Anmeldelse

Tales of Arise

Eit spel som kveler seg sjølv

Med ei god historie kunne Tales of Arise blitt eit av årets store spel.

Det har tatt si tid, men endeleg har Tales of-serien teke eit stort, og ikkje minst livsnødvendig steg framover. Serien hadde fullstendig stagnert, og eg må innrømme eg tvilar på om eg hadde vore villig til å bruke meir tid på den om ikkje utviklarane gjorde nokre drastiske grep. Den billege grafikken som knapt hadde utvikla seg på fleire generasjonar, ein gameplayformel som var så og seie identisk frå spel til spel, samt historier som mangla noko å seie drog serien ned, steg for steg.

Det vi får no, fire år sidan førre spel, er noko heilt anna. Nesten alt det gamle er borte, og det er nesten ikkje så eg trur at eg no sit her og kan tenkje på kor vakker det heile er. Frå persongalleriet som ser ut som handteikna bilete fargelagde med akvarellmåling, til dei tidvis storslagne og imponerande områda vi får vandre rundt i. Det er mykje å ta tak i her, og det er tydeleg at utviklarane har gjort leksa si.

Som før i tida

Tales of Arise har ei herleg verd å utforske.
Øystein Furevik/Gamer.no

Noko av det kanskje finaste med Tales of Arise er verda i seg sjølv. Ikkje berre kor vakker og variert den er, men ikkje minst kor stor den er. Den gjev oss tradisjonen tru ei solid reise gjennom ulike biom, og temperatursoner, men det blir aldri for mykje. Det minnar meg om gamle, klassiske japanske rollespel der områda var av ein fornuftig storleik der du fekk noko å sjå på, men òg fekk lov til å gå vidare før du blei lei.

Det er slik det er her, ei rekke område som tidvis framstår enorme, men eigentleg ikkje er det. Det går radigt unna, og kor mykje tid du vil bruke i dei kjem eigentleg mest an på kor mykje tid du vil bruke i dei. Du kan jakte erfaringspoeng og sideoppdrag i mange timar om du vil, men du må ikkje. Det er inga tvang her om å fiske opp eit heilt økosystem, men du kan. Denne tydelege valfridomen er viktig, for mange spel gløymer seg, og gjev deg kjensla av at du går glipp av for mykje om du droppar valfrie ting.

Ikkje Tales of Arise. Tales of Arise tvingar deg ikkje til å springe ut på tokt om du ikkje vil det. Du har ei historie å følgje, og følg den om det er alt du vil, men skulle du vere interessert så har vi ein bunke ting her borte, og Tales of Arise er veldig godt på å motivere deg til å gjere ting, fordi det sjeldan tek lang tid. Eit suverent kart lar deg bla gjennom alle område du har vore i, og du kan kjapt teleportere til nøyaktig dit eit lite oppdrag ventar på deg. Som regel skal du ikkje meir enn å fjerne nokre beist, men dette er ikkje eit spel som treng avanserte sideoppdrag. Målet er å bli sterkare, kjøpe nye eigenskapar og få tak i nytt utstyr, og spelet byr på mange gode, engasjerande måtar å gjere dette på, og dei fleste involverer kamp.

Sensorisk krigføring

Tales of Arise byr på ei verd eg likar å springe rundt i, og spesielt sidan det nye kampsystemet endeleg verkeleg har fornya seg. Som før spring vi rundt med ein person i verda, men i kamp er det den trauste gruppa på fire som gjeld. Vi møter eit persongalleri på seks vidt forskjellige personar, og i kamp styrer du ein av dei, sjølv om du kan byte mellom kven du spelar.

Ein heilt ordinær måndag i Tales of Arise.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kampane denne gong er mykje meir dynamiske enn vi er vande til. Å angripe fienden, med vanlege angrep eller meir avanserte «Arte»-angrep er kjapt og umiddelbart og det har aldri vore lettare å lenkje saman komboar. Du hiv deg ut i angrep, dansar unna eit byks frå fienden, går til motangrep, og hentar hjelp frå ein på laget ditt. Spelet er proppa fullt av ting å gjere, og når ein kjem litt ut i spelet og har fått låst opp alle dei ulike teknikkane som ligg på lur, blir det eit overdådig fyrverkeri som aldri heilt sluttar å levere. Det er uhyre moro å gå til kamp i dette spelet, og det er lenge sidan eg velvillig har brukt så mykje tid på å berre jakte ned flest mogleg fiendar.

Diverre kan det bli ein utmattande prosess om du spelar ei stund. Tales of Arise bombaderer deg med sanseinntrykk og eg må innrømme eg blir sliten av å spele det. Dette er alt Bandai Namco har lært etter fleire tiår med anime-spel. Det er flashy, overdådig, og lyngneistane slår nesten ut frå skjermen. Eg må gni meg i auga nokre gongar for det er så mykje. Men det er ikkje berre eit visuelt overdådig spel. Lyddesignet i kampsituasjonar er heilt øyredøyvande.

Det er alt for mykje lyd, og det er utmattande. Øyra våre blir pepra i fire nivå. Først ligg Motoi Sakurabas jazza progrock som eit bakteppe, så kjem eit hakket for skarpt miksa lydbilete av sverd som klinger, magi som svosjar, og eksplosjonar som fwoompar. Deretter kjem alle stemmene. Ein vegg av skrik og rop fordi alle er nøydde til å kommunisere kva dei gjer til ei kvar tid og vi sit att med fire stemmer som ropar i munnen av kvarandre, og som om det ikkje var nok byrjar heltane våre å snakke saman medan dei krigar. Det blir for mykje. Slapp av litt, ro tilbake.

Kvar blei det av alle folka?
Øystein Furevik/Gamer.no

Når skal dei lære?

Det er no vi kjem til den delen eg skulle ynskje eg slapp skrive. Det er lenge sidan eg har hatt så mykje moro med eit japansk rollespel som eg har hatt med Tales of Arise, men det er viktig å skilje mellom elementa her. Det er to hovudkomponentar i eit spel; gameplay, og historie. Gameplayet i Tales of Arise er heilt suverent. Eg elskar det, og eg kunne spelt mange timar meir.

Men. Vi kjem ikkje unna den andre tingen. Historia.

Det beste først. Bandai Namco har skapt ei interessant og fascinerande verd. Eg likar korleis den er bygd opp, den generelle konflikta, og kva det overhengande målet er. Det er ikkje plottet som er problemet, plottet er heilt greit det.

Problemet er rollelista. Og du veit kva som kjem. Eg kan ikkje snakke om dette utan å gå svakt inn i spoilerterritorium, men om du har spelt eit japanske rollespel eller sett anime frå dei siste ti åra, veit du mest sannsynleg kva som kjem; nøyaktig det same som kvar gong før.

Eg er så møk lei. Om det skulle vere nokon tvil skal du få ei kjapp oppsummering: Vi får den same stereotypiske animehelten som vi har fått før. Hugsar ingenting, veit ikkje kven han er, må starte livet frå ingenting og blir kjapt eit perfekt menneske alle rundt han ser opp til. Han er perfekt emosjonelt balansert og alt han seier er openberingar frå ein profet for alle rundt han. Det smittar etter kvart over til resten av gruppa og alt alle gjer er å rose kvarandre for kor flinke dei til ei kvar tid er.

Naturlegvis kjem den emosjonelle knekken for ein og annan der vi stiller filosofiske spørsmål som om vi eigentleg har nokon rett til å redde verda sidan vi ein gong blei tvungne til å gjere noko fælt, men naturlegvis er nikkedokkene på plass for å byggje oss opp att medan eg er mest klar til å gje dei alle ein solid knyttneve i underkjeven.

Det stoppar heller ikkje der. Vi får servert sterke gutar som skal beskytte emosjonelt svake jenter frå sine eigne kjensler, og alt er servert gjennom eit overveldande formelt og pretensiøst språk som ikkje liknar grisen. Vi har sett det før, høyrt det før, og seinast frå Scarlet Nexus, rystande nok eit anna spel frå nettopp Bandai Namco. Nokon må snart ta tak i dette problemet. Ein ting er alt vrøvlet forfattarane har skrive, ein annan er den banale oversetjinga som tek idiotiske ting, og presenterer dei på eit språk så stivt og unaturleg at det er nesten er flaut.

Du er finast med kjeften igjen

Dette er kjip historieformidling.
Øystein Furevik/Gamer.no

Men vi er ikkje ferdige. Vi må snakke om korleis historia blir formidla i dette spelet. Dette er er Bandai Namco, og om vi har lært noko frå Tales of Berseria og Scarlet Nexus er det at ingenting skal få vere i fred. Alt skal snakkast om. Alt. Eg meiner alt. Treningsregime og matoppskrifter, alt. Alt skal snakkast om. Alt. Dei snakkar hol i hovudet på deg og eg har nådd det punktet der eg trur kanskje eg stikk ein blyant inn i øyret mitt om eg høyrer nokon av desse stemmene igjen.

Det er ikkje berre den perverse mengda med dialog som dreg dette spelet ned. Det er den ubrukelege måten den blir levert på. Dette er nøyaktig det same spelet som Scarlet Nexus. 99% av all historie blir levert gjennom lett animerte, men mest av alt statiske, teikneseriepanel det er praktisk umogleg å la seg engasjere av. Desse snakkar skodespelarane over med sine godt innøvde animestemmer, og det finnest ingen kjemi i gruppa. Det er berre setningar snakka ut i lufta utan nokon som helst slags form for samspel mellom dei ulike individa.

Eg heldt ut kanskje 30 timar. Eg såg på det som mi plikt å absorbere det spelet hadde å by på, men til slutt orka eg ikkje meir. Eg gav opp, og eg hoppa over så og seie alt av historiefjas etter det punktet. Hadde ikkje det gått an veit eg ikkje kva eg skulle ha gjort, men spelopplevinga mi blei dramatisk betre etterpå.

Det er ikkje berre mengda med irrelevant pisspreik som dreg spelet ned, det er monotonien i det heile. Det er ingen variasjon i det. Humoren er så godt som borte. Tidligare i serien var det ein klar definisjon mellom ting. Historia er her borte, og for litt ekstra krydder kunne du kose deg med humoristike dialogar borte på den andre sida. Eller «skits», som serien kallar det. No er dei heilt borte, etne opp av resten av spelet og presentert på same måte som alt anna. I staden for noko å le av, og som gjev deg lyst til å absorbere fleire, får du i staden infantile dialogar om alt mogleg irrelevant skit, dei snakkar om uviktige personar dei har møtt, gardsdrift, ugler, fisk, og gudane veit kva vi umogleg kan bry oss om. Det held jo ikkje med ein gong heller nei. Dei skal kome på rekke og rad, gjerne tre om gongen. Eg får fnatt. Eg klarar ikkje meir.

Den store tragedien i det heile er at om utviklarane hadde droppa majoriteten av dette vrøvlet og heller brukt dei mannsverka som har gått tapt på det til å lage nokre skikkelege filmsekvensar som fortel den historia vi vil sjå meir av, kunne dette blitt skikkeleg bra. Men nei, i staden prioriterer dei den skiten her.

Konklusjon

Kampane er stor underhaldning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Tales of Arise er ei utfordring. På den eine sida er det eit fantastisk flott spel med stor underhaldningsverdi som verkeleg tek serien inn i ei ny tid, samstundes som det tek godt vare på sitt eige DNA. Det sender oss ut på eventyr i nydelege område det er stor moro å farte rundt i, og det har eit suverent og actionorientert kampsystem som kanskje er det beste serien har sett så langt. Strengt tatt har Tales of Arise svært mykje gåande føre seg, men det har eit enormt problem det diverre er heilt umogleg å ignorere.

Over ei god historie, eit interessant plott og ei fin verd ligg dårleg forfattarskap og frustrerande lokaliseringsarbeid. Det er altfor mykje snakking i dette spelet. Vi får prakka på oss meiningslaust vås frå ein gjeng idiotar som aldri held kjeft. Dei skal alltid uttale seg, uansett kva det er. Ingenting kan berre skje utan ein kommentar. I tillegg presenterer lokaliseringa alt dette gjennom eit språk som er både unaturleg, stivt og frustrerande å høyre på.

Tales of Arise er eigentleg eit av mine favorittspel så langt i år, men dette endelause maset trekk ned, mykje, og den einaste grunnen til at eg ikkje trekk ned enda meir er at du heldigvis kan hoppe over alt maset om du vil.

7
/10
Tales Of Arise
Med ei god historie kunne dette blitt eit av årets store spel.

Siste fra forsiden