Kommentar

Ikkje-E3 2023 – PlayStation

Var det alt, Sony?

Med medvind i ryggen hadde vi håpa Sony slo hakket sterkare på stortromma i år.

Privat, Sony, montasje Gamer.no

Onsdag kveld kickstarta starta Sony perioden som tidlegare var kjent som E3. Spelmessa er kanskje avlyst for i år (og kanskje for godt?), men det hindrar ikkje dei store aktørane frå å ville vise fram kva vi har i vente i tida som kjem. Formatet har derimot endra seg mykje. Der vi før fekk ei høgt konsentrert samansetjing av pressekonferansar frå ei rekke ulike konsollprodusentar og utgjevarar, får vi no stramt regisserte trailerfestar fulle av info spreidde utover fleire veker.

Stram regi var i høgste grad tilfelle for Sonys presentasjon i går kveld. Her fekk vi godt og vel ein time med korte innblikk i ei lang rekke spel servert i eit skyhøgt tempo.

Kanskje litt vel høgt. Etter det heile er over slit eg med å hugse kva eg eigentleg såg. Mykje gjekk i eitt, og avgjersla om å ikkje vise tittelen på noko som helst før dei aller siste sekunda trur eg verkar mot si hensikt. Eg hadde ikkkje hatt sjangs til å hugse kva namn som høyrde til kva om eg ikkje hadde ei liste å forhalde meg til.

Vi får ei lang rekke smakebitar, men for lite info. For lite gameplay, for få grunnar til å faktisk sjå fram til det vi fekk sjå.

Litt tafatt

Rekk opp handa alle som gler seg til Spider-Man 2.

Det er sjølvsagt store forventningar til Sony i år. Dei har hatt enorm suksess med PlayStation 5 så langt, og dei har levert ein bunke fantastiske spel frå sine interne studio. Difor er det litt lett å trekke på skuldrane over det vi fekk sjå i går. Kvar er dei store titlane? Kvar er smakebitane som skal få oss til å glede oss stort til kva som kjem lenger fram i tid?

Mykje av problemet kjem frå utydeleg markering. Jaudå, alt kjem til PlayStation, men den vande utbasuneringa om kor eksklusivt noko er uteblei. Ein blei sitjande og lure på om det vi såg var berre for PlayStation, eller berre vist først på PlayStation. Det heile blei enda litt svakare av at Xbox kort tid etterpå tvitra eit bilete om 12 spel på veg til Xbox, alle spel frå Sonys presentasjon, inkludert store titlar som Metal Gear Solid, Assassin's Creed og Dragon's Dogma II.

Så kva viste eigentleg Sony i går kveld? Vi fekk våre første glimt frå Fairgame$, det første spelet frå Haven Studios. Ved første augekast ser det ut til å bli eit spel der dei rike skal knusast i fridomens teikn, gjerne av folk som brukar meir tid framfor speilet enn på å forstå verda rundt seg, noko som er litt ironisk all den tid Sony ler heile vegen til banken akkurat no. Om overmakta skal knusast, er ikkje teknisk sett Sony overmakta, eller?

Vi fekk seinare ein tittel og ein intetsigande trailer frå eit spel som heiter Concord, men ingen informasjon om kva vi faktisk har med å gjere. Det er lett å spørje seg kva poenget med slikt er, og tankane går tilbake til Microsofts State of Decay 3 trailer. Ein tittel og ein video som ikkje ein gong hintar om kva spelet går ut på gir meg ingen grunn til å bli gira.

Marathon frå Bungie kunne raskt ha vore unntaket, men utan noko som på nokon måte kunne minne om gameplay, og sidan det òg kjem til Xbox er det litt vanskeleg å ta dette som det heilt store trekkplasteret for PlayStation 5, og berre PlayStation 5.

Nokre solide høgdepunkt fann vi likevel. Endeleg fekk folk sjå kva vi har i vente frå Spider-Man 2, og det ser ut til å bli ein skikkeleg actionfest. Med heftig og akrobatisk action i store område ser det ut til å bli farleg nært eit spel som gjev deg kjensla av å vere midtpunktet i ein film. Med tanke på at det første spelet selde over 33 millionar kopiar, må det vere lov å seie sjansen er stor for at dette vil drive enda fleire PlayStation-konsollar frå hyllene.

Spanande frå tredjepartane

Phantom Blade Zero var eit av høgdepunkta.

Sjølv om Sony sjølve ikkje viste seg frå si sterkaste side denne gongen, bydde dei på mange spanande glimt inn i kva som kjem til PlayStation. Samuraiactionspelet Phantom Blade Ø briljerte med kveldens kanskje beste trailer, og Square Enix diska opp med enda ein lekker Final Fantasy XVI-trailer før spelet lanserast neste månad. Ikkje fullt så imponerande var det nye Square Enix-spelet Foamstars, eit spel som ser ut til å bli nesten ein blåkopi av Splatoon, berre med skum i staden for blekk.

Vi fekk endeleg avslørt nyversjonen av Metal Gear Solid: Snake Eater, og fekk sjå våre første glimt frå Assassin's Creed Mirage. Ein personleg favoritt var dei første glimta frå Dragon's Dogma II, eit spel som ser ut til å by på meir av akkurat det vi elska med det første spelet.

Utover det fekk vi ein bunke spel frå meir eller mindre kjende studio. Remedy viste fram Alan Wake II, CyGames kom omsider med eit sånn ca tidspunkt for sitt JRPG Granblue Fantasy Relink, og Sword of the Sea frå folka bak Journey ser ut til å by på meir av det gjengen tidlegare har produsert

Det var mykje fint å sjå, fleire interessante spel, inkludert eit knippe lovande PSVR 2-titlar. Likevel, det er lett å sitje igjen med ei kjensla av at dette ikkje var så frykteleg mykje å skrive heim om.

Ny maskinvare

Project Q er ein strøymedings for PlayStation 5.

På tampen av sendinga kom likevel ei spanande overrasking. Project Q er ein ny dings for å strøyme innhald frå PlayStation 5. Den kjem i form av ein PlayStation 5-kontroller som har fått ein diger skjerm på åtte tommar plassert mellom handtaka. Den ser unekteleg ut som eit spanande alternativ til andre produkt, spesielt sidan komforten mest sannsynleg blir temmeleg god. Dei av oss som slit litt med storleiken på til dømes Switch i portabel form har forhåpentlegvis noko å sjå fram til.

Spørsmålet er sjølvsagt pris. Om denne kontrollaren med skjem berre kan strøyme spel frå PlayStation 5, og ingenting anna, er nødvendigvis bruksområdet litt avgrensa. Kva folk er villige til å betale for noko slikt er difor det store spørsmålet. Den ser ikkje akkurat billeg ut.

Sony kjem òg med eit nytt sett øyreproppar til PlayStation 5 som lovar HD-lyd og ekstra høg innleving. Å fylle dagen med speling bør no bli ei smal sak uansett kor mange timar du brukar på do kvar dag.

Dette var i grove trekk det Sony hadde å by på, og eg hadde æreleg talt håpa på meir. Det var ingen av dei nye avsløringane som umiddelbart sto fram som store høgdepunkt. Eg veit ikkje heilt kva det er meininga eg skal sjå fram til akkurat no. Presentasjonen gav litt av dei same vibbane vi har fått frå Microsoft dei sista åra. Jaudå, det ser fint ut, men kvar er stortitlane? Kvar er spela som får alle til å prate? Kvifor siklar eg ikkje? Kvifor går eg ikkje rundt i lykkerus og fantaserar om det eg fekk sjå? Det får meg til å sakne det gamle formatet med pressekonferansar og korte presentasjonar av spela der alt får litt meir tid, litt meir kjærleik i staden for dette samlebandet med innhald.

Det er framleis nokre veker til Microsoft skal vise fram kva dei har brygga på det siste året, men eg har ingen grunn til å tru dei skjelv i buksene akkurat no.

Les alle nyheitane om spela som vises no i sommer »

Siste fra forsiden