Catherine til Europa

Vi går ein varm haust i møte med erotikk og mareritt.

For mange er nok Atlus best kjende for dei flotte Persona-spela, men teamet bak den serien fann etter Persona 4 ut at det var på tide med ei lita pause. Resultatet blei det merkelege spelet Catherine, som blandar store moralske utfordringar med gåteløysing og brennheit erotikk.

I Catherine møter vi den unge mannen Vincent. Ein kjekk og oppegåande fyr skulle ein tru, men ting går raskt nedover. Når han søv endar han opp i ei merkeleg marerittverd der folk over tid blir til sauer, og for å unngå denne fyrktelege tilstanda sjølv, må han klatre høge tårn, stable klossar, og generelt sett bryne seg på frenetiske praktiske problem før ei stor hand kjem og dreg han ned i avgrunnen.

Livets store spørsmål.

Dette er berre eitt av ledda i spelet, når Vincent er vaken har han strengt tatt like store problem. To sexy damer – Catherine og Katherine – er begge ute etter å dele livet med han, og å sjonglere mellom dei blir ei av Vincents aller største utfordringar.

Eg fekk som smått testa Catherine på E3-messa i år, og det er ikkje lett å få ned i ord kva dette er for noko. Spelet framstår så abstrakt og uvanleg at det blir vanskeleg å kome med ei direkte samanlikning. Det næraste eg kan kome er dei sosiale elementa i Persona-serien blanda med den ekstremt utfordrande gåteløysinga eg allereie har nemnt.

Kor vidt Catherine nokon gong ville kome til Europa har så langt vore under sterk tvil, først og fremst sidan Atlus manglar distribusjon i Europa. No har derimot Deep Silver tatt på seg ansvaret med å sende det ut til butikkane seinare i år. Nokon nøyaktig dato er så langt ikkje kjend, men når den er klar vil du finne den i spelkalenderen vår.

Siste fra forsiden