ANMELDELSE: Scarlet Nexus

Når stil møter substans

Eit nydeleg kampsystem tek seg ein symjetur gjennom animetropene frå helvete.

Scarlet Nexus framstår mest som eit spel frå ei svunnen tid. Eg hugsar slike spel. Alt kjennest så bitande velkjent. Korleis eg spring gjennom korridorar, kva eg gjer, kvar eg gjer det, korleis eg gjer det. Det er berre ein massiv forskjell. Dei andre spela Scarlet Nexus slektar på hadde ikkje brøkdalen av det budsjettet utvikalrane bak Scarlet Nexus har hatt å rutte med.

Dette er eit spel som osar kvalitetet og kunnskapsrike utviklarar som veit kva dei driv med. Alt er tenkt på, og spelet er så tungt med nivå av detaljar rundt korleis ting skal gjerast at det tidvis er mektiv imponerande. Scarlet Nexus er eit kompelkst spel med eit komplekst kampsystem som mirakuløst nok framstår som veldig lettvindt.

Vi tek turen inn i ei fjern framtid der ordet cyberpunk er lett å ty til, skjønt, Bandai Namco har funne sitt eige uttrykk for dette spelet; «brain punk». Det er på ingen måte eit tilfeldig ordval. Hjernen din, og mange andre sin for den saks skuld spelar ei viktig rolle i dette spelet, og i denne verda der teknologi og menneske går hand i hand. Folk har evner, og folk koplar seg saman, og det heile er nesten som eit dystopisk mareritt hovudpersonane sjølve tek som den mest daglegdagse tingen i verda.

Skjønt, heilt daglegdags er det ikkje. Sjølv om ein skulle tru det å ha hjernen sin linka til ei datamaskin var oppskrift på suksess er det krise på jorda i denne fjerne framtid. Sære monster som mest ser ut som perverterte misforster sydd saman av like delar menneske, dyr og, tja, bil, kosteskaft, ein vase med blomar. Det er sært, fjærnt, og ser ut som det høyrer heime i ei ny utgåve i Silent Hill-serien.

Rå action

Beista i dette spelet er noko for seg. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg har sjeldan hatt det så moro med eit kampsystem. Dei har ofte den eine greia som hindrar dei frå å verkeleg skape den flyten eit nydeleg kampsystem skal ha. Scarlet Nexus er faretrugande nære å ha alt. Først og fremst er det unikt. Det har naturlegvis  element henta frå tidlegare spel, som dei typiske svake og sterke angrepa, men alt fungerer annleis her. I staden for å lenke saman desse to angrepa lenkar du saman fysisk angrep med psioniske angrep. Du denger nokre slag mot fienden, før du plukkar opp ein sykkel med rå tankekraft og sender den deisande i trynet på fienden som ventar.

Å skape lange komboar som flyt over i kvarandre er ein dynamisk og elegant dans som opnar seg opp og blir stadig meir detaljert. Du lærer fiendar å kjenne, finn nye teknikkar, og meistrar stadig meir. Viktigast av alt er at du verkeleg sit igjen med kjensla av å vere ein heilt rå krigar.

Du er derimot ikkje aleine. I starten får du velje mellom to hovudpersonar, ein gut og ei jente. Dei byr på litt forskjellige historier med store overlapp, samt litt forskjellig gameplay der den eine er fokusert på nærkamp medan den andre har litt større rekkevidde. Desse to heltane får samstundes med seg eit knippe krigarar på vegen som byr på sine eigne eigenskapar og snedige triks.

Kvar alliert som er med på laget gjev deg tilgang på eit nytt triks. Ein lar deg teleportere korte distansar, ein lar deg sjå usynlege fiendar, medan ein annan set fyr på våpenet ditt. Dei er alle temmeleg forskjellige, og spelet gjer ein god jobb i å kommunisere når du bør bruke kva. Men dette er berre ein liten bit av kva spelets kampar byr på, det blir heile tida lessa på fleire og fleire ting som gjer spelet enda villare, og det beste med det er at ein aldri føler det blir for mykje. Kvar nye ting kjem i eit så pass godt tempo at ein får god nok tid til å lære seg korleis ting fungerer før det utvidar seg. Til slutt sit ein der og kjenner seg nærast som ein gud blant muterte misforster.

Den same gamle visa

Det er god variasjon i miljøa, men alt heng saman med ein tynn, raud tråd. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Det er mykje å halde styr på i Scarlet Nexus, og ikkje berre i kamp. Historia byr òg på sitt å halde styr på. Det byrjar i det små der ein berre går på oppdrag slik lydige soldatar gjer, men etter kvart byrjar sjølvsagt ting å skurre. Det er ganske spanande. Spelet har ein interessant mytologi i ei ganske kul verd, og det heile osar av stil. Scarlet Nexus er ulikt noko anna, og det er umiddelbart identifiserbart.

Eg er derimot ingen fan av korleis historia byrjar der den bør vere, i bakgrunnen, og gradvis tek over meir og meir. Sjølve plottet er interessant, og i dei rette hendene kunne definitivt denne historia blitt skikkeleg spanande, men den er ikkje i dei rette hendene. Tvert i mot er den i hender som aldri burde få lov til å kome nær slikt, og du får så mange stereotypar og anime-troper stappa ned i kjeften etter kvart at ein får lyst til å kaste opp.

Eg fattar ikkje kvifor enkelte «forteljarar» ikkje kan roe ned litt. Alt må ikkje med. Ein kan la enkelte ting bli liggjande igjen på skrivebordet. Skilnaden på gode og dårlege forfattarar er gjerne evna til å sjå kva som ikkje treng seiast. Dei dårlege forfattarane klarar ikkje stoppe seg. Dei må berre spytte inn meir, meir, og atter meir. Det tek aldri slutt, og som eit resultat druknar noko som kunne ha vore bra i ei sørpe av irrelevant skit.

I Scarlet Nexus blir historia mindre og mindre interessant fordi hovudpersonane får meir og meir dei skulle ha sagt. Alt må kommenterast, alt må diskuterast, alt skal snakkast fullstendig i hjel. Der spelet i starten er eit actionspel med litt historie, blir det etter kvart ei visuell novelle med litt action mellom kasta. Eg blir utmatta av det. Dialogen er pinleg dårleg. Språket er unaturleg og kunstig, og det heile ber sterke preg av å vere plaga av i all hovudsak to ting; ei enorm trong til å tvihalde på tropene, og ei lokaliseringsteam som burde finne seg ny jobb.

Scarlet Nexus er riktig så pent. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Alt som er feil med japanske spel

Problema står i kø. For det første er det dei nye generasjonane med animevissvass. Du veit kva eg meiner. Gløym Ghost in the Shell og Akira, eller samtlege filmar frå Studio Ghibli. Vi snakkar masseprodusert skvip utan originale tankar her. Hovudpersonen som er så jævlig perfekt at du får lyst til å gi han ein på tygga. Alle venene hans som ser på han som den nye messias, alle dei kvalmande bikarakterane. 

Sei ein stereotyp animekarakter, og du finn den her. Vi har besteveninna som alltid vil vere så glad i han. Vi har den blyge jenta som aldri kan innsjå at ho har verdi utanfor den hovudpersonen ser i ho. Vi har den eine personen som mislikar helten vår, som naturlegvis berre kan få seg til å gjere slikt grunna hans eigne problem. Lista er lang. For lang.

Det er uoriginalt piss, og eg har høyrt det ført, sett det før, lest det før så mange gongar at eg nektar å akseptere slik kreativ tomgang som noko anna enn den latskapen den er. Det blir ikkje betre av atter ei elendig oversetjing frå folk som ikkje klarar å forstå  at japansk ikkje er eit språk du berre kan oversetje direkte. Det funkar ikkje. Det må tilretteleggjast, skrivast om, finne ut kva som er meint i staden for kva som ordrett blir sagt.

Om ein ikkje held tunga beint i kjeften med slike ting endar ein opp med nøyaktig det kunstige og unaturlege språket som heile Scarlet Nexus lid av. Kvar minste ting skal poengterast uendeleg mange gongar, alt skal spikrast fast og tyngast ned med meir informasjon. I staden for å kome til åstaden og spørje «kvifor har du gjort dette?» byr Scarlet Nexus på dialog i gater som «kvifor i alle dagar har du brukt ein plenklippar til å dele vannmelon når vi alle veit det er betre å berre bruke ein kniv, eller kanskje ei skei for å verkeleg ta inn den gode smaken. Eg likar skei, men eg har til og med brukt bankkortet mitt ein gong fordi eg ikkje hadde anna».

Å tei no stilt...  Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg stoppar der. Scarlet Nexus derimot, Scarlet Nexus ville ha laga eit heilt kapittel om korleis ein delar opp vannmelon.

Som om det ikkje var nok blir historia fortalt på kjipt vis. I staden for animerte filmsekvensar får vi det som mest fungerer som ein automatisert teikneserie. Vi får eit bakgrunnsbilete og nokre nærbilete av personane som snakkar, og slik går det sakte framover heilt utan driv eller rytme, eller noko som på nokon gong minnar om dramatikk og engasjement.

Eg har ikkje ein gong tatt meg tid til å nemne alle dei uendelege (og heldigvis valfrie) dialogane du må gjennom for å byggje opp venskapa (og med det eigenskapane) med dine allierte. Fri og bevare meg vel. Nok er nok. Scarlet Nexus har ei kul historie pakka inn i skit, og det er for langt. Alt for, alt for langt.

Konklusjon

Om du hoppar over alle dialogskjermar og rett og slett gir blanke i historia, vil Scarlet Nexus by på eit heidundrandes actionspel av ypparste kaliber. Eg tullar ikkje når eg seier dette er noko av det råaste eg har spelt på actionfronten. Kampsystemet funkar så til dei grader, og det er vanvittig moro. Når ein grisebankar ein fiende og alt berre glir i den perfekte rytmen, blir ein slukt av ei heilt rå kjensle. Det er dritfett, kort sagt.

Det kan vere mykje som skjer på ein gong, men ein mistar aldri kontrollen. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Diverre er ikkje dette berre eit actionspel. Det blir tydelegare og tydelegare at dette er eit spel som først og fremst vil tvinge på deg ei oppblåst og svulmande historie eg nesten blir sint berre av å tenkje på. Eg er så møk lei desse karakterane. Om eg høyrer stemmene deira ein gong til er eg truande til å ta ein Van Gogh.

Eg har sjeldan vore så lei eit spel. Det masar og masar om all den skiten du ikkje bryr deg om, og nektar å ta slutt. Kvar gong du trur du er nær mål finn dei på ein eller anna ny idotisk ting som må snakkast i senk før du får sjansen til å kome deg vidare. 

Gameplayet aleine gjer dette spelet til eit av årets feitaste opplevingar, og ei god stund held historia på engasjementet, litt tynga ned av den dårlege oversetjinga, men så går det heilt på tverke. Gjer deg sjølv ei teneste, så fort historia mistar deg, hopp over. Redd deg sjølv.

Vurdering

"Om du gir blanke i historia, vil Scarlet Nexus by på eit heidundrandes actionspel."

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen