Tom Clancy er død

Forfattaren som har namngitt klassiske spelseriar blei 66 år.

Den respekterte forfattaren Tom Clancy døde i går på eit sjukehus i Baltimore. Dødsårsaka er førebels ikkje kjent. For mange er han best kjend for å vere forfattaren av bøker om spionasje og militærteknologi som til dømes Jakten på Rød Oktober og Overhengende Fare. I 1996 var han med på å starte spelstudioet Red Storm Entertainment, noko som blei starten på ei lang rekke svært suksessrike spelseriar.

Hos Red Storm Entertainment var Clancy med på å utvikle strategispel som Politika og Dominant Species, men det var første med det taktiske skytespelet Rainbow Six at Tom Clancy blei eit merkenamn i heimane hos spelentusiastane. I dette spelet var det ikkje nok å berre fyre laus alt du kunne, her hadde du eit lag du måtte gi taktiske ordre. Spelet blei ein gedigen suksess, og starten på ei lang rekke Tom Clancy-spel.

Skjermbilete frå Splinter Cell: Blacklist.

Kjøpt av Ubisoft

Etter suksessen med Rainbow Six enda det heile opp med at Ubisoft kjøpte Red Storm Entertainment i 2000. Kort tid etter gav dei ut Ghost Recon, og med det hadde Ubisoft to store skytespel som bar Tom Clancy namnet.

Etter Ubisoft-oppkjøpet har Tom Clancy sett namnet sitt på fleire storproduksjonar frå det franske spelstudioet. Blant dei aller største finn vi naturlegvis Splinter Cell-serien. Her møter vi spionen Sam Fisher, og denne serien har gått litt fram og tilbake dei siste åra mellom å fokusere på action og snikinga som gjorde det første spelet kjent.

Ubisoft har òg gjort grei suksess med strategispelet EndWar og flyspelet HAWX. Under E3-messa i juni kunngjorde Ubisoft sitt aller nyaste Tom Clancy-prosjekt; nestegenerasjonsspelet The Division, eit massivt nettskytespel der Amerika har blitt herja av ein utslettande epidemi.

Det er usikkert kor involvert Tom Clancy var i produksjonen av spela sine.

Les også: Anmeldelse: Tom Clancy's HAWX 2 Les også: Anmeldelse: Splinter Cell: Blacklist

Siste fra forsiden