Anmeldelse

Bastion

Ei unik perle med store ambisjonar.

Bastion er eit ekstremt vanskeleg spel. Ikkje utfordringsmessig, men forklaringsmessig. Å skildre den erfaringa det er å springe gjennom denne vakre og inspirerande verda er som å forklare kvifor du blir glad når sola skin. Det berre er slik, og ord blir litt fattige, men eg skal likevel gjere eit forsøk.

Det er ikkje alle spel som får dette til, men Bastion har den mest briljante og perfekte starten eg har vore borti på mange år. Du blir umiddelbart fengsla, og det er heilt utenkjeleg – og ikkje minst uaktuelt – å leggje spelet frå seg. Kvifor? Rucks, forteljarstemma som følgjer deg heile vegen gjennom dette stemningsfulle eventyret.

Du vaknar som så mange andre unge heltar i ei seng. Ei grov og bassfylt stemme gjer ikkje stort anna enn å konstatere dette unektelege faktum, men du verda som den stemma kilar sansane dine. Eit drygt sekund eller to seinare sit du berre og ventar på at noko skal skje, før du på impuls dytter analogstikka og får den vesle pjokken til å gå. Stemma er tilbake, den kommenterer no at du legg ut på ei reise, den skildrar scena, og den følgjer dine skritt. Du finn eit våpen, fortel stemma. Du tar litt av med å knuse ting, fortel stemma. Du merkar med eitt at stemma fortel deg kva du gjer, heile tida. Eit smil strekkjer seg frå øyre til øyre, og du let den suggerande musikken flørte med sansane dine.

Alle gode eventyr startar i det små.

Slik skal det gjerast

Forteljarstemma er ein monumental del av opplevinga. Den er noko av det mest unike og særprega Bastion har å by på, og eg trur ikkje det er mogleg å underdrive kor enorm effekt den har på spelet. Historia er tidvis vanskeleg å forstå fullt ut, i alle fall i løpet av første gjennomspeling, men den dreg deg vidare. Stemma dreg deg inn i spelet, og heile historia blir fortalt medan du gjer dine gjeremål. Den fortel om verda, hendingar og dine handlingar på ein måte som får eit lite og lineært spel til å framstå som mykje meir inkluderande og unikt enn enorme rollespel med fleirfaldige val.

Den smakfulle stemninga heng som eit teppe over eit spel som gjennom sine mekanikkar ikkje nødvendigvis gjer noko nemneverdig unikt, men det som blir gjort, er gjort svært bra. I essensen er dette eit måteleg tradisjonelt actioneventyr der du spring rundt i forskjellige fargerike område og drep fiendar medan du ser det heile ovanfrå. Gjennom den vanvittig nydelege og handteikna grafikken kan ein lett få eit inntrykk av at det er slik spel som Secret of Mana og Chrono Trigger hadde sett ut om dei blei laga i dag.

Grafikken er derimot ikkje berre til pynt. Verda fell på ein måte ned i fanget på deg, der bitar av verda fell ned frå himmelen og dannar vegen vidare. Stort sett er dette eit utelukkande lineært spel, så du veit heile tida kvar du skal, men denne måten å byggje opp verda framfor auga dine gjev deg verkeleg ei kjensle av at du er på ei oppdagingsferd der du aldri kan vere trygg på at du har fått med deg alt. Akkurat dette er spelet tydelegvis bevisst på sjølv, sidan forteljarstemma på eit punkt fortalte meg at: «Han gjekk tilbake for å sjå om han hadde oversett noko».

Spenstige kampar

Målet med det heile er å finne forskjellige steinbitar som vil byggje opp igjen Bastion – eit område som både fungerer som ein mellombase og samtidig er ei mystisk maskin – der du kan utruste deg med våpen og gjenstandar før kvart nivå.

Verda ved dine føter.

Vegen mot desse steinane er derimot fylt med mange beist i forskjellige storleikar og fasongar. Eit kvart actioneventyr med respekt for seg sjølv legg sjølvsagt stor vekt på kamp, og Bastion er ikkje noko unntak. Det spesielle med Bastion er derimot kor lett og umiddelbart det er å kome i gong med. Du har til ei kvar tid to forskjellige våpen tilgjengelege, og kvart av dei blir brukt ved eit lett trykk på våpenets respektive knapp. Spelet byr må mykje snadder å velje mellom, og du står temmeleg fritt til å velje mellom ei god samling skytevåpen og nokre få nærkampsvåpen.

Basisen er ekstremt enkel, men det er i den flotte variasjon og dei små elementa at den verkelege gleda finn vegen inn i kampane. Kvart einaste våpen er unikt og bringer noko eige til spelet, og om det ikkje var nok kan du oppgradere dei. Du kan i tillegg velje mellom to forskjellige oppgraderingar kvar gong du tek våpenet eit nivå vidare.

Dette gjev deg mykje rom for å spele slik du vil. Vil du ha meir skade, eller kanskje at våpenet skal få større rekkevidd? Det er opp til deg. Utfordringane du møter kan variere stort, så det kan vere nyttig å tenkje over korleis du set saman arsenalet ditt. I tillegg til dei to våpna du kan ha med deg får du eit skjold, og eitt av fleire forskjellige spesialangrep. Kombinasjonen av alle desse elementa gjer kampane til ei sann fryd. Sidan timing og presisjon kan snu ein kamp på hovudet gjennom motangrep og solid forsvar som sender kuler i retur.

Sjølv om kampsystemet er ei sann fryd, er ikkje kampane alltid like så. Det er paradoksalt nok gjennom dei mange kampane at spelet byrjar å vise svakare sider. Fiendane si årferd er ikkje alltid like kreativt designa som resten av spelet, og dette tærer litt på sidan ein lett kan få kjensla av å ha vanvittig mange leikety, men ingen god måte å bruke dei på.

Bastion er blant dei vakraste spela i nyare tid.

Fiendane gjer stort sett ikkje meir enn å samle seg rundt deg i stimar der all potensiell smart bruk av våpen og eigenskapar blir redusert til valdeleg knappetrykking. Det finnest definitivt velkomne unntak, og nokre fiendar let deg bruke våpna til det dei er gode for. Eigentleg er dette flisespikkeri, men det er verdt å nemne. Spelet sluttar ikkje på noko punkt å underhalde, men det er lett å merke at Bastion kunne ha vore enda betre.

Eit sant eventyr

Det er noko unikt og magisk over Bastion. Du får heile tida kjensla av at om du spelar litt til vil du sjå noko nytt, høyre nokre nye kloke ord frå forteljaren, møte ei heftig utfordring eller kanskje finne eit nytt våpen. Den fabelaktige musikken òg ei drivkraftig, der den blandar fleirfaldige stilartar og instrument frå mange kulturar, og skapar eit enormt behov for meir.

Du får aldri kjensla av å ta del i fyllmasse når du spelar Bastion, og det er tydeleg at det er ei meining med alt. Dette er noko som merkast godt på kvart nivå. Ingen av dei er spesielt lange, men regien er knallgod, og spelet maktar å kontinuerleg vise deg at alt du gjer fører fram. Meistringskjensla slepp aldri taket, og den toppar seg ved slutten av kvart nivå, når du får tak i ein ny stein, og kan restaurere enda ein bit av Bastion.

Desse bitane er i essensen forskjellige bygningar som blir nyttige på vegen. Vi finn eit arsenal der du kan byte våpen, eit destilleri som let deg utruste deg med forskjellige drinkar som gjev forskjellige bonusar, og fleire andre ting. Ein av dei mest interessante bygningane let deg slå på forskjellige idol som justere kor utfordrande spelet er om du skulle meine det heile er for lett.

Du kan gjere fiendar raskare, du kan la dei regenerere seg sjølv, eller dei kan gjere meir skade. Det er mange forskjellige måtar å auke utfordringa på, og dette har definitivt sitt å seie for kor artige kampane er. Desse blir derimot mest nyttige om du vel å starte spelet på ny etter at du er ferdig, då du kan starte med alle våpen og eigenskapar du slutta med på førre gjennomspeling.

Her kan du handle og gjere deg klar for neste tur.

Konklusjon

Bastion må spelast, ingen tvil om det. Det er eit sjarmerande og kreativt eventyr som grip om deg på uvanlege måtar. På den eine sida er det eit vakkert eventyr med ein nesten barnsleg grafisk stil. Det er leikent og uskuldig, men byr på mykje meir enn som så. Under blomar og fagre fargar ligg eit intenst og fascinerande spel med ei historie som er mørkare enn ein kanskje skulle tru.

Spelet fangar deg ikkje minst takka vere den eksepsjonelt gjennomførte forteljarstemma som på sett og vis introduserer ein ny måte å formidle ei historie på. Det er godt mogleg andre har prøvd liknande ting før – sjølv om eg ikkje kjem på noko i farta – men du kan vere trygg på at ingen har prestert å gjennomføre det så godt som Supergiant Games. Det som blir sagt, når det blir sagt, korleis det blir sagt, og ikkje minst kven som seier det er alle element som byggjer opp ei heilt unik stemning du ikkje vil gløyme.

Spelet handlar likevel om mykje meir enn berre dette. Bastion er eit herleg actioneventyr som underheld stort dei fem eller seks timane det tek å kome gjennom det. Fiendane kunne godt ha bydd på ei betre og meir krevjande utfordring, men det artige kampsystemet gjer stort sett opp for den mangelen.

Siste fra forsiden