Nvidia-visedirektør Jeff Fisher viste fram RTX 3080 Ti Founder's Edition.
Hardware
Nvidia-visedirektør Jeff Fisher viste fram RTX 3080 Ti Founder's Edition. (Foto: Nvidia)

Her er det nye gamingflaggskipet til Nvidia

Annonserte skjermkortet for deg som vil spele i 4K og oppover utan å bla opp for RTX 3090.

Det er forsvinnande få skjermkort på marknaden for tida, men det hindrar ikkje Nvidia i å halde fram med å sleppe nye produkt. Tysdag morgon hadde Nvidia-visedirektør Jeff Fisher eit innlegg på Computex, der han gjekk gjennom ei rekkje nyheiter frå skjermkortprodusenten. 

Det er litt over to månadar sidan Nvidia lanserte mellomklassekortet RTX 3060, og i dag tok Fisher anledninga til å annonsere Nvidia sitt nye gamingflaggskip, nemleg Nvidia RTX 3080 Ti, saman med RTX 3070 Ti. 

Teknisk sett er RTX 3090 flaggskipet til Nvidia, men dei har likevel omtalt RTX 3080 som flaggskipet deira for speling så langt. Det blir difor spanande å sjå kor stor forskjellen blir mellom RTX 3090, RTX 3080 Ti og RTX 3080. 

Mykje kjappare

Det var ikkje noko stor overrasking at Nvidia avduka skjermkorta. Dei siste vekene har det vore ein haug med lekkasjar om dei to skjermkorta, og dei aller fleste har vist seg å stemme. 

Nvidia GeForce RTX 3080 Ti skal visstnok bli dobbelt så raskt som GTX 1080 Ti og 50 prosent kjappare enn RTX 2080 Ti, og får 12 GB med GDDR6X-videominne. Storebror RTX 3090 har til samanlikning 24 GB. 

  Foto: Nvidia

Skjermkortet får vidare ein minnebus på 384-bit, ei klokkehastigheit på 1665 MHz, 10 240 CUDA-kjernar og eit straumforbruk på 350 watt. 

Nvidia reklamerer ein pris på 13 000 kroner, men det får me neppe sjå i butikkane med det første. Skjermkortet lanserer 3. juni. 

3080-veslebroren

RTX 3070 Ti skal vere 50 prosent kjappare enn RTX 2070 Super, og er i sal frå 10. juni til 6500 kroner. Skjermkortet får 8 GB med GDDR6X-videominne, 22 Shader-TFLOPS, 42 RT-TFLOPS og 174 Tensor-TFLOPS. 

Her har me ikkje fått alle detaljane enno, men lekkasjane peikar på eit straumforbruk på 290 watt og 6144 CUDA-kjernar. 

Stille om prisane

Utvinning av Ethereum er ein av dei fremste grunnane til at skjermkort har vore så dyre det siste halvåret, og Nvidia har bestemt seg for å innføre ei avgrensing på hastigheita for utvinning på alle skjermkorta sine – utan tilbakeverkande kraft. 

Skjermkort med slike sperrer kjem til å bli merka med «LHR». Fisher sa ingenting om dette i samband med 3080 Ti- og 3070 Ti-lanseringa. 

Spesifikasjonane: 

 

RTX 3090

RTX 3080 Ti

RTX 3080

RTX 3070 Ti

RTX 3070

 Arkitektur  Ampere  Ampere Ampere Ampere Ampere

Skjermeining

GA102-300

GA102-225

GA102-200

 GA104-400 GA104-300

CUDA-kjernar

10 496

10 240

8704

 6144 5888

Boost-klokkehastigheit

1695 MHz 

1665 MHz

1710 MHz 

 - 1730 MHz

Videominne

24 GB GDDR6X

12 GB GDDR6X

 10 GB GDDR6X

 8 GB GDDR6X 8 GB GDDR6

Minne-klokkehastigheit

19.5 GBps

? GBps

19 GBps

 - 14 GBps

Minnegrensesnittbreidde

384-bit

384-bit

320-bit

 256-bit 256-bit

Minnebandbreidde 

936 GB/s

912 GB/s

760 GB/s

 608 GB/s 448 GB/s

Straumforbruk

350 watt

350 watt

320 watt

 290 watt 220 watt

Norsk pris 

?

?

?

 ?  ?

Nye spel med strålesporing eller DLSS:

  • Dying 1938 (RT)
  • Rainbow Six Siege (RTX + DLSS)
  • Icarus RT + DLSS. Lanserer i haust
  • Red Dead Redemption 2 (DLSS)
  • No Man's SKy VR (RT)
  • Into the Radius (DLSS)
  • Wrench (RT + DLSS)
  • Doom Eternal (RT)

Nye spel med Nvidia Reflex

  • War Thunder
  • Naraka Bladepoint
  • Crossfire HD
  • Escape from Tarkov

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen