Demonar og humor i Disgaea 5

Det neste spelet i den strålande taktikkserien kjem neste haust.

Det sjette spelet i den noko absurde taktiske rollespelserien Disgaea får lansering i Europa neste haust, eksklusivt på PlayStation 4. Det får vi vite i ei fersk pressemelding frå utgjevaren NIS America. Disgaea 5 vil som dei tidlegare spela i serien by på klassisk japansk strategi inspirert av klassikarar som Final Fantasy Tactics og Fire Emblem.

I Disgaea-serien spelar du på ei rekke ulike nivå bygd opp frå eit rutenett, og hamrar laus på fiendane gjennom turbaserte kampar. Eit av trekkplastera til serien er korleis du kan byggje opp figurane dine nesten endelaust. Samtidig byr spelen på ei noko uortodoks og humoristisk historie der heltane er demonar framstilte via sjarmerande 2D-grafikk.

I Disgaea 5 har utviklarane hos Nippon Ichi lagt til ei rekke system for å gjere kampane enda meir underhaldande. Eit nytt alliansesystem vil la krigarane samarbeide om angrep om forholdet dei i mellom er godt nok. Dette sklir vidare inn i dei nye hemnangrepa som du får tilgang på om dine allierte har fått hakket for mykje pryl. Dese vil gje karakterane dine ein saftig bonus på ting som styrke og magi.

I tillegg vil du som før få rekruttere krigarar frå over 40 ulike jobbklassar og rasar.

Serie av stor kvalitet

Hemnen er søt.

Vi falt pladask for Disgaea-serien frå første gong i prøvde oss på dei demoniske utfordringane. Førre gong vi kika på eit Disgaea-spel var med Disgaea 3 i 2009. Det spelet imponerte oss stort med sine nesten endelause mengder moro:

«Om du er tilhengar av japanske rollespel, veit å sette pris på velanimert og gjennomført pikselgrafikk og likar tanken på eit nesten uendeleg spel, er Disgaea 3 eit røvarkjøp. Det krev mykje av spelaren, men om du klarar å grave deg ut av snøskredet med konsept og reglar som innførast i løpet av dei første par timane, blir du løna med tidenes djupaste konsollstrategispel.»

Skulle taktikaren i deg trenge nokre utfordringar i juletida kan det vere verdt å kike på nokre perler til andre plattformer enn PlayStation 4. Blackguards byr på solide mengder taktiske utfordringar, medan The Banner Saga, som er på veg til PlayStation 4, serverer vakre utfordringar i vikingland. The Banner Saga får for øvrig ein oppfølgjar neste år som i tillegg til PC, kjem på PlayStation 4 og Xbox One.

Siste fra forsiden