Duedating på veg til PlayStation

Årets kanskje særaste spel kjem til konsoll på nyåret.

Den visuelle novella Hatoful Boyfriend blei lansert på PC i september til stor fanfare frå fuglekikkarar over heile verda. I dette datingspelet har utviklaren Hato Moa snudd opp ned på japanske tradisjonar, og har byta ut alle dei kjekke gutane datingspel stort sett byr på, med fagre duer. Som einaste menneske på ein presisjetung skule for fuglar skal du navigere deg gjennom både skuleliv, rivaleri og romantiske situasjonar med eit solid galleri av duer.

I dag har utgjevarane hos Devolver Digital sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Hatoful Boyfriend blei så godt motteke på PC at dei på nyåret vil sleppe spelet på PlayStation 4 og PlayStation Vita. Nokon nøyaktig dato har vi ikkje fått, utover at det blir tidleg i 2015.

Hatoful Boyfriend byr på eit rikt fuglegalleri.

Devolver-sjef Fork Parker har følgjande kommentar til kunngjeringa:

«All dykk PlayStation-nerdar må slutta å vente på at The Last Guardian på magisk vis berre skal dukke opp, og kjøpe duedatingsimulatoren min. Det er det einaste fornuftige å gjere.»

Skule og fritid

Hatoful Boyfriend er i prinsippet som dei fleste visuelle noveller. Det vil seie at spelet fungerer meir som ei bok av typen «velg ditt eige eventyr», enn som eit vanleg spel. I løpet av dagane, vekene og månadane som går, må du gjere enkle val kvar dag. Du kan prioritere studiene, eller du kan prioritere sosialt samvær, og kva du vel får stor innverknad på kva som skjer vidare.

Den store forskjellen på Hatoful Boyfriend og andre visuelle noveller er sjølvsagt at du i dette spelet utelukkande møter på fjørkre i staden for vanlege folk. Om det skulle bli for sært for deg å berre sjå nebb og fjøyr kvar gong du snakkar med nokon, kan du velje å vise menneskelege tolkingar av dei ulike fuglane.

Om romantiske intriger mellom menneske og fugl blir hakket for sært for deg, kan du eventuelt ta ein kikk på ei anna visuell novelle som er på veg vestover. I førre veke blei Cherry Tree High I! My! Girls! lansert på Steam.

Siste fra forsiden