The Banner Saga 2 kjem neste år

Den vakre vikinghistoria held fram på PC og konsoll.

Stoic

Eit av spela som imponerte oss mest i året som har gått var The Banner Saga. Dette handteikna rollespelet frå BioWare-avhopparane i Stoic sende oss til ei verd på randen av kaos. Saman med eit vaksande følgje av krigarar og sivile la vi ut på vandring for å kome oss til tryggare land.

The Banner Saga blei ein solid suksess for Stoic, og arbeidet med det andre kapittelet i det som skal bli ein trilogi er i full sving. Under The Game Awards natt til laurdag fekk vi sjå dei første glimta frå spelet som Stoic i ei fersk pressemelding fortel vil kome til Windows, Xbox One og PlayStation 4 i løpet av 2015.

Taktikk og vanskelege val

Dette lovar ikkje bra.

Vi har førebels ikkje fått nokon konkrete detaljar om kva vi kan vente oss i The Banner Saga 2. Sannsynlegvis vil vi få meir av det vi fekk i det første spelet. Det vil seie turbaserte kampar på eit rutenett, samt utfordrande situasjonar der du som leiaren av eit reisefølgje må ta vanskelege val som kan få tunge konsekvensar.

Vi var i fyr og flamme då vi spelte The Banner Saga tidlegare i år, og klinka til med ni poeng:

«Kombinasjonen av å gå til krig med eit knippe kløktige krigarar, og å leie eit følgje folk og fe som aller helst vil overleve ein dag til er glimrande gjennomført. Du kjenner presset til ei kvar tid, og eg tok meg sjølv i å bite tenna saman hardt opptil fleire gongar medan eg inni meg praktisk talt trygla om å kome til ein ny by før eg mista for mange folk til hungersnaud.»

The Banner Saga er berre eitt av fleire spanande taktiske spel for tida. Nyleg blei Warhammer-spelet Mordheim lansert på Steam Early Access, og oppfølgjaren til årets strategiperle Blackguardskjem i januar.

Siste fra forsiden