Drapsmysterium på veg til neste generasjon

Murdered: Soul Suspect spøkjer seg inn på nye plattformer.

I rolla som etterforskaren Ronan O'Connor må du i Murdered: Soul Suspect løyse opp i mysteria rundt din eigen død. Det heile startar med din brå bortgang, før du brukar resten av spelet på å nøste opp i overnaturlege element, lytte til folks tankar, og vandre gjennom veggar.

Det heile får naturlegvis ein overnaturleg vri, og du skal ikkje sjå bort frå at du er den einaste som spaserer i verda mellom liv og død.

Til nye plattformer

Døden tar på.

Spelet blei opphavleg kunngjort for Windows, Xbox 360 og PlayStation 3, men i dag har Square Enix sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet òg vil ta turen til PlayStation 4 og Xbox One.

I pressemeldinga blir vi lova grafiske forbetringar som 1080p, subsurface scattering samt solid bruk av partiklar. Kor vidt bileteoppdateringsfrekvensen vil vere lik på neste genersjonsversjonane seier pressemeldinga derimot ingenting om.

I fjor vår tok vi ein tidleg kikk på det som ser ut til å kunne bli eit spanande eventyrspel:

«Spelet oppfører seg på mange måtar som eit tradisjonelt eventyr i tredjeperson, men det du faktisk gjer i denne verda minnar mykje meir om eit gammalt peik-og-klikk-eventyr. Mekanikkane Airtight har skrudd saman for å la deg løyse mysteriet spelet byr på ser samtidig temmeleg solide ut, og bør kunne by på ein del hovudbry.»

Murdred: Soul Suspect kjem i sal for Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One i juni.

Om du likar ei god etterforsking er den første delen av Broken Sword 5: The Serpent's Curse vel verdt å få med seg.

Siste fra forsiden