Feature

Spillutgivelser februar 2020

Desse spela gler vi oss til i februar

Store draumar og endelause mengder zombier står på månadens meny.

Montasje Gamer.no

Eit nytt år er godt i gong og det er lett å lukte at noko er i gjere. Dette året blir ikkje heilt som år flest, og det ser ein tydeleg på kva spel vi har i vente. Dei normalt godt pakka vintermånadane er i år som ein ørken, og dei store titlane uteblir fullstendig. Eit og anna spel finn vi riktig nok, som det mildt sagt skuffande Dragon Ball Z: Kakarot, men elles er denne vinteren prega av mindre kjende spel frå mindre kjende utviklarar.

At 2020 blir året der PlayStation 4 og Xbox One sender stafettpinnane vidare til PlayStation 5 og Xbox Series X har garantert mykje med saka å gjere. Med hausten kjem nye konsollar, og med nye konsollar kjem dei store, nye spela utviklarane har jobba med den siste tida.

Meir om det får vi håpe vi får vite ganske snart, men før den tid skal vi sjå nærare på kva 20-talets første februarmånad har å by på.

Zombie Army 4: Dead War

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 4. februar

På tide å slakte nokre tusen zombier.
Rebellion

Nokre ting ser ut til å aldri heilt sleppe taket. Fascinasjonen for vandrande lik med prekære behov for kjeveortopedisk behandling er ein av desse. Etter det som må ha vore ei suksessrik lansering av Zombie Army Trilogy, er no Sniper Elite-studioet tilbake med enda meir blod og gørre i Zombie Army 4: Dead War.

Sjølv om vi sende Zombie Hitler til helvete førre gong, betyr ikkje det at hordane med levande døde har tenkt å stoppe opp med det første. Utviklarane lovar samarbeid med heftige nye våpen, detaljerte skildringar av kroppsdelar som går i oppløysing, samt ein nesten sjølvsagd Horde-modus der poenget naturlegvis er så enkelt som å berre skyte og øydeleggje alt som rører på seg. Om det ikkje skulle vere nok får du byggje din eigen soldat du kan drepe zombier med.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Zombie Army 4: Dead War

The Dark Crystal: Age of Resistance Tactics

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One, Windows, Mac
Ute: 4. februar

Kampen for Thra er i gong.
En Masse Entertainment

Dette taktiske strategispelet er som namnet bør avsløre ganske tydeleg basert på Jim Henson og Brian Frouds fascinerande og vakre fantasyunivers The Dark Crystal. Spelet baserer seg både på den klassiske filmen frå 1982, og fjorårets Netflix-serie. Du skal ta på deg rolla som rasen gelfling-rasen i kampen mot dei grådige og gjennomført vondskapsfulle beista skeksis.

Utviklarane har henta inspirasjon frå dei japanske tactics-spela og gjev oss turbasert gameplay der du skal flytte figurane dine over eit rutenett, og velje neste trekk med omhug. Du vil få ta kontroll over ei rekke ulike figurar som alle har eigne styrker å by på, og du vil kunne skru dei slik du sjølv vil med ulike jobbklassar og utstyr før du sender dei i kamp mot skeksisane for å redde planeten deira frå den visse undergang.

Les også
Anmeldelse: Conan Chop Chop

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Dark Crystal: Age of Resistance Tactics

The Blind Prophet

Plattform: Windows
Ute: 5. februar

The Blind Prophet er eit tradisjonelt, men mørkt, eventyrspel.
Ars Goetia

Peik og klikk-sjangeren er framleis i live, men langt frå det den ein gong var. På 90-talet fekk vi herlege eventyrspel som Broken Sword og LucasArts-porteføljen i bøtter og spann, og nettopp slike spel tek det spanande nye eventyret The Blind Prophet inspirasjon frå. Her tek du på deg rolla som apostelen Bartholomeus, og du har blitt sendt på eit guddommeleg oppdrag til den syndige byen Rotbork.

Her skal du røske ut korrupte og syndige element, på di jakt på vondskapen som ligg bak alt som er gale i Rotbork. Det ein først og fremst vil leggje merke til med The Blind Prophet er ein distinkt visuell stil som får det heile til å sjå ut som ein mørk teikneserie for vaksne. Innhaldet i spelet ser ut til å bli deretter, og vi vil få servert tidvis grufulle episodar Bartholomeus må rydde opp vi ved å leite rundt i miljøa på tradisjonelt peik og klikk-vis.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Blind Prophet

Dreams

Plattform: PlayStation 4
Ute: 14. februar

Dreams blir noko heilt utanom det vanlege.
Sony Computer Entertainment

Det største spørsmålet rundt PlayStation 4-eksklusive Dreams er strengt tatt om det å kalle det eit spel viser det rettferd. Dreams kjem frå Media Molecule som tidlegare gav oss Sackboy i Little Big Planet-serien. Der stod kreativiteten i førarsetet, og det er noko dei har teke med seg til Dreams.

Dreams er meir for ei kreativ leikegrind å døme enn eit spel. Her har utviklarane laga verkty som skal la deg lage alt frå eigne spel, til skulpturar, filmar og musikk. Alt i ei og same pakke. Om du ser deg sjølv som eit lite kreativt geni som går rundt og ber på fantastiske idear til nye spel, kan Dreams godt vere den perfekte arenaen for deg. Alle dine kreasjonar kan lastast opp og delast med andre, og du kan leite rundt i det stadig vaksande biblioteket for å ta inn kreativiteten til andre spelarar. At Dreams blir noko heilt unikt, det er i alle fall sikkert.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dreams

Conan Chop Chop

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One, Windows
Ute: 25. februar

Conan er ute på nye og noko uvanlege eventyr.
Funcom

Heilt sidan Conan-lisensen hamna i fanget på Funcom er det mange som har venta på eit mørkt, brutalt og ikkje minst sexy actionspel der vi får får spele som verdas kanskje mest kjende barbar; Conan. Akkurat det ser det ut til at vi må vente enda lengre på, men i mellomtida får vi i alle fall endeleg og etter lang venting spele som Conan i det humoristiske actionspelet Conan Chop Chop. Her skal du aleine eller saman med vener knerte fiendar, og vi likte det vi såg då vi tok ein liten kikk på det:

«Slik hoveddesigneren bak Conan Chop Chop fortel det nølte Funcom opprinneleg med å ta sjansen på det noko useriøse spelet. Eg er imidlertid glad for at leiinga tok sjansen på å stille som utggjevar og låne bort Conan-lisensen, slik at vi får sjansen til å sjå ei lystigare side av det elles så gravalvorlege selskapet.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Conan Chop Chop

Ein solid retromånad

Det herlege sjukehusspelet Two Point Hospital kjem til konsoll.
Two Point Studios

Det er ikkje mykje nytt å hente i årets februar. Det meste har vi sett før, om det så er kort tid sidan, eller veldig lenge sidan. Eit ganske så ferskt spel er Darksiders Genesis som kjem til konsollar i februar etter ein kort periode utelukkande på PC. Det same gjer det heilt fantastiske sjukehusspelet Two Point Hospital som kjem til Xbox One og PlayStation 4. Dette spelet kjem frå fleire av veteranane som i si tid laga Theme Hospital, og er absolutt noko å sjå fram til.

Om vi tek eit mykje lengre hopp tilbake i tid finn vi nokre klassiske actionperler som får ein ny sjanse dette året. Først ute er ei samlepakke med Platinum Games-spela Bayonetta og Vanquish som sleppast til PlayStation 4 og Xbox One. Eit par dagar seinare får potensielt action-hungrige Switch-eigarar sjansen til å danse litt med Dante i Devil May Cry 3 Special Edition.

Capcom har meir snop å by på, og leverer i tillegg ei solid samling Mega Man-spel i Mega Man Zero/ZX Legacy Collection. Om du likar god action, men òg vil ha litt rollespel blanda inn i miksen kan Yakuza 5 Remastered til PlayStation 4 vere det du treng.

Eit heilt nytt spel får vi òg heilt på tampen av månaden, i det alle første spelet om One Punch Man: A Hero Nobody Knows.

Det var alt for denne gong. God speling og sjåast i mars.

Siste fra forsiden