Guide

Apex Legends - Tips

Slik blir du god i Apex Legends

Stor guide for spelarar på alle nivå.

Respawn Entertainment
1: Apex Legends for dummies
2: Tips, triks og småfakta om spelet
3: Strategiar og teknikkar for å vinne

Apex Legends har gått som ein fartsott i gamingverda den siste veka, der over ti millionar unike spelarar har besøkt slagmarka på kort tid. Gamer.no jobbar framleis med ei melding av spelet, men førebels vil eg dele litt av det eg har lært frå mine tretti timar med spelet.

Her vil me først gå gjennom grunnmekanismane i spelet for dei som er litt ute av loopen. Du finn ei oppsummering av dette nederst i artikkelen. På neste side har me laga 30 nøkkelpunkt med informasjon om spelet av varierande viktigheit, mens siste side gir eit lite innblikk i meir avanserte strategiar for dei som har god peiling på Apex Legends. Me oppmodar òg alle lesarar som har nokre kule tips til å skrive om dette i kommentarfeltet.

Gå vidare til side to for 30 korte tips for å bli ein betre spelar »

Apex Legends for dummies

Utviklaren Respawn Entertainment har laga eit Battle Royale-konsept basert på Titanfall-motoren. Her står infanterikamp i fokus, utan robotane me er vande med frå serien. I lobbyen kan du invitere opp til to andre vener, eller spele aleine og bli kasta inn i eit lag med to tilfeldige spelarar.

Wraith er ein av dei meir tilgivande figurane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når du går i gang med søking etter kamp, kjem du inn i ein ny lobby der du vel kva figur du vil spele. Du kan lese om ferdigheitene til dei forskjellege heltane ved å halde musa over dei, men i første runde er gjerne Wraith, Bangalore og Pathfinder dei mest tilgivande figurane, då dei har ferdigheiter for å kome seg unna eller skjule seg i kamp (Mirage gjer det same, som du kan låse opp med valuta i spelet).

Skjold og helse

Etter val av figur, får de suse over kartet i eit romskip der de vel kvar de vil hoppe. Følgjer du med vil du sjå nokre sonar merka med blått, og desse gir ekstra bra utstyr. Det er òg eit anna skip som flyg rundt på kartet med utstyr av høg kvalitet, så hold augo opne for det. Begge er merka på minikartet ditt.

Når du droppar ned på kartet må du finne deg våpen, helse, skjold og rustning. For å få skjold, må du først ha «body shield», ein slags skotsikker vest. Dette gir deg ein skjoldbarriere over helsa di, liknande systemet i Fortnite. Deretter kan du bruke skjoldceller til å regenerere skjoldet opp til fullt viss det blir skada (å byte ut body shield vil òg gi deg fullt skjold).

Hjelmar vil redusere skaden du tar til hovudet, og blir ikkje øydelagd slik som i andre Battle Royale-spel. Sist har du eit eige skjold for når ein blir «knocka», altså når du er tom for helse og krabbar hjelpelaus rundt på bakken. Eit slikt Knockdown Shield kan blokkere kuler viss du held inn venstreklikk.

Alt utstyr er gradert i ulik kvalitet. Kvit er det svakaste, blå er litt betre, lilla er nest best, og gult er det beste utstyret. I byrjinga kan du kanskje finne noko lilla viss du er heldig, mens gult finn ein oftast i flykassar eller dei blå sonene på kartet.

Gjenstandar på kartet er gradert etter styrkenivå.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skjold- og helsegenererande gjenstandar har òg gradering, som går frå kvit til lilla. Syringe lækjar 25 helse (du har 100), Med Kit får deg opp 100. For skjold har du Shield Cell som gir 25, mens Shield Battery fyller skjoldet heilt opp. Den einaste lilla gjenstanden for dette er Phoenix Kit, som får både skjold og helse opp til maks på ti sekund.

Les også
Anmeldelse: Apex Legends

Fargane følgjer same mønster når du skyt fiendar. Eit tal på kor mykje skade du gjer vil poppe opp over hovudet deira, og fargen på talet vil seie noko om kva strategi du bør ta. Ser du eit lilla tal betyr det at fienden har lilla skjold (opp til 100 skjoldverdi), blå betyr at dei har opp til 75 skjold, kvitt betyr opp til femti, og raude tal betyr at fienden ikkje har skjold i det heile. Dess svakare skjold, dess betre ide vil det vere å springe opp til fienden for å sikre drapet.

Våpen

Har du spelt Titanfall før kjenner du gjerne igjen våpena, men elles bør du ta nokre prøveskot på nye våpen. Til dømes er det ein pistol som eigentleg er ei hagle (Mozambique), ei skarpskyttarrifle som skyt tre skot om gongen (Triple Take), og andre våpen som ikkje oppfører seg heilt som ein forventar. Tunge maskingevær som Devotion spinner opp litt i byrjinga, og vil skyte fortare dess lengre du held inne venstre museklikk. Det er òg utstyr som kan redusere tida det tar for å gjere dette.

Rydd opp i lageret ditt, og fokuser på det du faktisk har behov for.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ver òg obs på at du får med deg så mykje ammunisjon som mogleg, for ammo kan vere vanskeleg å finne. Viss du får sjansen er det ein god ide å bruke våpen med ulik ammunisjonstype, slik at du ikkje brukar opp alt med ein gong.

Det er òg viktig å halde styr på lagersystemet. Med mindre du finn deg ein lilla eller gul ryggsekk, som sjeldan skjer, må du prioritere kva du vil ha med deg. Dropp våpentilbehør og ammunisjon som ikkje passar til våpena dine. Det er heller ikkje vits i å bere rundt på tjue skjoldgeneratorar, samt at Ultimate Accelerant neppe er verdt ein eigen plass i lagersystemet viss ein vektar det mot andre typar utstyr. Bruk den med ein gong, eller doner den til Lifeline.

Andre viktige omsyn

Etter kvart som runden tikkar og går, vil ein sirkel vise seg på kartet. Der må du kome deg inn. Når timeren til sirkelen går ned vil eit elektrisk felt bevege seg inn mot midten, som gjer skade på deg. I første omgang er det ikkje mykje, så ein kan framleis kjempe utfor sirkelen viss ein har nokre helsegjenstandar.

Når du først rotar deg inn i ein kamp, er det viktig å hugse på ferdigheitene til figuren din. Her er kommunikasjon viktig. Prøv å samordne kva du vil gjere med lagkameratane over stemmechat, eller bruk Apex Legends sitt særs imponerande pingsystem (hald inne rullehjulet på musa for å få opp ein meny av kommandoar). Viss uhellet er ute og du døyr, betyr ikkje det nødvendigvis slutten heller. Lagkameratane dine kan gå bort til utstyrskassen din og plukke opp ein «banner», og få deg tilbake til live med den. Det gjer dei med å gå til eit gjenopplivingspunkt, som er merka med grønt på kartet (desse kan berre brukast ein gong).

Ping-systemet er eit fantastisk verktøy, som du bør bruke så mykje som mogleg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du mistar alt utstyr viss du blir gjenoppliva. Då må du finne deg nokre nye våpen, eller navigere tilbake til der du døydde for å sjekke om det framleis er noko igjen. Ser du tilfeldigvis ein ballong hengande i lufta kan du hekte deg på tauet der, og fire deg opp til toppen. Då vil rakettboosterane dine slåast på, og du får fly nokre hundre meter i høg fart. Figuren din tar ikkje skade av å hoppe ned frå himmelen, så bruk det til din fordel. Det same gjeld alt av gule tau som heng mellom bygningar. Bruk dei for å kome deg kjapt rundt på kartet, og ikkje ver redd for å hoppe av midt i sjølv om det er langt ned. Mobilitet er veldig viktig i dette spelet. Det er også mogleg å klatre opp sidene av veggar og bygningar ved å halde inne mellomrom-tasten, slik at du kan kome deg opp på ein del høgdepunkt for betre kampposisjonar utan tau.

Oppsummering av dummies-guide

  • Blå områder på kartet har ekstra godt utstyr. Følg med på det andre droppskipet som byr på direkte tilgang til våpen, rustning og helse
  • Kvar figur har unike ferdigheiter; ein passiv, ein aktiv og eit ultimatangrep. Alle kan bli særs nyttige verktøy, så bruk dei for det dei er verd
  • Figuren din har eigen bar for både skjold og helse, og du treng ulike gjenstandar for å fylle dei opp. Du får berre skjold viss du finn «body shield»
  • Alt av utstyr er gradert etter fargar. Kvitt, blått, lilla, gult. Det same gjeld skadetala på fiendar. Baser angrepsstrategien din rundt kor mykje skjold dei har. Ser du lilla tal, kan det vere ein god ide å vente på nokre lagkameratar eller å kjempe på langt hald
  • Test våpen du ikkje har prøvd på ein vegg eller noko slikt. Bruk litt ekstra tid på å finne ammunisjon
  • Hald styr på lageret. Kast ut ting du ikkje har behov for, slik at du kan fylle det kjapt opp i kampens hete.
  • Du tar ikkje skade frå å falle, og det er ingen lagskade. Bruk ballongar og tau til å kome deg kjapt rundt på kartet og bruk dei som flankeruter. Pathfinder kan sette opp eigne ziplines. Du kan òg klatre opp veggane på hus med å halde inn hopp-tasten, samt gli i nedoverbakkar med crouch-knappen
  • Kommunikasjon er viktig, og ping-verktøyet er ein fantastisk ressurs. Ver medviten på å bruke det så ofte som mogleg
  • Du kan få døde lagkameratar tilbake via «respawn points». Du har 90 sekund på å få tilbake ein banner etter at dei blør ut. Når du først får tak i ein banner er det ikkje lenger noko tidsavgrensing.

Er du klar for eit litt meir detaljert innblikk i spelet kan du trykkje vidare til side to her »

1: Apex Legends for dummies
2: Tips, triks og småfakta om spelet
3: Strategiar og teknikkar for å vinne

Siste fra forsiden