Anmeldelse

WarioWare: Get It Together!

Eit underhaldande angrep på sansane

Wario og gjengen er høglydte og masete, men innmari vanskelege å leggja frå seg.

Då eg var student, for fleire år sidan enn eg likar å tenkja på, var det Gamecube som var konsollen me tydde til i kollektivet mitt, for tidsfordriv, eskapisme og enkel vorspiel-moro. Ein gong inviterte eg ein studiekamerat heim til meg for å spela litt WarioWare Inc. før me skulle ut på byen. Eg trur me spelte i fem, kanskje opp mot ti minutt, før han utbraut: «Nei! Dette går ikkje! Det er for hektisk for meg!». Eller noko liknande. Me slo av og drog ut på byen heller. Uansett, om lag sånn er WarioWare ennå.

Eg blir nostalgisk av startskjermen til gode, gamle Gamecube
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Wario er i det heile ein figur som representerer spela sine veldig godt: Han er veldig mykje, han masar og bråkar og prompar og ler, heile tida på maks volum. Han kunne fort ha vore den onkelen du håpar ikkje skal komma i familieselskapet, om det ikkje var for at han var så sjarmerande, så underhaldande. WarioWare: Get It Together! er i grunn òg alt dette. Det er frykteleg hektisk, det er enkel toaletthumor, det er eit konstant angrep på opptil fleire av sansane dine. Det er alle fargane på ein gong, det er høg musikk heile tida, det skjer ting overalt på skjermen, og alt går så innmari kjapt! Og eg strevar veldig med å leggja det frå meg.

Kjappe, enkle oppgåver

Hovuddelen av WarioWare: Get It Together! består, som alltid i denne serien, av ultrakorte mikrospel, der du får ei i utgangspunktet simpel oppgåve som du skal utføra veldig kjapt og ut frå ein ofte nokså ordknapp instruks. Det kan vera instruksen UNPLUG, der du skal dra ut proppen i ein vask, eller PLUG, der du skal plugga igjen eit nasebor. Det kan vera MATCH, der du skal få to klokker til å visa same tid. Det kan til og med vera GUIDE, der du skal hjelpa Samus Aran i samanrulla «morph ball»-form med å komma seg til døra.

Felles for alle oppgåvene er at instruksen du får er såpass komprimert at du faktisk må både tenkja og sjå deg om for kjapt å skjøna kva du skal gjera, noko som krev at du er dønn fokusert kvar gong eit nytt spel startar. Følgjer du ikkje med frå starten av, er spelet over før du har fått sukk for deg.

Den store klokka skal samsvara med den vesle klokka
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Såvidt meg bekjent har noko à la det ovannemnde alltid vore oppskrifta i WarioWare-serien, men denne nyaste utgåva har ein vri som gir hakket meir wariasjon (orsak!) i gameplayet. Tidlegare var kvart mikrospel som eit uavhengig brett, eller som om du for nokre sekund hoppa inn i eit anna spel, der du så direkte styrer eit eller anna i det spelet. Dette var kanskje litt krøkkete forklart, men bær over med meg, så gir det straks meir meining: I historiedelen av Get It Together! samlar du nemleg saman ein gjeng med figurar – stort sett kjente ansikt for WarioWare-connoisseurar, om slike finst. Og det er desse altså figurane du styrer i kvart mikrospel, for slik å utføra oppgåva du får via denne figuren, ved å dytta eller hoppa eller skyta eller kva det nå enn skulle vera. Forskjellen er altså at der du tidlegare styrte mikrospelet i seg sjølv, bruker du nå ein figur til å manipulera det som manipuleras skal.

Variert figurgalleri

Desse figurane har alle ulike styremåtar og unike eigenskapar, som igjen gjer at måten du speler kvart mikrospel på, varierer ut frå kva figur du speler med. Nokre figurar kan ikkje røra på seg, men kan heller kasta ting. Andre rører seg konstant og er ikkje i stand til å stoppa. Andre igjen kan teleportera, eller forflyttar seg ved å spruta vatn i motsett retning av dit dei vil. Alt i alt er det 18 ulike figurar, og sjølv om eg set veldig pris på den variasjonen dei gir spelet, er dette kanskje hakket for mange? Fleire av dei har eigenskapar og styremåtar som kanskje er i overkant like, og enkelte av dei unngår eg å spela med så langt det er mogleg, rett og slett fordi eg ikkje likar styringa deira. Når det er sagt, synst eg stort sett heile dette figurkostebinderiet er eit veldig fint og nyttig innslag i serien.

Jimmy T er for cool for meg
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Eg nemnde så vidt historiedelen: Det tar ikkje stort meir enn ein time og to å gjennomføra denne, og den er vel eigentleg mest meint som ein måte å introdusera dei ulike figurane på. Kvar av dei har nemleg sitt eige brett, med sitt eige tema, der du må komma deg gjennom eit gitt tal mikrospel samt ein boss for å opna vegen vidare til neste figur og brett. Her må du bruka den figuren som høyrer til det spesifikke brettet, samt eit par-tre andre figurar som du vel sjølv, og så sirkulerer du tilfeldig mellom desse for kvart mikrospel.

Historiemodusen er ein finfin måte å gjera seg kjent med korleis figurane fungerer på, samt ei heilt ålreit underhaldande historie om at spelet Wario har laga er fullt av bugs, og at han og venene hans må rydda bugsa ut av vegen, slik at spelet skal fungera igjen.

Mikrospela er kjernen

Her ser det ut som Luigi fann Wario, men det var faktisk Wario som fann spøkelset FOR Luigi, eg lovar!
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Men det er på mange måtar når du er ferdig med historia, at spelet verkeleg startar. Undervegs opnar du nemleg ikkje berre opp nye figurar, men òg nye spelmodusar, både av einspelar- og fleirspelar-art. Dei fleste av desse har òg mikrospela som kjerne, om enn med litt ulik innpakning, men litt anna smått er det òg her, som ein balltrikse-modus og ein slags tennis-/volleyballvariant. For meg er mikrospela sjølve hjarta av WarioWare, og alt som ikkje involverer dei, synst eg eigentleg fort blir litt keisamt, men det skadar nå ikkje at dei er der.

Du opnar òg etter kvart opp Wario Cup, ein online-modus som byr på nye utfordringar kvar veke, og der du blir rangert opp mot andre spelarar rundt i verda. Eg kan i skrivande stund ikkje seia sikkert kor mykje desse vil variera, då eg av naturlege grunnar berre har prøvd éi utfordring. Denne gjekk i alle høve ut på å spela gjennom så mange mikrospel eg klarte, med stigande vanskegrad utover, og med eit figurgalleri av eige val. Her får figurane poeng ut frå ein formel som ser ut til å basera seg på kor vanskeleg den enkelte figur er å bruka i akkurat den spesifikke utfordringa. Eg er spent på kva denne modusen vil by på i framtida, for dette er nok det eg har spandert mest tid på så langt.

Wario er så sjukt nesevis
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Dei nemnde poenga som kvar figur får her, kan du etter kvart påverka ved å gi figurane presangar. Alt du gjer i spelet, gir deg nemleg ein viss sum myntar. I første omgang bruker du myntane på "continues" i historiemodusen, for å sleppa å starta eit brett heilt på nytt – eller sparer dei, om du heller vil det. Men når du er ferdig med slikt, kan du altså bruka spenna på presangar. Det finst eit heilt drøss av «Prezzies» med varierande grad av sjeldanheit, og figurane reagerer på ulike måtar ut frå kor godt dei synst presangen passar dei personleg. Heldigvis har kvar figur ein liten tekst som kjapt oppsummerer kven dei er og kva dei likar, så du jobbar ikkje heilt i blinde her – eg blei ikkje spesielt overraska over at Wario sjølv blei aldeles henrykt då eg ga han ein do. Jo fleire presangar dei får, og jo betre dei likar det dei får, jo meir levlar dei opp, og jo fleire poeng får du ut av dei i Wario Cup.

Konklusjon

Du kan kjøpa presangar til figurane for å levla dei opp
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

På ein måte er eg litt overraska over kor godt eg likar WarioWare: Get It Together! Eg er generelt ikkje så veldig glad i hektiske spel som krev at eg er på heile tida. Men så er det kanskje akkurat det: WarioWare krev eigentleg berre at du er veldig på i nokre få sekund om gangen. Det er ikkje snakk om verken millimeterpresis sikting, lynraske reaksjonar eller kompliserte knappekombinasjonar. Nettopp det at oppgåvene er så simple, men likevel varierte som dei er, gjer at det er veldig lett å la seg riva med av den gode, gamle «berre eitt forsøk til»-bølgja, fordi du veit at sjansen er toleleg stor for at neste gong får du til det du ikkje klarte sist. Og når du først har klart dét, er du jo uansett så godt i gang, så då tar du éin til.

Historiemodusen er jo som nemnd veldig kort, og for mange vil nok fleirspelardelen etter kvart vera sjølve brøddeigen i dette spelet. Dei ulike fleirspelar-variantane gir deg litt ulike innfallsvinklar til det heile, men i stor grad går det meste ut på nettopp det som alltid har vore kjernen i WarioWare: Kjappe, enkle mikrospel som fangar deg inn med lyd, fargar og enkel humor. Heldigvis er det akkurat det eg er her for! Så om du og venene dine er glade i hektisk og korttids-konsentrasjonskrevjande sofa-fleirspelar, kan de fort ha ein aldri så liten vorspiel-hit her.

8
/10
WarioWare: Get It Together!
WarioWare: Get It Together! er hektisk moro som eg strevar veldig med å leggja fra meg.

Siste fra forsiden