Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Despotar skal fjernast, zombier skal slaktast og storslagne krigar skal kjempast.

Far Cry 6, Metroid Dread, Back 4 Blood og Age of Empires IV.

Kanskje er det ein trong flaskehals som er årsaka, kanskje er det berre ekstremt produktive og dyktige spelutviklarar, ikkje veit eg, men september har vore ein fantastisk månad for alle som er glade i spel. Ein enorm variajson har vi fått, og alt frå galskap i WarioWare: Get It Together! til dystre Xuan-Yuan Sword 7 har gleda oss denne månaden.

Desse spela er strengt tatt berre ytterpunkta. Vi har fått eit fantastisk gjensyn med Diablo II, den absolutte perla Kena: Bridge of Spirits, samt alt frå detektivdrama i Lost Judgment, japansk rollespel i Tales of Arise og rare tidsutfordringar i Deathloop og 12 Minutes. Det har vore ein saftig månad, og alt tyder på at oktober vil by på rikeleg med valuta for penga òg.

Vi hiv oss i det.

Far Cry 6

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Stadia, Windows
Ute: 7. oktober

Styggingen i Far cry 6 lovar å bli ei utfordring.
Ubisoft

Far Cry-serien har etter kvart fått godt med kjøt på beina, og med det sjette spelet i serien lovar Ubisoft enda eit digert spel å leike seg i. Vi skal til øynasjonen Yara der diktatoren Antón Castillo – spelt av bad guy-veteran Giancarlo Espesito – gjer livet surt både for innbyggjarane og deg. Spelet lovar store doser gladvald, og kanskje til og med ei spanande historie å følgje med på. Vi tok ein kikk på det for eit par månader sidan:

«Basert utelukkande på dei første tre timane av eventyret, framstår Far Cry 6 som eit veldig typisk Far Cry-spel, med alle dei lyter og gleder som høyrer til. Dette innebær at man kastast hodestups ut i skuddvekslingar, snikmord og revolusjon, og at man sakte, men sikkert bygger seg opp eit nettverk med rabagaster og nye ferdigheiter for å ta den lokale diktatoren av dage.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Far Cry 6

Metroid Dread

Plattform: Switch
Ute: 8. oktober

Samus Aran er endeleg tilbake i klassisk stil.
Nintendo

Om alt hadde gått etter planen ville Metroid Dread ha blitt lansert for mange år sidan. Spelet skulle eigentleg vere ein oppfølgjar til Metroid Fusion og kome til Nintendo DS, men slik blei det ikkje. Maskinvara klarte ikkje prestere det utviklarane ville oppnå, og dermed blei spelet lagt på is heilt til Nintendo allierte seg med Metroid: Samus Returns-utviklar MercurySteam for å puste nytt liv inn i den støle skrotten.

For første gong på over ti år kjem eit nytt Metroid-spel til storskjerm, og denne gong følgjer Samus Aran eit signal frå ein framand planet full av livsfarlege livsformer og mannevonde robotar. Her må ho i kjend Metroid-stil låse opp ei lang rekke spenstige våpen og eigenskapar for å hanskast dei mange utfordringane spelet garantert vil kaste mot spelaren.

Les også
Anmeldelse: FIFA 22

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metroid Dread

Back 4 Blood

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 12. oktober

Beste verkty mot zombier er balltre.
Warner Bros.

Left 4 Dead blei ein braksuksess for eit par konsollgenerasjonar sidan, der det blande masseslakt av zombier med uforutsigbart gameplay og sosial fleirspelarmoro. Mange år har gått sidan då, men zombier går openbert ikkje av moten, og mykje tydar på at publikum er klare for meir zombieslakt. Dei same utviklarane er tilbake denne gong, og lovar eit spel som gjer mykje av det same Left 4 Dead-spela gjorde, berre i ei ny og hakket kvassare innpakning. Vi tok nyleg ein kik på zombieslaktaren:

«Dette kjennest meir eller mindre som ein oppussa og nyare versjon av Left 4 Dead, og eg trur dei som likte dei spela også vil like Back 4 Blood. Nye fiendar å lære seg, nye område å kjempe seg igjennom og ei ny historie skal opplevast med tre andre vener.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Back 4 Blood

Guardians of the Galaxy

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Switch, Windows
Ute: 28. oktober

Starlord er klar for nye eventyr.
Square Enix

Om du ikkje blei heilt blåst av bana då Square Enix nyleg trakk sløret av Guradians of the Galaxy, er du ikkje aleine. Spesielt etter den ikkje heilt imponerande lanseringa av The Avengers har Square Enix si satsting på Marvel-spel sett seg nøydd til å tåle litt tyn. Vi tok derimot nyleg ein kikk på det komande Guardians of the Galaxy-spelet der vi fekk erfare at spelet har mykje meir å by på enn det kanskje først ser ut til, og vi kan ikkje gjere anna enn å gle oss:

«Sjølv om humoren er tørr, grafikken ikkje all verda å skryte av og det meste verkar hakket for upolert for sitt eige beste, har spelet også massevis av enkel sjarm og eit skikkeleg stilig kampsystem. Her denger og fyrer man laus på romvesen til den store gullmedaljen, og moglegheita til å kommandere andre figurar, låse opp nye evner og aktivere digg åttitalsmusikk med jamne mellomrom gjer at dette er noko eg gler meg til å sjå meir av.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Guardians of the Galaxy

Age of Empires IV

Plattform: Windows
Ute: 28. oktober

Age of Empire IV byr på klasissk strategi.
Microsoft

Age of Empires-serien starta si karriære i 1997 då Ensemble Studios slapp det første kapitlet i serien der du startar i det små, og gradvis utviklar deg gjennom fleire tidsepokar. Microsoft valde derimot etter kvart å stenge ned Ensemble Studios, og det såg difor lenge mørkt ut for den tidlegare så populære strategiserien.

No er den derimot tilbake, med dei erfarne strategane hos Relic Entertainment ved roret. Vi kan vente oss tradisjonelt gameplay der basar skal byggjast og soldatar skal produserast før ein går til krig mot maskina eller andre spelarar, medan ein stødig utviklar seg gjennom tidsepokar. Ved lansering vil spelet by på fire kampanjar, og åtte ulike fraksjonar. Blant dei finn vi både mongolar som kan flytte heile byar, og India som tek med seg krigselefantar i kamp.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Age of Empires IV

Ny konsoll? Ny konsoll

FIFA bringer fotballen til folket.
EA

Før vi går i gong med resten av spela vi ventar på i oktober er det absolutt på sin plass å ta med ei ørlita oppdatering til Nintendo Switch. Eller rettare sagt, ein ørlite oppdatert Switch. Denne månaden kjem ein ny OLED-variant av Nintendos konsoll, og sjølv om den på ingen måte vil yte betre enn forgjengaren, vil den i det minste gje dei som likar å spele på farta ei hakket betre oppleving. Vi andre får berre smøre oss med tolmod for å sjå om rykta om ein 4K-modell er sanne.

Som vanleg, kvar einaste haust sidan 1993 kjem det eit nytt FIFA-spel frå EA. Dei fotballglade vil få nye oppdateringar og spelelister å leike seg med. Om du treng meir adrenalin i kroppen og fotball ikkje er di greie, kan det godt vere at Riders Republic er meir di greie. Her skal vi køyre snowboard, sykkel og paraglider for å nemne noko, i ekstreme situasjonar.

Hakket meir lettbeint underhaldning får vi frå Super Monkey Ball Banana Mania. Denne pakka samlar i hop ein haug gamle Super Monkey Ball-spel, og lovar timevis med moro. Det same gjer Nintendo når dei lanserer Mario Party Superstars, ikkje overraskande det ferskaste tilskodet i den artige brettspelserien Mario Party.

Meir fargar skal det bli i plattformspelet Solar Ash, som kjem til oss frå utviklarne bak Hyper Light Drifter.

Det er derimot alt vi har tid til av farge og moro, for no skal vi rett inn i Nier-skapar Yoko Taro sin bissarre hjerne. Han er tilbake med nytt spel, og no prøvar han seg med ei blanding av kortspel og rollespel i Voice of Cards: The Isle Dragon Roars.

Dystert blir det garantert og i det tilsynelatande mørke eventyrspelet Jett: The Far Shore frå Sword & Sworcery-studioet. Samspelet mellom lys og mørke bli òg ein essensiell del i gjensynet med Alan Wake i, du gjetta det, Alan Wake Remastered.

Det er derimot ikkje det einaste gjensynet denne månaden sidan Crysis Remastered Trilogy lanserast på det meste av plattformer.

Det er oktober, månaden for skrekk, gru, og mi favoritthøgtid Halloween, og då passar det godt å avslutte med grøssarspelet The Dark Pictures Antholology: House of Ashes.

Med det takkar vi for oss i denne omgang. Nyt mørkret.

Siste fra forsiden