Sniktitt

Dead Rising 3

Likhavet er tilbake, men denne gongen har du rakettar.

LOS ANGELES (Gamer.no): At Dead Rising har enda opp som eit brunt og «realistisk» spel kom neppe som ei bombe på nokon. Litt skuffande kanskje, i og med at serien frå starten av har blanda surrealistiske scenario og sprø humor og tidvise glimt av ramme alvor, men i ei tid der alle skal prøve å fange Call of Duty-spelarane, er det ikkje overraskande.

Vi har no lagt Frank West og Chuck Greene frå oss. Dei høyrer fortida til, og så mykje som ti år har gått sidan Greene sparka frå seg i Dead Rising 2. No reiser vi i staden til byen Los Perdidos, der Nick Ramos må overleve i eit nytt utbrot av zombier. Mykje har skjedd sidan førre spel i rekka, og mykje er annleis denne gongen, men den aller største endringa du kan vente deg frå Dead Rising 3 er at alt er veldig mykje større.

Byen vrimla av (u)liv.

Enorm by

Dei tidlegare Dead Rising-spela var delt opp i soner. Vi hadde kjøpesenter og uteareal som bestod av fleire separate område, og skulle du frå ein stad til ein annan måtte du gjennom ein liten lasteskjerm først. Dette er den mest umiddelbare endringa i Dead Rising 3. No møter vi eit enormt område utan ein einaste lasteskjerm der du kan gå fram ein stad til ein annan utan stopp.

Resultatet er et spel som umiddelbart ser ekstremt mykje større ut. Når den tidlegare mekanikaren Nick Ramos står på taket av ein liten bygning og ser utover, finnest det knapt grenser for kor langt inn i horisonten bygningar og zombier strekk seg. Det er så og seie eit hav av død og elende, og i denne flaumen av vandrande lik skal du ut på tur for å ha det moro.

Dead Rising 3 har kanskje fått ein keisam og uinspirert fargepalett, men innmaten ser absolutt ut til å vere av den same ulla vi kjenner og elskar. Nick kan hive seg inn i førarsetet på ein av dei mange bilane du finn i spelet, og køyre gjennom zombiehavet inntil lika set seg fast i hjula og tyngdekrafta tek over. Styringa på kjerrene blir påverka av fysikk, og er du riktig uheldig kan du fullstendig miste kontrollen om zombiene kjem om bord.

Då er det naturlegvis kjekt å ha eit solid arsenal av våpen å velje mellom. Utviklarane skryt over å ha hundrevis av våpen i spelet, og prosessen du må gjennom for å skaffe desse har blitt gjort mykje enklare. Frå trygge rom og våpenskap kan du hente fram igjen alle våpen du har laga tidlegare, og eit smart oppgraderingssystem vil gjere sjølve mekkeprosessen lettare. Som i Dead Rising 2 må du ha ei oppskrift når du skal lage eit nytt våpen, men du treng ikkje nødvendigvis følgje den på ein prikk.

Om du trudde Capcom ville tone ned blodsporuten tok du feil!

Ei enkel oppgradering når Nick har samla inn nok erfaringspoeng kan la deg bruke ein smørkniv i staden for eit sverd når du skal lage eit brennande sverd. Ved å låse opp ulike våpenkategoriar blir Nick flinkare til å kombinere våpen, og potensialet for at du etter kvart nesten kan bruke kva som helst for å i det minste laga noko effektivt er absolutt på plass. Ein kjekk bonus er sjølvsagt at våpen som er resultat av litt mekking varer lengre enn ting du berre plukkar opp på måfå. Går du lei kan du kaste alle våpen frå hofta.

Smarte løysingar

Capcom har gjort ei lang rekke svært spanande val under utviklinga av Dead Rising 3. Eit av dei meste interessante er korleis dei brukar SmartGlass-teknologien til Microsoft. Om spelaren har ein dings med SmartGlass-appen installert og aktiv, kan denne bli eit veldig viktig element i Dead Rising 3. På eitt tidspunkt i spelet vil Nick finne ein telefon. Denne telefonen vil då i effekt bli overført til dingsen du køyrer SmartGlass frå. SmartGlass vil vise menyen på ein telefon der du kan velje bakgrunn, kva appar som skal vere installert, og den kan til og med ta i mot telefonsamtaler. På tilfeldige tidspunkt kan telefonen din brått ringe, og ei stemme informerer deg om eit nytt oppdrag.

Har du ikkje SmartGlass blir desse oppdraga utilgjengelege, men dette er ikkje den einaste grunnen til å laste ned appen. Ved å utføre oppdrag du får gjennom SmartGlass kan du tene kodar som kan brukast for å låse opp skjulte område, eller kjøpe kraftige våpen som eit regn av rakettar.

Alternativt kan du bruke SmartGlass for å finne butikkar i spelet. Alt du treng gjere er å søkje etter til dømes våpensjapper, og SmartGlass vil vise ei liste over slike butikkar. Eit kjapt trykk seinare og ein markør på TV-skjermen viser deg kvar du skal gå.

Les også
Anmeldelse: Dead Rising 3
Av og til er litt fyr og flamme alt som skal til.

Utviklarane gir seg likevel ikkje der, når dei først lagar eit spel eksklusivt for Xbox One. Sidan alle som spelar Dead Rising 3 vil ha Kinect, har utviklarane bygd inn funksjonalitet for kameraet òg. Du kan til dømes rope for å tiltrekkje deg zombier, noko som kan vere ein god ide om du har lyst til å setje opp ei solid felle. Ein annan måte å bruke Kinect på er om du har funne andre overlevande i Los Perdidos. Sidan dei er meir sjølvstendige og ikkje fullt så pleietrengjande som tidlegare, kan du peike på skjermen og rope «angrip» for å sende dei i den retninga.

Mål og meining

I tidlegare Dead Rising-spel var overlevande eit problem du måtte kome deg gjennom. Du kunne gi dei våpen å forsvare seg med, men effektive var dei ikkje. Målet med dei overlevande var i hovudsak å ta dei med til ein trygg stad. I Dead Rising 3 har dette blitt endra på, og dei vil kjempe side om side med deg til dei eventuelt døyr.

Folk du møter har eigne historier og motivasjonar, og vil fungere som eit krydder som fyller ut den massive verda.

Mykje er nytt i Dead Rising 3, men mykje er ved det same gamle òg. Du kan framleis plukke opp mat for å fikse helsa, og du kan naturlegvis drikke deg full òg. Eg fekk i tillegg demonstrert eit noko flaut utval av klede som vitnar om at Dead Rising 3 vil ivareta ein solid porsjon av absurditeten frå dei tidlegare spela, sjølv om det totale inntrykket er eit hakket mørkare og meir alvorleg spel.

Eit fint pluss er at spelet byr på ein samarbeidsmodus der to spelarar kan spele saman over Xbox Live. Sjølv om dei to spelarane spelar ulike personar, vil all framgang du gjer i nokon andre sitt spel likevel telje med i ditt eige.

Splat stop.

Konklusjon

Ved første augekast ser Dead Rising 3 litt ut som eit generisk og lite minneverdig zombiespel, men det er før vi ser kva det har å by på. Det fargerike ytre serien er kjend for er kanskje borte, men spelet er likevel fullt av gode idear som kan skape eit fantastisk spel om alle brikkene fell på plass.

Vi får utforske ein enorm by som bognar over av detaljar og heilt tydeleg har kravd ei solid mengd arbeidstimar for å få fram. Her møter vi eit så massivt hav av zombier at det nesten er litt overveldande, men når ein får sjå alle måtane desse beista kan meiast ned på, endar vi opp med eit godt smil. Flammande sverd, ei portabel steinsag og rakettar som skyt ned frå open himmel er berre nokre av alternativa som står til din disposisjon.

Den solide bruken av SmartGlass som legg seg på topp av heile kaka er utan tvil ein lovande bonus.

Dead Rising 3 er lanseringstittel for Xbox One, og kjem i sal same dag som konsollen blir lansert i november.

Siste fra forsiden