Dette kan være PlayStation 4-kontrollaren

Ryktemølla held fram før Sonys pressekonferanse neste veke.

Neste veke skal Sony halde ein stor pressekonferanse. Etter alt å døme vil dei endeleg vise fram sin neste konsoll, og ikkje uventa har rykta om kva PlayStation 4 kan by på vore mange.

Mange av rykta har dreia seg om den nye kontrollaren. Den vil etter alt å døme vere den største endringa til DualShock-designet sidan analogstikkene blei implementerte på tampen av PSOne-epoken. I kveld har Destructoid lagt ut eit bilete av det som godt mogleg er PlayStation 4-kontrollaren. Kor vidt den er ekte vare er det for tidleg å seie, men Kotaku fortel at bransjekjelder dei har snakka med stadfester at den er ekte.

Den nye kontrollaren får i så fall ei merkbar endring. Den har blitt rundare i forma, og grepa ser ut til å ha blitt hakket breiare. Samtidig har analogstikkene fått ei totalrenovering, og i staden for dei konvekse stikkene vi er vande med, har dei no fått ei konkav form.

Er dette PlayStation 4-kontrollaren? (Foto: Destructoid)

Trykk med di glede?

Mest merkbart er derimot det blanke feltet som ligg over analogstikkene. Det har gått mange rykte om at kontrollaren vil få ei trykkflate som fungerer lik den vi finn på baksida av PS Vita. Under trykkflata ser vi det som latar til å vere ein liten høgtalar, og moglegvis ein inngang for hovudtelefonar. Over flata ligg eit lyst deksel som minnar ein heil del om fargen på kulene til PlayStation Move-kontrollarane. Vil Sony kombinere DualShock og PlayStation Move i ein og same kontrollar?

Sjølv om dette godt mogleg er ein PlayStation 4-kontrollar er det ikkje nødvendigvis den endelege forma, men ein prototyp. Maskinvare går gjennom mange iterasjonar før dei når butikkane, men om ikkje anna kan dette vere ein solid peikepinn på kva vi har i vente.

Bak kontrollaren ser vi det som sannsynlegvis er ei PlayStation 4-utviklarmaskin.

Kva trur du? Er dette ekte vare eller ein gjennomført spøk? Med mindre Sony held oss alle for narr får vi alle svara på pressekonferansen onsdag 20. februar.

Les også: Her er de viktigaste PlayStation 4-ryktene
Les også: – Neste generasjons konsoller er uinteressante

Siste fra forsiden