Anmeldelse

Deathrow

Folk må vel gå lei av den kjedelege sporten vi ser på TV kvar dag. Eller så tenke vel i alle fall Southend Interactive då dei fant ut dei skulle lage Deathrow. Så kva gjer ein for å finne på noko nytt? Jo, ein fjernar alt som karakteriserar god sportsånd, og pakkar det inn i ei fjern framtid med dop, vold og stygg språkbruk øverst på plakaten.

Side 1
Side 2
Side 3

Har du nokon gong hatt ein drøm om eit spel der du kan kjøpe dop, bli tatt i pinlege sex-orgier, brekke ryggar over låret ditt og vise fingeren til folk? Eller kva med å skjelle folk ut til dei kjem i klynger for å vise deg kven som er sjefen? Det har ikkje eg, men etter å ha spelt Deathrow i nokre timar, er eg i ferd med å innsjå at det er dette eg alltid har drømt om. Innerst inne. Om du syns kritikken av innhaldet i Grand Theft Auto 3 grensa til det latterlege, blir det nok ikkje betre om dei moralske kritikarane får høyre om Deathrow. Så kva er eigentleg Deathrow? Det heile er latterleg enkelt. Du har to lag, kvart med fire spelarar. Du har ein disk, og eit rundt mål, som du skal skyte eller kaste disken gjennom. Enkelt. Men å kaste den disken i det andre laget sitt mål er ikkje alltid fullt så enkelt. Ikkje berre vil motspelarane dine gjere kva dei kan for å beskytte målet, dei vil gjerne slå deg helselaus i forsøket. Her kjem det strategiske elementet i Deathrow fram. Kva lag skal du velje? Kva spelestil som passar best til kvart lag er noko du må tenke nøye over. Det er stor forskjell på laga, og den same taktikken fungerar sjeldan for fleire lag.

Valet av kameravinkel kan og ha mykje å sei. Dette gjer du før ein kamp eller turnering. Dei to vinklane du har å velje mellom er "sports view", og "action view". I "sports view" får du eit standard kamera som svevar over spelarane og gir deg god oversikt. Min personlege favoritt, "action view", senkar derimot kameraet til rett bak deg, og kastar deg rett inn i dei kaotiske kampane. Du kan til og med sjå forskjellige kamera sveve rundt omkring på bana. Ikkje berre som pynt, men om du er uforsiktig kan du faktisk krasje i dei med disken eller spelarane. Disken du brukar er ein heilt spesiell ring. Om du held inne knappen før du kastar den, vil den lade seg opp for å få meir kraft. Om du held lenge nok før du slepp, og treff ein spelar, vil du få "deathrow". Dette vil sende det stakkars offeret til bakken med ein "kven lo sist"-lapp på ryggen. Om du ikkje er forsiktig derimot, og held knappen inne for lenge, vil den sprenge i henda dine og gi deg lappen i retur.

Galdvolden lenge leve
I Deathrow kan du velge å spele enten "single match" eller "conquest"-modus. I "single match" velger du laget du vil vere, og laget du vil spele mot. Du kan i tillegg velge om du vil ha reglar og kor lang kvar runde skal vere. I "conquest"-modusen skal du kjempe laget ditt til toppen gjennom fleire forskjellige ligaer. Du begynner på fjerdeplass, og når du har slått førsteplassen kan du gå vidare til neste liga. Mellom kvar kamp kan du trene spelarane dine på det du har tent. Kor mykje du tener per kamp kjem til dømes and på kor mykje skade du har gitt frå deg, og kor mange mål du skorar. I tillegg får du beskjedar mellom kampane. Eit døme på slike beskjedar er at du må betale dyre summar for å dekke over sex skandaler lagspelarar har vore innblanda i. Noko som eigentleg er litt rart sidan heile temaet i Deathrow på ein måte legg opp til at skandaler er ein fin ting. I tillegg får du meldingar om at nokon gjerne vil sponse laget ditt, eller at andre spelarar vil signere kontrakt med deg. Ein morsom detalj i Deathrow er alle reklameinnslaga før du startar ein kamp. Ein av favorittane er kanskje "Having troubles with angry mobs? Call 555 we nuke!"

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden