Det byrjar å skjerpe seg til i kampen om survivor-kruna no – ja, eg trur det er det vi no kallar denne typen spel inspirert av fenomenet Vampire Survivors. Ein kan nesten få inntrykket av at eit nytt spel dukkar opp kvar veke. Konkurransen er beinhard, og då gjeld det å ha noko eige å by på.
Achilles: Survivor byr på gresk mytologi. Her får vi gamle heltar frå Illiaden, monster frå Odysseen, og kjende område frå begge to. Det er lett å bli sugd inn av slikt om du er berre litt over snittet interessert i mytologi.
Som namnet seier, er Achilles: Survivor eit survivor-spel. I denne typen spel gjer du eigentleg ikkje noko anna enn å vandre rundt medan du prøvar å ikkje bli slått av fienden. Du har fleire våpen, men dei aktiverer seg sjølv, utan hjelp frå deg. Du startar med eit einsleg våpen eller angrep, og får gradvis fleire. For kvar fiende du drep får du erfaringspoeng, og med desse kjøper du stadig sterkare, villare og meir imponerande magi og angrep som du sjølvsagt kan oppgradere for å bli enda kvassare.
Der Achilles: Survivor skil seg frå konkurrentar som det særs nærliggjande norrøn mytologi-survivor-spelet Jotunnslayer: Hordes of Hel, er at det byr på mekanikkar plukka rett ut av tårnforsvarsjangeren.
Til Hades med deg
Ein viktig ressurs i Achilles: Survivor er stein. Med stein kan du bygge. På menyen står ulike former for tårn som kan hjelpe deg med å halde deg levande. Det er eit så enkelt konsept at det nesten kan kallast genialt. Når ein startar på eitt av dei mange bretta spelet byr på vil blå flagg bli tilfeldig plassert rundt omkring på kartet. Her kan du bygge. Nokre gongar har du flaks og får mange flagg i ei klynge slik at du kan utnytte situasjonen til det fulle til å bygge ein skikkeleg killboks, medan du andre gongar ikkje har fullt så mykje flaks.
Ved eit flagg kan du bygge alt frå fontener som spyr om seg med giftig vatn, økser som svirrar i sirkel, flammekastarar som skyt i alle retningar, og eit tårn som kastar lyn på fiendar over heile kartet.
Med unntak av ein verkstad der du kan kjøpe oppgraderingar til helten din er ikkje desse bygningane udødelege, og om du plasserer eit dyrt tårn midt i allfarveg der alle fiendane samlast, må du rekne med å sjå det gå tapt veldig fort.
Det er difor eit snev av strategi involvert i korleis ein plasserer desse tårna. Lyntårna gjer seg til dømes best i utkanten der du sjeldan går, medan oppgraderingsbygningen bør vere nær der du kjempar som mest. I tillegg er det tilfeldig kva tårn du får velje mellom på vart flagg, noko som bidreg til eit ekstra moment du må ta med i rekninga.
Heile dette tårforsvarelementet er Achilles: Survivor sitt aller sterkaste element. Utan dette hadde spelet kjapt drukna i konkurransen, men det å kunne forskanse seg og utnytte stasjonære våpen på denne måten gir spelet eit element og ein underhaldningsfaktor konkurrentane ikkje kan skilte med.
Alt ved det gamle
Resten av spelet er som dei fleste andre spel i sjangeren. Du styrer ein av fleire heltar, og låser opp fleire undervegs. Målet med livet er å kome overlevende ut på andre sida av klokka. Som regel har du 20 minutt på deg, og dei første er ulideleg trege. Utviklarane ber deg la vere, men gjer deg sjølv ei teneste og skru opp farten, det har uhyre mykje å seie for underhalndingsfaktoren.
Du samlar konstant inn erfaringskuler, og går stadig opp i nye nivå. Då får du oppgradere ei av kreftene dine, og med jamne mellomrom får du velje nye. Her og er det tilfeldig utval, og skal du oppgradere noko kan du vere heldig og få kraftige oppgraderingar som gir 20 prosent ekstra skade på alle angrep, eller du kan få ein stakkarsleg bonus på eitt av dei.
Akkurat her synest eg spelet er litt uoppfinnsamt. Både på det visuelle og det reint kreative. Menyane du vel frå er visuelt keisame, det meste ser veldig likt ut, og den sterke visuelle presentasjonen neste månads Jotunnslayer byr på, er milevis unna. Har du spelt sistnemnde kan du berre gløyme å få oppleve det infernoet det spelet byr på her.
Variasjonen av krefter er lav, og fleire krefter liknar litt vel mykje på kvarandre. Kor mange former for knivkast treng eg eigentleg? Kreftene utviklar seg etter kvart som du går opp i nivå, og ved ein eigen bygningar kan du etter kvart kjøpe oppgraderingar til det. Du får du kanskje dobla kor mange livsugande strålar du sender ut, eller dei beskyttande skjolda dine byrjar brått å brenne.
Dei fleste heltane er òg ganske like kvarandre. Dei har små forskjellar, men i stor grad går det ut på at dei har ulike startbonusar, og eit eige unikt angrep. I tillegg får kvar av dei ein ganske heftige eigenskap når dei har drept 5000 fiendar. Achilles blir omsverma av myrmidonar, Paris får hinsides med hjelp frå eit pileregn som nesten renskar skjermen for fiendar, medan Pythia kan få tilbake helse ved å stå i ro. Det er slike ting som gjer desse spela moro. Når du verkeleg får unike eigenskapar, og det er alt for lite av dei i dette spelet. Andre spel har heltar med ei rekke unike eigenskapar som gjer alle unike å spele, slik er det ikkje her.
Utanfor kampane får vi likevel robuste moglegheiter for å oppgradere heltane. Vi oppgraderer ikkje heltane deira direkte, men i staden generelle oppgraderingar alle tener på, samt oppgraderingar for dei individuelle rollene dei har. Av spesiell interesse er oppgraderingar som gir meir erfaring, og hentar inn erfaringskrystallar frå større avstand. Det er til stor hjelp, spesielt for å få fart på ting tidleg.
Tilfeldigheitene rår
Som med alle spel i survivor-sjangeren er det ingen fasit på kvar fiendane kjem frå. Dei berre dukkar opp utanfor skjermen og subbar mot deg i stødig tempo. Om du prøvar å kome deg unna vil brått kylopsgjengen du nett sprang frå dukke opp igjen frå andre enden av skjermen. Det er slik desse spela er, og det er ein del av moroa.
I Achilles: Survivor får vi eit ekstra element som gir deg meir å tenkje på. Karta er ikkje berre store, opne sletter. Her kan vi brått finne på å vandre rundt i Troja, mellom bygningar, over ei bru, og er du uheldige blir du innesperra i eit lite område der den einaste utvegen er ein smal passasje full av fiendar.
Det er dette spel i sjangeren treng meir av for at ikkje alle skal ende opp med å vere heilt like. Achilles: Survivor byr på ein solid bunke kart som alle byr på litt ulik geometri, men det stoppar eigentleg der. Dei fleste karta er visuelt nesten identiske, delt inn i kategoriar etter kva stad ein er, og eg hadde heller sett at utviklarane hadde skrota dei fleste karta til fordel for å lage færre, men meir unike kart. Etter ei stund blir det mykje brunt, og hakket meir visuell variasjon hadde verkeleg gjort susen for å bryte opp i den elles litt monotone visuelle presentasjonen.
Det er eigentleg litt snodig at det har blitt slik. Spelet baserer seg på fargerik gresk mytologi som har inspirert tusenvis av kreative folk i tusenvis av år, og resultatet er brunt. Med så mykje å ta av er det eit under at spelet ikkje byr på meir. Det gjeld òg musikken som stort sett er det same, litt intetsigande sporet som går om igjen uansett kva brett du spelar på, og kven du spelar med.
Konklusjon
Achilles: Survivor er eit underhaldande survivor-spel som har nokre gode idear. Eg elskar tårnforsvar, og det er på grensa til genialt å blande det inn i survivor-formelen. Det gjev spelet eit strategisk element andre, liknande spel ikkje har. Dei spela tapar ikkje på det, men dette spelet tener stort på å stikke seg ut litt, og gjere noko som får dette til å bli meir enn ei Vampire Survivors-klone med gresk drakt.
Resten av spelet er nøyaktig kva ein kan vente frå eit spel i denne sjangeren, og der byrjar konkurransen å bli hard. Achilles: Survivor er eit artig spel, og eg har svidd av fleire timar enn eg er komfortabel med, men eg saknar litt meir fjong over det heile. Det når aldri heilt det høgdene eg heile tida håpar å nå. Det blir ikkje fullt så eksplosivt og overdådig som ein gjerne vil det skal vere når du meiar ned endelause mengder av fiendar.
Det sagt, Achilles: Survivor er absolutt eit underhaldande og gjennomført stykke underhaldning for alle som veit å nyte litt automatisk kamp mot endelause bølgjer med fiendar.
Achilles: Survivor er ute no på PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows.