25

Desse spela gler vi oss til i august

Denne månaden blir det mafia, gamle klassikarar, og overdådige eventyr frå det fjerne aust.

Mafia: The Old Country
2K Games

Sommaren er på hell, og sjølv om den for dei aller fleste i landet vårt var så hinsides varm at det meste av hjerneaktivitet blei paralysert i dagar, om ikkje veker, har vi likevel prestert å konsumere litt sommarunderhaldningar.

Juli starta herleg med konsollversjonen av det djupt engasjerande rougelite-strategispelet Against the Storm. Deretter fekk vi eit triveleg gjensyn med Tony Hawk's Pro Skater 3 + 4, og eit ublidt møte med Tamagotchi Plaza, eit av dei grellaste barnespela i nyare tid.

Difor gjorde det ekstra gode med nokre skikkelege oppturar med fantastiske Donkey Kong Bananza, og dinovania-spelet Primal Planet.

Men no, framover!

Mafia: The Old Country-trailer.

Mafia: The Old Country

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 8. august

I Mafia: The Old Country blir vi lova ei nøye regissert historie i eit lineært eventyr som tek oss med til Sicilia på starten av 1900-talet. I hovudrolla møter vi Enzo Favara, og følgjer hans reise for å bli ein del av ein kriminell familie. Utviklarane sjølve skildrar spelet som det næraste eit spel kan kome å vere ein klassisk mob-film, og lovar at dei har kokt saman ei historie med eit fargerikt og minneverdig persongalleri.

Mafia er ein serie med lang fartstid. Kalaset byrja heilt tilbake i 2002, og sidan då har vi fått tre spel i hovudserien, samt nokre utvidingar og mobilspel. I desse spela får vi leike oss som medlem av den italienske mafiaen, med alt det inneber. I Mafia: The Old Country blir vi lova eit autentisk og realistisk blikk inn i ei valdeleg, men vakker verd medan vi utforskar Sicilias undergrunn.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mafia: The Old Country

Gears of War: Reloaded-trailer.

Gears of War: Reloaded

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 26. august

Det er nesten sprøtt å tenke på at det er nesten 20 år sidan Gears of War dukka opp, landa med eit brak, tok ekstremt mykje plass, og sette alle konkurrentar på plass. Det går nesten ikkje an å overdrive kor stor påverking dette spelet har hatt på andre spel. I kjølvatnet av Gears of War skulle alle ha dekningsmekanikkar, og om du så var Capcom eller Naughty Dog henta du inspirasjon frå korleis Epic Games gjorde action i tredje person. Her på bruket var vi frå oss av begeistring, og klaska til med full pott, så det er klart vi gler oss til dette gjensynet:

«Eg har opplevd noko det er fleire år sidan eg i det heile kom i nærleiken av sist. Gears of War står ikkje på toppen av fjellet. Gears of War bygger seg eit palass på fjellet, og stiller seg på toppen av det i staden, med ein velplassert arroganse vi dessverre ser sørgeleg lite av elles.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gears of War: Reloaded

Metal Gear Solid Delta: Snake Eater-tittelsekvens.

Metal Gear Solid Delta: Snake Eater

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 28. august

Det er 20 år sidan Metal Gear Solid 3: Snake Eater blei lansert, og kva passar vel betre då enn eit gjensyn i ny og fenomenalt oppussa drakt? Her får vi det same klassiske eventyret, men med lekker grafikk og eit modernisert kontrollsystem som bør gjere det lettare enn nokon gong å kome i gong med denne legendariske serien som vi diverre har sett alt frå lite av sidan Hideo Kojima kasta inn handkledet og starta eit nytt og betre liv, langt borte frå Konami.. Vi elska spelet då det først kom på PlayStation 2, og rosa det opp i skyene:

«Metal Gear Solid 3: Snake Eater er eit kroneksempel på at eit spel med ei underliggande alvorleg handling, kan gjerast om til noko heilt anna om ein brukar dei rette verkemidla. Snake Eater er eit alvorleg spel, men også eit spel som byr på nye idèar, god spelbarheit og ei solid dose med voksen og genial humor som er betre enn den du finn i dei fleste filmar som prøvar å kalle seg for komedier.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metal Gear Solid Delta: Snake Eater

Lost Soul Aside-trailer.

Lost Soul Aside

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 29. august

Lost Soul Aside starta livet som soloprosjektet frå kinesiske Yang Bing, men har etter kvart fått så mykje merksemd at prosjektet har vakse i storleik, og blitt tatt under Sony PlayStations mektige venge. Spelet er eit actioneventyr med rollespelelement, og vi tek på oss rolla som Kaser, ein kjekk, ung mann som saman med ein skapning som kan gjere seg om til våpen og andre praktiske ting, legg ut på ei farefull ferd for å redde søstera si.

Kampane får mykje merksemd i Lost Soul Aside, og sjølv om hovudpersonen sjølv minnar ikkje heilt lite om Noctis frå Final Fantasy XV, er det spel som Devil May Cry som lettast skildrar kva vi har i venta. Her blir det pompøse og overdådige kampar mot eit mylder av heftige beist, med eit kampsystem utviklarane seier er lett å forstå, men vanskeleg å meistre. Kanskje endeleg eit actionrollespel fritt for Soulselement der altså.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Lost Soul Aside

Shinobi: Art of Vengeance-trailer.

Shinobi: Art of Vengeance

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 29. august

Det seier seg sjølv at det går ut over lynnet om ein finn landsbyen sin brent til grunnen, og alle folka i den omgjort til stein. Når nettopp dette skjer med shinobien Joe Musashi set det sjølvsagt i gong eit hemntokt utan like. Dette blir eit lekkert actionplattform-eventyr med handteikna stil frå folka som laga Streets of Rage 4, og her ser det ut til å bli stil og substans i like store doser.

Spelet lovar å by på mange visuelt slåande miljø som òg byr på stor variasjon. Her finn vi alt frå militærbasar til den brennheite ørken. Områda skal by på skjulte skattar og utfordrandre plattformsekvensar, samt mykje action med ei lang liste eigenskapar og kampteknikkar. Om du treng eit kjapt, sideskrollande eventyr der mykje skjer, og du bør halde tunga så beint i kjeften som mogleg, bør du halde eit lite auge ope for Shinobi: Art of Vengeance.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Shinobi: Art of Vengeance

Sword of the Sea-trailer.

Så mykje godt attåt!

Om du trudde Nintendo har tatt ferie sidan lanseringa av Switch 2, får du tru om att. I august kjem heilt to spel frå dei, der det eine er heilt nytt. Drag X Drive er eit snodig basketballspel der alle spelarane sit i rullestol. Hakket meir gjenkjenneleg er Kirby and the Forgotten Land, som no får ei Switch 2-oppdatering, samt nytt ekstramateriale.

Demon Slayer -Kimetsu no Yaiba- The Hinokami Chronicles 2 er det som best kan skildrast som eit animespel med mykje action. Om det ikkje er heilt di greie kan kanskje Gradius Origins vere eit alternativ, her får vi klassisk skyteaction som den vi kosa oss med før spel fekk lekker 3D-grafikk og høg oppløysing og slikt.

I Static Dread: The Lighthouse skal du få kjenne på korleis det eigentleg er å vere fyrvoktar i eit spel som lovar stemningsfull historieforteljing og byråkratisk speling, kva no enn det måtte bety.

Sword of the Sea er det nye spelet frå utviklarane bak Abzu og Pathless. Det lovar å bli eit vakker eventyr der du surfar gjennom magiske langskap på eit flygande sverd.

For å roe det heile ned litt kan vi tipse om at gardsliv- og handelspelet Story of Season: Grand Bazaar kjem for å gje alle som er hekta på Stardew Valley noko anna å gjere på.

Om det blir for roleg, kan du ta ein kikk på The Knightling, der du trer inn i rolla som ein væpnar som brått må bli den helten han så langt berre har vore tenar for. For meir action kan du sjekke ut det norrøne actionspelet Echoes of the End.

Alle sportselskarar som er lei av å drive faktisk sport utandørs, får òg noko å kose seg med i august, når EA Sports MAdden NFL 26 lanserast.

Til slutt tek vi tradisjonen tru med nokre spel som kjem til nye plattformer.

PlayStation gir slepp på herredøme over Helldivers II og Black Myth: Wukong, når dei to spela tek turen over til konkurrenten Xbox Series.

Til gjengjeld kan PlayStation-publikummet endeleg få glede seg over at Senuas's Saga: Hellblade IIkjem deira veg.

Metal Gear Solid Delta: Snake Eater

Siste fra forsiden