Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Det blir rock, action og mange utfordrande eventyr i haustmørkret.

Vi er i gong! Hausten er i full sving, og spela alle har venta på dette året har, eller er svært nær ved å lande i fanget på mang ein svolten gamer. September har gjeve oss ei rekke herlege opplevingar. I aller første rekke finn vi Hideo Kojima som igjen leverte Metal Gear Solid-varene med fantastiske Metal Gear Solid V: The Phantom Pain.

Hakk i hel finn vi årets FIFA 16, som demonstrerte at EA framleis veit å skru saman gode fotballspel. Frå Nintendo fekk vi kose oss med å lage Super Mario-brett i Super Mario Maker, medan vi på motsett side av skalaen fann det Wii U-eksklusive makkverket Devil's Third.

Om vi klatrar eit stykke opp igjen finn vi det sjarmerande PlayStation 4-plattformspelet Tearaway Unfolded, og ikkje minst heftig bilaction i Mad Max.

Det blir spanande å sjå om oktober kan ta spelverda til liknande høgder.

Rock Band 4

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 6. oktober

Rock Band 4 er tilbake slik vi kjenner serien.

I haust er det tid for at dei gode, gamle musikkspela vender tilbake, og først i rekke finn vi Rock Band 4. Igjen er det Harmonix som står ved spakane. Det er eit velkome gjensyn, sidan det var dei som skapte gitarspelfenomenet med Guitar Hero for ei årrekke sidan. Snart er det på tide å børste støvet av dei gamle plastgitarane dine for å bryne deg på nye låter, samt over 2000 gamle låter frå dei tidlegare spela. Espen meinte det var eit av dei beste spela han såg på E3 i år:

«Harmonix' rockestjernesimulator er omtrent akkurat den same som for fem år sidan – med litt ekstra snacks på sida – og det er kanskje nettopp difor gjensynet er så hyggjeleg som det er. Med på kjøpet får vi eit avsindig stort låtutval å laste ned og leike seg med, og etter eit par låter under årets E3 var eg solgt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rock Band 4

Uncharted: The Nathan Drake Collection

Plattform: PlayStation 4
Ute: 7. oktober

Kan ikkje seie nei til tre Nathan Drake-eventyr i ei pakke.
Sony Computer Entertainment

Til våren får vi det siste kapitlet i sagaen i eventyraren Nathan Drake, på PlayStation 4. Før den tid ser Sony sitt snitt til å samle alle spela i serien på ei plattform, om vi ser bort frå PlayStation Vita-spelet Uncharted: Golden Abyss. Dei tre hovudspela i serien har hausta ros og heder frå eit stort sett samla spelpublikum, og det er all grunn til å tru at ei oppussa samlepakke vil få god mottaking.

Les også
Anmeldelse: Tales of Zestiria

Det er Blupoint Games som har teke på seg jobben med å pusse opp spela, og dei har ikkje slått seg til ro med å oppgradere oppløysinga. I staden har dei gått over alle spela med fin kam og fiksa på både modellar, teksturar og diverse effektar. Resultatet lovar å bli eit solid, og ikkje minst penare gjensyn med den eventyrlege historia til Nathan Drake. Fleirspelardelen har derimot blitt kutta frå pakka.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Uncharted: The Nathan Drake Collection

Minecraft: Story Mode

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows, Mac, iOS, Android
Ute: 13. oktober

Denne gjengen vil gjerne utvide Minecraft-universet.
Telltale Games

Telltale Games har utfordra forteljartalenta sine på ei rekke ulike prosjekt opp gjennom åra. Med jamt over solid kvalitet har dei produsert episodiske spel basert på alt frå Jurassic Park til Games of Thrones og The Walking Dead. Deira aller ferskaste prosjekt er det noko snodige prosjektet Minecraft: Story Mode.

Her reiser vi til den firkanta Minecraft-verda på ein heilt ny måte. Tilsynelatande borte er dei kreative elementa som har fått herskarar verda over til å forelske seg i Minecraft. Tilbake sit vi igjen med eit episodisk spel der vi i rolla som mannen eller kvinna Jesse må slå oss saman med nokre vener for å redde verda og finne heltane i The Order of the Stone.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Minecraft: Story Mode

Assassin's Creed: Syndicate

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 23. oktober

London står for tur i neste Assassin's Creed.

Som om nokon hadde venta noko anna får vi eit nytt Assassin's Creed-spel i år òg. Denne gong reiser vi til London under den viktorianske tida, og møter ikkje berre ein, men to hovudpersonar. Jacob og Evie Frye er sysken, og byr på to litt ulike måtar du kan løyse utfordringar på. Jacob brukar gjerne nevane til litt rå makt her og der, medan Evie finn seg godt til rette i skuggane.

I vår sniktitt meinte vi London har eit potensiale til å bli ein herleg leikeplass, men at vi godt kunne ha fått ei langt større oppgradering av dei grunnleggjande spelmekanikkane. Vi får tru Ubisoft har lært etter fjorårets tekniske Assassin's Creed-fadese, og leverer eit solid produkt, elles trur eg vi stryk Assassin's Creed frå lista neste år.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed: Syndicate

Halo 5: Guardians

Plattform: Xbox One
Ute: 27. oktober

Halo 5: Guardians lovar å by på mykje heftig action.

Eit nytt Halo-spel er alltid noko å glede seg til, sjølv om vi har ein litt sur bismak i kjeften etter fleirspelarproblema med fjorårets The Master Chief Collection. I år er det derimot på tide med eit heilt nytt eventyr, og det ser absolutt ut til at 343 Industries har store planar for framtida til serien. Med ei todelt historie, ein ny hovudperson i tillegg til Master Chief, samt eit stort fokus på samarbeid er det vanskeleg å ikkje glede seg. Vi likte definitivt det vi såg då vi kika på det tidlegare i år:

«Spillet ser også umåteleg lekkert ut, med den sterke bileteeskarpheita ein forventar frå eit nytt Halo-spel. Det audiovisuelle er definitivt på plass. Lys reflekterast i blanke overflater, omgjevnadane dine eksploderar på tilfredsstillande vis, og skota gjev frå seg herlege små drønn når avtrekkjaren klemmast inn.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Halo 5: Guardians

Rock 'n Rollespel

Dragon Quest Heroes byr på ei solid dose action og fyrverkeri.

Om du trudde rockefoten fekk køyrt seg godt nok med Rock Band 4 får du tru om igjen. Guitar Hero er òg tilbake denne hausten med Guitar Hero Live, eit spel som byr på heilt nye instrument, samt ein presentasjon som skal skape ei kjensle av å vere på ei scene framfor eit ekte publikum.

Skating har lenge hatt sterke band til rockemusikk, og då passar det jammen godt at skatespela òg er tilbake i år. Tony Hawk er framleis ikkje lei brettet sitt, og tek oss med i ein ny runddans i Tony Hawk's Pro Skater 5.

Blir festen for vill kan det ende opp med ei natt på glattcella, og i Prison Architect får du sjansen til å byggje ikkje berre den, men også heile fengselet som ligg rundt den. Om dette blir for stilleståande kan du hive deg i ei kjerre for å svi litt gummi i WRC 5.

Vidare i oktober finn vi ei rekke spel som bør glede fans av fantasy og japanske rollespel. Den taktiske serien Disgaea er tilbake med Disgaea 5: Alliance of Vengeance. Bandai Namco byr på eit nytt eventyr i Tales of-serien, og freistar med Tales of Zestiria. Ved sidan av PlayStation 3-versjonen, blir dette det første spelet i serien som dukkar opp på PlayStation 4 og PC.

Square Enix vartar på si side opp med det fargerike actionspelet Dragon Quest Heroes. Dette tek figurar frå rollespelserien Dragon Quest, og blandar dei med gameplayet frå Dynasty Warriors-serien.

Vi avsluttar med eit hakket mørkare spel i fantasy-sjangeren. Er du Warhammer-fan kan godt mogleg dette rotteinfiserte og ikkje minst sterkt Left 4 Dead-inspirerte spelet Warhammer: End Times – Vermintide vere noko for deg.

Det var alt for denne gong. God speling.

Siste fra forsiden