Guide

Gamingmus

Dette bør du tenkje på før du kjøper gamingmus

Å finne det rette verktøyet kan bety mykje for korleis du spelar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det blir meir og meir vanskeleg å finne ut av kva som er den beste datamusa for eigne behov. Dei teknologiske forskjellane mellom sensorar viskast ut, og mangfaldet av produkt er større enn nokosinne. Difor vil me her på huset gjere eit forsøk på å få ei viss oversikt over jungelen av datamus som er der ute.

I denne guiden vil me sjå på ei rekkje faktorar som er viktige i val av datamus, før me drar duken av samlekåringa vår av dei beste datamusene frå 2018.

LES OGSÅ: Dette er dei beste gamingmusa akkurat no »

Legg arbeid i å leite fram det rette produktet

Å finne det rette verktøyet for dataspel og/eller produktivitet kan ha stor verknad på effektiviteten din. Ein kan framleis spele på toppnivå med ei dårleg mus – men datamus som passar dine hender kan fort vere det som flyttar ferdigheitene opp til neste hakk.

For underteikna som har vore semiproff i ein del ulike skytespel, er presisjon og komfort essensielt. Skal eg yte mitt beste i spel treng eg ikkje nødvendigvis den beste maskinvara, men den rette datamusa kan gjere stor skilnad. Det må ikkje bety at ho kostar skjorta – og det betyr heller ikkje at ho har dei beste spesifikasjonane.

Der skjermkort enkelt kan samanliknast og veljast ut basert på best yting, er datamus langt meir subjektivt. Vurderingar av tekniske duppedittar som mus og tastatur er neppe like subjektive som spelmeldingane våre, men det er framleis vanskeleg å sette noko fasit. Det eg har som nummer ein i år, er gjerne ikkje noko for deg i det heile. Kanskje vil eit produkt eg har gitt 7/10 vere ditt beste val.

For sjå nærmare på dette, har me difor tatt for oss ei rekkje kategoriar som ein bør vurdere før kjøp. Viktigast på lista er passform og storleik, mens rangering av dei andre kategoriane vil variere frå person til person. Det går på ting som sensorkvalitet, vekt, tal på knappar, bruksområde, om musa skal vere trådlaus eller ikkje, byggekvalitet, pris og utsjånad.

Me vil i forkant presisere at dette er ein noko generell guide, og det er ingen faste reglar for kva ein skal prioritere ved kjøp av datamus. Veit du kva du likar, så held du deg til det.

Storleik

Liten (Logitech G305, til venstre), mellomstor (Logitech G Pro Trådlaus, til høgre) og stor (Logitech G903, i front). Dei med mellomstore hender kan bruke alle, men unngå å gå meir enn ein storleik den eine eller den andre vegen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Storleik er nok den viktigaste faktoren når det kjem til val av datamus. I entusiastmiljøet er YouTube-meldaren «Rocket Jump Ninja» den mest populære stemma, som meiner at datamus bør vere rundt 60 prosent av handstorleiken din. Mindre datamus kan ofte vere ein fordel for treffsikkerheit, då ein får meir kontroll over musa. 60-prosentmålet verkar kanskje litt tilfeldig, men det kan vere ein god ide å venne seg til noko som er litt mindre enn handa.

Før du tar valet ditt, må du fram med målebandet. Ta mål av lengda på handa di frå fingertupp til basen av handflata. Viss me seier at dei med hender mellom 17 og 19 centimeter er omtrent i midten, vil dei generelt kunne bruke alle ulike storleikar av datamus, mens dei med større må skippe dei små, og dei med mindre bør hoppe over dei store. Til dømes vil neppe vesle Logitech G305 vere eit godt val for dei med hender over 20 centimeter, mens noko som den store SteelSeries Rival 600 vil vere eit bomkjøp for dei med små hender.

Kva type grep du brukar er òg viktig når det kjem til storleik på datamus. Dei som brukar fingertuppgrep må gjerne ha litt større mus, mens dei med klo og handflategrep kan bruke noko mindre. Kor langt bak musa du har handbaken vil også ha verknad på dette, så ta ein kikk på handa di når du speler for å sjå korleis du held musa. Eit kjapt google-søk kan vise nokre illustrasjonar på dei ulike grepstypane.

Les også
Her er prosessorene som skal knuse Intel

Alle nettbutikkar har mål på dei ulike produkta dei tilbyr, som du bør sjå på før du kjøper. Bruk andre datamus du har prøvd som referanse, så ser du kva som vil passe. Eventuelt ta ein kjapp tur på butikken.

Kort sagt: Mål hendene dine, og sjå på storleikane på produktsider viss du skal handle på nett. Prioriter den same storleiken som handa di, eller maks eit hakk i den eine eller andre retninga.

Nokre datamus har modulært design, der du kan endre passforma etter behov.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Passform

Dette er kategorien som gjer det mest utfordrande å sette karakterar på datamus. Eg har berre mine eigne hender å ta utgangspunkt i, og det kan skje at noko som ikkje fungerer for meg i det heile, vil vere midt i blinken for deg.

Både passform og storleik – som dei fleste andre kategoriane her – er delvis vanesaker. Ein kan heilt fint bruke ei mus som eigentleg ikkje passar for eigen hand, og bli vand med det. Det treng ikkje ha noko verknad på ytinga di heller, slik sett. Viss du har hatt Logitech G502 i tre år, vil overgang til ei mindre mus med anna passform sannsynlegvis gi deg smerter i handa, fordi fingrane dine må venne seg til den nye forma. Det er kanskje ikkje verd overgangen i det heile. Eit godt døme er streameren «Shroud», som har spelt med Logitech G303 i årevis, utan at han eigentleg likar musa. Men no har det gått så lang tid at han ikkje klarar å byte til noko anna, for det tar for lang tid å venne seg til.

Det er to hovudmodellar for dataspelmus; dei designa for å kunne brukast med begge hender, og dei som er ergonomisk forma for ei viss hand. Innanfor desse to typane er det igjen tusenvis av ulike former.

Akkurat når det kjem til passform er det vanskeleg å kome med direkte anbefalingar på generell basis, for det kjem an på kva ein er vand med, handstorleik, kor lange fingrar ein har, korleis ein held musa, kva du skal bruke ho til og liknande. Det er òg fint mogleg å ha to ulike mus med fullstendig forskjellige former, og få like mykje ut av å bruke begge to.

Zowie (mus med ambidesktridesign) er kjend for å ha nokre av dei beste passformene for skytespel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Her oppmodar me difor til ein tur på butikken. Sjølv om den lokale Power-butikken gjerne berre har noko billig vas frå Dacota, vil mange av formane vere like dei på dyrare mus. Her må du sjå på korleis tommelen din kviler mot sidegrepa, om dei er for glatte for deg, korleis handbaken kviler på toppen av musa, og kor behageleg det er å ha fingrane på hovudmuseknappane.

Fokuset vårt i denne guiden er mest på gaming, så ergonomi blir noko ein må ofre litt på. Viss ergonomi er det du bryr deg mest om, må du over på datamus retta mot produktivitet – og dei er ikkje heilt det store til dataspel.

Kort sagt: Ta deg ein tur på butikken og leik litt med produkta der. Test ut ulike former for å sjå om du treng tommelstøtte, om du vil ha ergonomisk design, eller om du syns det er greitt med symmetrisk.

Bruksområde og knappar

Kva brukar du mest tid på? Speler du mest MOBA- eller MMORPG-spel, skytespel, RTS, eller ein kombinasjon av alle? Treng du noko som kan kombinerast mellom kontorbruk og speling? Kanskje vil du ha noko som gjer deg meir effektiv i Sony Vegas og Photoshop, som samstundes gjer ein god jobb i Counter-Strike? Og kanskje vil du ha sniper-knapp ved tommelen til å senke følsemda når du skal bruke skarpskyttarrifle på langdistanse i Battlefield?

Driv du mykje med videoredigering er det greitt å finne noko som både fungerer til produktivitet og til spel – slik som Logitech G903.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er kanskje det første ein tenkjer på før ein handlar ny mus, og kjem til sjuande og sist ned til kva typar og kor mange knappar musa skal ha. For dei som speler mest skytespel kan ekstra sideknappar vere ein distraksjon, då det er fare for å kome borti dei ved uhell. Du har heller ikkje bruk for ti knappar på ei mus til Counter-Strike.

Skal du derimot redigere opptak av dei sjuke AWP-klippa dine, er det greitt å ha noko som lar deg skrolle kjapt gjennom tidslinjer i Vegas. Då er gjerne Logitech G903 noko for deg, ei mus som kan stille på hastigheita på rullehjulet, samt har sideknappar på både høgre og venstre side, utan å vere fullstendig dekkja av duppedittar slik som Razer Naga. Noko midt i mellom.

Treng du sytten ulike makrosnarvegar til forskjellige ferdigheiter i World of Warcraft vil derimot nettopp Naga vere langt meir nyttig. Her gjeld det å finne ut om ein vil ha ein kombinasjon, eller noko meir einsidig som hjelper deg med det du bryr deg mest om.

Kort sagt: Tenk over kva du brukar mest tid på, og vurder om du vil satse berre mot det, eller finne noko som fungerer for fleire ting.

Vekt

Blant skytespelproffane finn ein stort sett berre datamus med vekt under 100 gram. Dei speler gjerne med låg følsemd, og då blir det mange rørsler, som kan vere enklare med ei lett mus.

Finalmouse Air58 er ein av dei lettaste musene me har testa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er ein smule kontroversielt då det ikkje finst noko forsking på dette, men eg syns me bør følgje dømet til dei beste. I det minste vil slitasjen på ledda vere mindre i det lange løp. For min del får eg monaleg betre resultat med låg vekt, sjølv om eg hoppar veldig ofte fram og tilbake mellom ulike mus. Vekt verkar å vere det som har mest effekt på treffsikkerheita mi ved sia av storleik og passform. Men eg er ikkje deg, så dette er vanskeleg å vurdere. Her må ein prøve seg litt fram.

Igjen er dette delvis ein vanesak, og overgangsperioden er kanskje ikkje verd det viss du har hatt tung datamus over lengre periodar. Men me anbefaler å gi det eit forsøk, for det kan godt hende at du får det vesle ekstra som gjer at du klatrar frå Supreme til Global.

Kort sagt: Hald deg til det du er vand med viss du har funne det som fungerer, men prøv på noko lettare (helst under 95 gram) viss du har lyst til å finne noko nytt. Ver generelt skeptisk til skytespelmus over 100 gram.

Sensor

Forskjellane mellom sensorar på datamus i toppsjiktet byrjar å forsvinne. Teknologien har kome så langt at dei fleste optiske sensorane over eit visst prisnivå ikkje kan skiljast mellom for kvarmannsen, anna enn slike som SteelSeries sin TrueMove 3+-sensor, som har ein eigen minisensor for styring av løftedistanse.

Dei aller fleste datamus over femhundrelappen kjem med ein PMW3360-sensor, som er fullstendig feilfri. Det er sjølvsagt nokre forskjellar opp til Logitechs HERO eller PixArts 3389-sensor, men i den grad dei er meir treffsikre, er ulikskapane så ørsmå at ein aldri vil merke noko til det.

Logitechs nye HERO-sensor har fått mykje skryt, men dei aller fleste mus av ein viss kvalitet har feilfrie sensorar for tida.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein må ned i mellomklassen for å finne litt svakare ting, som til dømes PixArt PWM3310. Sjølv denne vil neppe ha noko særleg effekt på hovudskot-prosenten din, men prøv å prioriter datamus med kraftigare sensor. Ein PMW3360-sensor er i det minste langt betre på papiret, og her byrjar ein å kunne merke ein viss forskjell på respons og pikselsporing. Nyare mellomklassesensorar vil vere feilfrie når det kjem til sporing og treffsikkerheit på same vis som PMW3360, men har typisk lågare «malfunction speed». Dette gjer at ein kan bevege musa raskare utan at ho spinn ut. For å prøve ut om datamusa di held stand her, kan du utføre ein tilt-slam-test. Du kan få ein demonstrasjon i denne videoen, men kort sagt er det å halde musa på skrått, slå ho ned på musematta, og flytte musa til enden av matta så fort du klarar mens du er i eit spel. Følg med på om musepeikaren klarar å halde følgje, eller om han endar med å sjå rett opp.

Det er ikkje lenger nødvendig å tenkje noko særleg over ting som oppdateringsrate og «PPT» («DPI» som det heiter på engelsk, punk per tomme). Dei fleste mus vil ha ei oppdateringsrate på 1000 hertz og PPT som strekkjer seg over 10 000 – noko ein aldri vil få bruk for. Det same gjeld «IPS» (inches per second), eit måleverktøy for kor kjapp ein sensor er. Her er teknologien kome så langt at sjølv mellomklassesensorar har høge nok hastigheiter til at ein aldri vil merke forskjell opp til dei med høgare IPS.

Kort sagt: Finn helst ein sensor på nivå med PixArt PMW3360, men ein treng ikkje vere like skeptisk til mellomklassesensorar lenger. Sky lasersensorar som pesten.

Trådlaus eller kabla?

Mange er framleis skeptiske til trådlause mus på grunn av forstyrringar på det trådlause bandet og forseinking på sensoren. Det er det ikkje noko grunn til å vere lengre. Dei nyaste sensorane frå produsentar som Logitech og Razer har fjerna alle teikn til forseinking, og dei trådlause koplingane kjem neppe til å svikte. Ulikskapane mellom trådlaus og kabla er altså viska vekk når det kjem til yting.

No som me får trådlaus lading inn på marknaden, forsvinn òg veikskapane med batteri. Då er det berre prisen og vekta igjen. Trådlause mus er som oftast ein del dyrare, samt at dei generelt sett blir litt tyngre enn sine kabla brør. Dette er òg i endring. Den teknologiske utviklinga går sin gang, og me får lettare trådlause mus og prisane vil etter kvart gå ned. Difor trur eg kabelmus kjem til å forsvinne ut av marknaden om nokre år.

Trådlaus lading blir nok eit populært val blant forbrukarane når prisen går ned.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men for meg er dette eit ganske sekundært omsyn. Nokre set veldig pris på å sleppe kabel, mens andre er vande med det. Med ein bungie kan ein òg eliminere ein del av styret som kjem med kabelmus, eller ein kan investere i datamus med skikkeleg gode kablar. Skolissekablane ein finn på mange av årets toppval gjer at kabelmus kan kjennast tilnærma trådlause.

Det viktigaste er uansett at ein ikkje treng å uroe seg for at trådlaus mus kjem til å gå utover treffsikkerheit og pålitelegheit – sett at du kjøper frå ein av dei store produsentane.

Kort sagt: Utviklinga av trådlaus teknologi har gått så langt at kabla og trådlaust er identisk i yting hos visse produsentar. Ikkje ver redd for å bruke nokre ekstra kroner viss du vil spare deg bryet med å ha ein kabel. Kjøp eventuelt ein bungie.

Byggekvalitet

Dei færraste av oss kjøper ny mus kvart år. Difor er det viktig å velje ut noko som varar. Sjølv billige produkt kan halde koken i årevis, så lenge det kjem frå eit merke med skikkeleg kvalitetskontroll. Her gjeld det å ta ein kikk på testar og brukarerfaringar i forkant av kjøp.

Pass på slitedeler slik som desse gummigrepa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Razer er kanskje det merket som har hatt dårlegast rykte på seg blant dei store, men ein må òg ta slikt med ei klype salt. Viss eitt produkt i rekkja har svak kvalitetskontroll, vil det gå utover tilliten til produsenten. Sjølv har eg aldri hatt problem med datamus frå Razer, medan SteelSeries har vore produsenten som har skapt trøbbel for meg på grunn av svakt lim på gummigrepa på sidene av datamusa deira. Det betyr ikkje at alle produkta deira er slik.

Ein grei sjekk er å sjå på kva brytarar datamusa har. Nettbutikkane har ofte ei produktskildring der det står kor mange klikk kvar brytar er rekna for å tole, om det så er 20, 30 eller 60 millionar. Desse tala gir i det minste ein viss peikepinn på kor lenge ein kan forvente at museknappane held.

Heldigvis har me ypparlege garantiordningar her i landet, så byggekvalitet er nok ikkje det ein treng å tenkje mest på – men ver litt obs på datamus med gummigrep på sidene med markert saum (med andre ord: Ikkje kjøp noko frå Rival 600-serien før dei fiksar gummigrepa).

Kort sagt: Norske garantiordningar dekkjer det meste, men ta eit kjapt google-søk om det spesifikke produktet du kjøper (ikkje berre merket) – spesielt viss datamusa har slitedeler som gummigrep på sidene.

Pris

Det er fint mogleg å finne ei toppmus til under femhundrelappen. Mange skytespelmus kjem med 3360-sensor utan noko særleg med ekstrautstyr, som gjer at dei fort dalar i pris. Til dømes kan Logitech G403 handlast til 400 kroner på sal, som er ein av mine personlege favorittar. Du kan òg finne den glimrande Rival 310-musa frå SteelSeries nede på 300-talet ved sal.

Det kan vere nyttig å dele datamus inn i nokre ulike kategoriar her. Me har billigklassen til nokre hundre kroner – der du finn eit par veldig gode mus slik som dei nemnde over, og ei overflod av bås. Deretter finn du mellomklassen rundt 500–600 kroner, der dei fleste enkle 3360-musene finn seg, så toppklassen på rundt 700–1000 kroner, og entusiastklassen over 1 200.

Du kan finne din potensielle «endgame»-mus i alle desse prisklassane. Dyrare betyr ikkje nødvendigvis betre, men du får gjerne litt meir funksjonalitet.

Det kan likevel vere greitt å leggje litt ekstra pengar på bordet viss ein ser eit interessant produkt innan rekkjevidd. Kjøper du noko skikkeleg, kan det bli ei investering som held i årevis.

Kort sagt: Følg med på sal, men legg av litt ekstra for kvalitet. Datamus skal du kunne ha i årevis.

Utsjånad

RGB som dette er kult, men ikkje spesielt nyttig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

RGB er blitt enormt populært over dei siste åra. Omtrent alt av datatilbehøyr kjem dekkja av RGB for tida, og det kan vere freistande å hoppe på trenden. Eg ville prioritert dette sist. Sjølv om ei mus som HyperX Pulsefire Surge utvilsamt ser veldig kul ut, merkar du lite til RGB-fargane når du faktisk brukar ho. Handa di vil kvile over RGB-elementa, og du ser ikkje noko til det. På eit tastatur fungerer i det minste fargane som lys til å skrive når det er mørkt, men på ei datamus er det lite anna enn dekor.

Eg seier ikkje at utsjånaden ikkje er viktig, men du kjem ikkje til å tenkje noko over det etter å brukt datamusa i ei stund. Prøv å ha det i bakhovudet før du kjøper, for du kan spare ein del pengar på å gå for mindre «flashy» alternativ–om det så kjem an på RGB eller design generelt.

Kort sagt: Ikkje tenk så mykje på dette. Prioriter andre omsyn.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden