Blizzard til sak mot kortkopi

Kinesiske Legend of Crouching Dragon fell ikkje i smak hos Warcraft-studioet.

Blizzard Entertainment

Med jamne mellomrom dukkar det opp saker der eit selskap går til søksmål mot eit anna av diverse grunnar. Tidlegare i dag kom det fram at Candy Crush Saga-studioet King.com rusla med sablane mot The Banner Saga-utviklarane Stoic. Grunnen? Ordet Saga kan skape forvirring.

Slik ser korta i Legend of Crouching Dragon ut.

Hakket meir logikk finn vi i eit nytt søksmål Blizzard har servert det kinesiske studioet Unico grunna kortspelet Legend of Crouching Dragon. Sjølv om namnet i seg sjølv sender tankane meir til filmen Crouching Tiger, Hidden Dragon enn til Warcraft-universet, er det sjølve innhaldet i spelet Blizzard reagerer på.

Blizzard sin original er ganske så lik.

Blizzard meiner det kinesiske kortspelet regelrett kopierer både estetikk og mekanikkar frå deira kortspel Hearthstone: Heroes of Warcraft. Dette fortel MMO-nettstaden MMOCulture i dag. Der kan vi og sjå ein video av det kinesiske kortspelet som gjer det ganske klart at likskapane mellom dei to spela er store.

Blizzard har saman med sin kinesiske partner NetEase saksøkt Unico for omlag ti millionar kroner.

Hearthstone i open beta

Det er ikkje berre dårlege nyhende i Blizzard-land i dag. Via Gamespot får vi vite at Hearthstone no er i open beta, og registrering skjer frå Hearthstone-nettstaden. Betaen ser så langt berre ut til å gjelde dei som bur i statane, og det ser ut til at vi må vente litt til på europeisk beta.

Vi tok ein kikk på spelet i fjor haust, og meinte det var eit spel med godt potensiale:

«Herthstone: Heroes of Warcraft eit spanande prosjekt for Blizzard. For første gong må selskapet bryne seg på eit gratisspel, og må finne balansen mellom kva folk er villige til å betale for og ikkje. Det tidlege inntrykket er at samlekortspelet kan by på ypparleg underhaldning ei stund, men eg er usikker påkor lenge grunnstammen i konseptet vil verke interessant.»

Om du er interessert i kortspel kan Might & Magic: Heroes-baserte Duel of Champions kanskje vere av interesse.

Siste fra forsiden