Feature

Juni spel 2023

Desse spela gler vi oss til i juni

Nokre skikkeleg store og etterlengta spel ventar på oss denne månaden.

Våren er over og sommaren er offisielt her. Vi har nettopp lagt bak oss ein månad som har vore sterkt prega av at The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom endeleg blei lansert, og det blei særs godt motteke her hos oss.

Humanity var ikkje like vellukka, så vi brukte like godt tida på å sjekke ut det komande dinosaurspelet Exoprimal frå Capcom.

No skal vi derimot sjå framover, og hjelpe meg for ein månad vi har i vente. Storspela står i kø, og det er ikkje dine ordinære storspel vi snakkar om her. I juni får vi endeleg gleda av å spele nokre av dei mest etterlengta spela på mange år.

Det er berre å gjere seg klar.

Street Fighter 6

Ryu er alltid berdt til å dele ut litt pryl.
Espen Jansen/Gamer.no

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2. juni

Street Fighter er ein serie som har vore med oss omlag like lenge som vi har spelt spel, og er for ein institusjon å rekne. I Street Fighter 6 møtast gamle og nye kampkjemper til slåstkampar som aldri før, og Capcom har gjort ein grundig jobb for å gjere det heile litt meir tilgjengeleg. Vi tente skikkeleg på det då vi fekk prøvd det komande spelet for kort tid sidan:

«Eg er godt nøgd med å få til noko som helst i eit Street Fighter-spel. Slåstinga er hardtslåande, musikken råtøff og den visuelle stilen upåklageleg — alt dette, saman med velfungerande «netcode» og interessante mekanikkar kan vere det som gjer Street Fighter 6 til det beste spelet i serien, både for gamle og nye fans.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Street Fighter 6

Diablo IV

Nye eventyr til randen av helvete ventar.
Blizzard Entertainment

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 6. juni

Diablo-serien har sendt oss på demonjakt sidan 1997, og no er det endeleg klart for nye tokt. Her blir det meir mørke, nye heltar, nye monster og ei lang rekke utfordringar du kan bryne deg på aleine eller saman med andre. Vi har allereie fått sjansen til å teste spelet, og var godt nøgde med kva Blizzard har fått til:

«På mange måtar er det vanskeleg å gje ei endeleg vurdering av Diablo 4 på utgjevingsdatoen, ettersom dette er eit spel som er meint å spelast i årevis framover. Diablo 4 om to år kan være svært forskjellig frå det vi ser i dag (Diablo 3 var definitivt det). Men alt i alt er eg veldig positiv til spelet slik det er no. Historia er overraskande god, med solid stemmeskodespel, mange gode historier undervegs og ein antagonist som passar godt inn i spelserien.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Diablo IV

Aliens: Dark Descent

Gjer deg klar til å knerte etsande romvesen.
Focus Home Interactive

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 20. juni

Om du framleis er litt sår etter tragikomiske Aliens: Colonial Marines har eg berre ein ting å seie; det har gått ti år. Tida er no moden for å om ikkje tilgje, så i alle fall tillate at andre brynar seg på Aliens-universet. Det er nettopp det Tandalos Interactive har gjort. Med Aliens: Dark Descent prøvar dei å stake ut ein litt ny kurs for serien.

Her skal du ta på deg rolla som kommandant over ei gruppe soldatar. Tenk XCOM, berre at alt går i sanntid, og soldatane du tek med deg styrast som ei samansveisa gruppe. Du får detaljstyre ting her og der, og tida kan sakkast ned om det bli heilt krise, men vi blir likevel lova eit utfordrande spel. Soldatar kan døy, og då er dei borte for alltid. Om Dark Descent er spelet som får Aliens tilbake på arenaen gjenstår å sjå, men det er lov å håpe.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Aliens: Dark Descent

Final Fantasy XVI

Blir Final Fantasy XVI det beste Final Fantasy-spelet på lenge?
Square Enix

Plattform: PlayStation 5
Ute: 22. juni

Ein skulle kanskje ikkje tru det, men heile åtte år er gått sidan førre Final Fantasy-spel. Tradisjonen tru får vi eit radikalt annleis spel. I Final Fantasy XVI får vi kanskje det mørkaste spelet i serien, men vi vil framleis få ein god porsjon med tradisjonar attåt. Rekn med å møte på både ein moogle og chocobo eller to, før du kastar deg ut i kampar med spelets actionfylte kampsystem. Vi tok nyleg ein kikk på det, og fann mykje å sjå fram til:

«Kva er det som gjer eit Final Fantasy-spel til eit Final Fantasy-spel? Og har Final Fantasy XVI dette? Etter fire timar verkar det i alle fall som om mykje er på plass: ei storslagen og dramatisk historie, akkompagnert av et overdådig lydspor. Vi får massive og velkjente Eikons, magi og krystallar – akkurat som tidlegare.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy XVI

Ghost Trick: Phantom Detective

Ghost Trick er tilbake, forhåpentlegvis betre enn nokon sinne.
Capcom

Plattform: PlayStation 4, Nintendo Switch, Windows
Ute: 30. juni

Det er ikkje ofte vi tek med nyversjonar av gamle spel, men no og då gjer vi unntak. Ghost Trick er eit av dei. Grunnen? Det er eit genialt lite spel som alt for få fekk med seg for første omgang for heile 12 år sidan. I dette spelet tek du på deg rolla som ein fantomdetektiv og må finne ut korleis folk har døydd, på svært finurleg og engasjerande vis. No kjem det i flunkande nye innpakning, men her er nokre av våre lovord om originalen:

«Det som verkeleg stel showet er derimot dei mange nøtene du må løyse på din veg for å løyse kriminalgåta. Du møter alle tenkjelege problem, men ingen av dei er for absurde og abstrakte til at du ikkje kan finne ut av dei ved å bruke hovudet. Det er ein solid logikk forankra i alt du gjer, heilt uavhengig av kor rare situasjonane du står ovanfor skulle vere.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ghost Trick: Phantom Detective

Skrekk og rull

Katamari er noko skikkeleg tull, og det er difor vi diggar det.
Bandai Namco

Sommaren er over oss, og med det får vi ikkje like mange spel å sjå fram til som normalt. Spelutviklarar treng ferie dei òg. Det kjem likevel ein bunke nye spel denne månaden òg.

Om du likar turbasert roguelike frå Japan er kanskje Etrian Odyssey Origins Collection noko for deg. Her får vi tre spel til prisen av eitt. Meir rogue, om enn av lite-varianten får vi i det fargerike skytespelet Gunfire Reborn.

Noko heilt anna får vi i Pupperazzi, og ja, eg forstår det norske språket gjer denne tittelen litt utfordrande, men det er altså eit spel om å ta bilete av hundar.

Vi kan halde oss i det fargerike hjørnet ei lita stund, for vi har nokre spanande spel i vente. Først finn vi Park Beyond, eit spel der du skal bygge ein fantastisk fornøyelsespark med attraksjonar og karusellar og alt som høyrer med. Frå det hoppar vi direkte inn i We Love Katamari REROLL+ Royal Reverie. Denne serien var rimeleg stor for ein mannsalder sidan, og her skal du rett og slett starte i det små, rulle opp eit rom til det blir ein ball, før du rullar opp hagen, byen, landet, kontinentet, havet, andre kontinent, planeten, romskip, det går heile vegen til galaksen det her.

Blir det for teit kan du alltids denge ein ven eller to i Crash Team Rumble, spelet som gjerne skulle ha vore Super Smash Bros., men ikkje fekk lov.

Til slutt tek vi med skrekkspelet Amnesia: The Bunker, og taktikklassikaren Front Mission 2 som er tilbake i ny drakt.

Og med det er det berre å ynskje god sommar!

Siste fra forsiden