Anmeldelse

Apex Legends

Dette er sjakk i Battle Royale-form

Titanfall-motoren har dratt sjangeren til nye høgder.

Det er noko med Battle Royale-spel som lokkar meg til å laste dei ned med ein gong dei kjem ut. Det verkar alltid å vere eit nytt på horisonten, alltid noko anna å utforske. Denne veka er det Apex Legends som gjeld.

Ikkje fått med deg den nye skytespel-snakkisen? Sjekk ut vår innføring i spelet »

Eg er langt frå aleine med å ha lasta ned dette. På ei knapp veke har spelet nådd 25 millionar spelarar, og har vore oppe på så mange som to millionar samtidige spelarar. Det er sinnssjukt mykje. Twitch-streamerane har kasta seg over Apex Legends, og alle andre diltar etter.

Dette er det mange gode grunnar til.

For å vere heilt ærleg hadde eg tenkt til å ha denne meldinga klar til publisering på måndag, men eg har rett og slett ikkje klart å finne tid. Prioriteringane har vore tungt retta mot Apex Legends. Både arbeid og studering har måtte vike – ei prioritering som neppe er spesielt lur, men som eg framleis ikkje ville gjort om. 45 timar har gått med på ei veke. Eg storkosar meg med Apex Legends, og lar glatt backloggen av arbeid hope seg opp i nokre dagar til.

Battle Royale-sjangeren har fått eit nytt kraftinnskot.

Battle Royale i reindyrka form

I frykt for å gjenta meg sjølv frå guiden og førsteinntrykket eg skreiv tidlegare, vil eg ikkje seie for mykje om detaljane rundt mekanismane i spelet (men litt må til). Eg vil heller snakke om kjensler her. Kultur handlar trass alt om å skape emosjonelle reaksjonar hos oss, og der er spel særs effektivt på grunn av mediets interaktive natur.

Apex Legends pussar opp Battle Royale-formelen med nokre nye mekanismar. Knockdown Shield og gjenopplivingspunkt legg eit nytt lag på resten av spelet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Spaning. Høg innsats, risiko. Press, og tidvis sinne. Desse elementa er grunnkjernen i alle Battle Royale-modusar.

Search and Destroy-liknande modusar i Counter-Strike og Call of Duty kan definitivt få opp adrenalinet når du er den siste igjen og dei håpefulle lagkameratane dine følgjer med på kvar minste rørsle, men Battle Royale er på eit heilt anna nivå. Tapar laget ein kamp her betyr det ikkje berre at du poppar opp på eit anna punkt og må kjøpe nokre nye våpen, men spelet hiv deg heilt ut i menyen. Fallhøgda er uendeleg mykje større. Hendene blir fort klamme, og du kjennar at du må flytte på musa, justere på stolen for å sitte rett. For plutseleg er du kasta inn i ein situasjon der tjue minutt av livet dykkar er avhengig av deg.

Dette er det eg verkeleg elskar med Battle Royale.

Eg må òg seie at eg samstundes hatar sjangeren. Det skal så lite til for at eg blir pottesur av slike spel. Dei gongane nokon kjem ut av ingenting bak deg og skyt deg til døde, utan at det er noko du kan gjere for å kome unna. PUBG har blitt avinstallert opp til fleire gongar berre for det. Slike situasjonar er heldigvis langt sjeldnare i Apex Legends. Ferdigheitene til figurane gjer at du kan kome deg vekk frå omtrent alt viss du tenkjer deg litt om, som kanskje er delen ved spelet eg likar best.

Frustrasjonen eg assosierer med Battle Royale er delvis vekke.

Forholdet mellom tempo og dødtid er ekstremt viktig for å balansere desse omsyna. Spaningskjensla skal haldast oppe, men du må ha litt pusterom til å plukke opp utstyr – noko som er langt lettare i dette spelet enn i Blackout og PUBG takka vere etterlengta kvalitetsendringar. Sjølv om du landar ute i hutaheiti på kartet til Apex Legends, høyrer det til unntaka at du får treige rundar. Mitt største problem med dei store karta til PUBG var nettopp dødtid, og det ser ein sjeldan noko av her. Det er alltid moglegheit for action. Ein må ikkje delta, men stort sett er det nokon som luskar rundt over den neste haugen. Dei av oss som likar best å vere i kontinuerleg kamp kan halde oss underheldt frå ende til annan, mens dei som vil ta det meir med ro kan bruke spelets omfattande rørslesystem til å kome seg unna fiendar.

Berre kreativiteten din set grenser

Apex Legends har klart å gjere begge gruppene nøgde – og det er langt frå enkelt. Systemet med gliding, flying frå ballongar, fjerning av fallskade og introduksjonen av veggklatring fungerer som insentiv for både å kjempe og for å kome seg unna effektivt. Om du så kjenner sveittedropar danne seg på tinningen der du blir jaga av tre fiendar, eller om du sjølv er den som jaktar – så vil dei glimrande spelmekanismane, om det er figurferdigheitene eller rørslesystemet, opne for at du kan fullstendig utspele motstandarane dine. Med andre ord nokre gode, gammaldagse «200 IQ plays». Og dei, dei er ekstremt tilfredsstillande å gjennomføre. Rushet av adrenalin blir blanda saman med glede, og du kjenner det nappe sterkt i smilemusklane.

Rørslesystemet opnar for ein vertikalitet som berre Fortnite kan matche i Battle Royale-sjangeren.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Summen av spelmekanismane her er eit rammeverk for eigen kreativitet. Det er så mange fleire sjansar for å overvinne fiendane her enn i til dømes PUBG. Dette er sjakk i Battle Royale-form. Sjølv dei som slit med å treffe kuler kan kompensere for dette via rørslesystemet og helteferdigheitene.

Konklusjon

I haust skrøyt eg av korleis Blackout i Call of Duty: Black Ops 4 var ei langt meir polert Battle Royale-oppleving enn konkurrentane. Her er Apex Legends i ein klasse for seg sjølv. Lagersystemet, skyte- og rørslemekanismane – alt dette verkar å vere milevis framfor konkurrentane når det kjem til kvalitet. Apex Legends har potensial til å nå opp til Fortnite i spelartal. Antakeleg er det for seint for å ri den same popularitetsbølgja, men om det så skjer at folk får opp augo for Battle Royale igjen, trur eg Epic Games bør passe seg her.

Apex Legends har flytta grenser for kva me kan forvente av Battle Royale. Det har kome med etterlengta forbetringar til sjangeren, og verkar som det klart mest «ferdige» spelet blant konkurrentane. Ved å byggje vidare på dei solide spelmekanismane i Titanfall-serien har Apex Legends tatt Battle Royale til nye høgder, og gjenoppliva interessa mi i ein sjanger eg trudde eg var luta lei av. Spelet manglar ein del funksjonalitet som trengst for å halde det gåande over lengre til som solo- og rangert modus, men det vil antakeleg kome etter kvart.

Bloodhound er ein av dei åtte heltefigurane i spelet, som alle har unike ferdigheiter.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg har spelt 45 timar og har det framleis morosamt. Faktisk vurderer eg i skrivande stund å fyre opp spelet for å vinne nokre rundar. Men det er utfordrande å sette karakterar på spel som dette. Eg likte Blackout veldig godt når det først kom ut, og spelte vel omtrent like mykje der, men spelet stagnerte over tid. Utviklaren gjorde lite for å endre på det.

Som eg nemnde i førsteinntrykket mitt så er «spel som teneste»-modellen veldig viktig for Battle Royale. Utviklinga av spelet må halde koken over tid. Det blir litt det same som å spele eit MMORPG i vente av utvidingspakkar. Samstundes er det naturleg å reflektere litt over kor mykje underhaldning ein faktisk skal kunne forvente av eit spel, og spesielt eit som er gratis. Er 50 morosame timar nok? 100? 500? Uansett trur eg Apex Legends er kome for å bli. Utviklaren har lagt fram nokre lovande planar, og me får berre krysse fingrane for at me endeleg har fått ein Battle Royale-utviklar som kan halde koken slik Epic Games gjer.

Les også: Dette innhaldet er på veg til Apex Legends »

8
/10
Apex Legends
Battle Royale-sjangeren har fått ein ny konge.

Siste fra forsiden