det blir raskt uhyre mykje repetisjon, og sjølv om spelmekanikkane i seg sjølve absolutt klarar å underhalde deg, manglar gneisten. Du får alle midlar med ein gong, og så snart desse er utleverte skjer det ikkje så mykje meir.

Den einaste forma for progresjon kjem gjennom å sanke kroppsdelar som bein og musklar frå falne fiendar slik at du gjennom litt alkymi kan koke saman nytt utstyr for troppane dine. Dette blir etter kvart nødvendig i møte med dei regelrett massive fiendane som omsider dukkar opp, og det kan til og med bli naudsynt å spele om igjen eldre baner for å få tak i alt utstyret du treng. Du får ikkje erfaringspoeng eller noko slikt for å gjere dette, men om du du klarar å få ein platinum-medalje på oppsummeringsskjermen får du sjeldne og mektige gjenstandar som kan brukast i alkymien.

Storeslem trur han har noko å by på.

Hard Rock Halleluja

Det som verkeleg held deg gåande gjennom dei timane med lett underhaldning som Army Corps of Hell byr på er den hinsides feite musikken. Spelet pøsar på med alt du kan tenkje deg av rock, metal og alvorleg hårete heavy metal. Med sinte og morbide tekstar utlevert på sjelsetjande japengelsk er det umogleg å ikkje bli forelska.

Guddommelege strofer som «Hell is your paradise, and paradise is pain» blir frest ut av ei hes stemme medan hyperaktive gitarar speler solo om kapp med kvarandre. Til denne symfonien av galskap sender du dine undersåttar mot fienden, får blodet til å fosse som elvane under stormen på vestlandet jula 2011, og alt i verda blir riktig.

I tillegg er musikken herleg variert, sjølv om alt held seg godt innanfor metal-kategorien. Vi får alt frå hylande balleklemvokal, vidare til nokon som faktisk har solid engelsk utale, før vi endar opp med toppen av kransekaka: Japengelsk dødsvokal. Kan vi få det betre folkens?

Hakket mindre herleg er den visuelle presentasjonen. Dette er på ingen måte blant dei verkeleg pene lanseringsspela til PS Vita, og stort sett kunne det like godt ha vore eit PSP-spel. Det heile blir uhyre sterilt. Kvar plattform du flyttar deg over er lik den førre og er totalt blotta for detaljar. Figurane er enkle og sparsamt teksturerte, og det einaste som sørgjer for at spelet oppnår noko verdt å feste auga til er mengda av blod og krigande fantasibeist som endar opp med fylle skjermen til ei kvar tid.

Det einaste som eigentleg oppnår noko meir enn OK-status er sjefsbeista som no og då er både massive og har feit design. Spesielt ein enorm drage som sirklar rundt deg og spyr frå seg nokre eldkuler med jamne mellomrom ser svært bra ut. Samtidig er det noko lugubre og abstrakte designet på fleire av fiendane i spelet ganske festleg, der vi møter alt frå diverse absurde augemonster til tradisjonelle demonar med venger.

Slik kan det altså gå om du ikkje er forsiktig.

Konklusjon

Army Corps of Hell er eit ganske spesielt spel. Det er som ei pervers kryssing mellom Pikmin og Overlord, og resultatet når vel strengt tatt ikkje opp til nokon av delane. Når det er sagt må eg seie Army Corps of Hell har langt meir rå og brutal sjarme enn verken Pikmin eller Overlord. Denne fagre historia om vår iskalde konge som berre vil ta tilbake herredømet sitt, og utnyttar tåpelege goblinar for å nå målet sitt, kan få mangt eit hovud til å nikke i melankolsk samtykke.

Den heftige musikken sparkar deg godt der det eigentleg skal gjere vondt, og får deg såleis til å vakne opp litt, sjå rundt deg, og innsjå at helvete eigentleg ikkje er så ille.

Hadde det no berre vore eit litt meir variert terreng i denne delen av den teologiske sfære så kunne vi kanskje snakka litt høgre om reine og skjære kvalitetar. Army Corps of Hell har eit glimrande konsept og ei vakker framføring, men det blir alt for einsformig i lengda. Dei første timane flyg unna, men etter det blir det til at ein raskt vurderer å gjere andre ting. Trass smakfull metal med japengelsk balleklemvokal.

Siste fra forsiden