Anmeldelse

Dungeon Defenders

Enda eit glimrande spel med tårn, magi og stygge orkar.

Eg har hatt fire middelmåtige, ein horribel og ein fantastisk kveld med Dungeon Defenders. I motstetning til spel som kan leve sine liv basert på solide mekanikkar og nivådesign aleine, er Dungeon Defenders eit spel som først og fremst skal spelast saman med andre. Du kan sjølvsagt spele aleine, men det blir sjeldan meir enn eit tidsfordriv medan du tenkjer ut noko betre å bruke tida på.

Nei du, det er på nettet det skjer, og nettet er ein farleg plass. Dialog kan vere alfa og vesle omega, sjølv om den ikkje er påkrevd i alle spel. Om eg hoppar på nett for å spele litt Borderlands eller Nazi Zombies, Warcraft III eller Gears of War så er kommunikasjon flott, men ikkje alltid essensielt for at du som eit lagmedlem skal ha livets rett. Du kan klare deg utan, og det er fullt mogleg å kommunisere ting gjennom handlingar.

Dungeon Defenders er ikkje slik. Det er eit spel som er så avhengig av open dialog mellom spelarane at eitt einaste døvstumt element er nok til å spolere moroa.

Mellom nivåa kan du handle og oppgradere utstyr.

To tusen tårn

Tårnforsvarsjangeren er eit av mine store, svake og ømme punkt. Kan eg få lov til å byggje eit tårn som skyt noko mot ein fiende så er det som regel nok til at eg er nøgd ei stund. Dungeon Defenders er såleis perfekt for meg, for her er det mange tårn. Det er eit typisk tårnforsvarspel der du må forsvare eit punkt mot stadig større og farlegare bølgjer med fiendar, og dette gjer du ved å byggje magiske tårn og andre forsvarsverk.

Den unike og herlege forskjellen mellom Dungeon Defenders og 90 000 andre tårnforsvarspel er at her er du ikkje berre ein gud som plasserer ting der det skulle passe seg. I likskap med det nesten erotiske Orcs Must Die tek du her styringa over ein figur og går til fysisk krig mot orkane og trolla som prøvar å knuse krystallen din.

Dette er både fryd, gammen og sorgtunge stunder. Du får velje mellom fire forskjellige roller, og kvar av dei er så forskjellige frå kvarandre – og dekker så ulike felt – at opplevinga kan endre seg fundamentalt. Du kan starte med den effektive magikaren som skyt med staven sin og plasserer ut magiske tårn som skyt alt frå eldkuler til kjettinglyn. Krigaren plasserer først og fremst blokkadar og tårn som kan kaste ei og anna bowlingkule, medan jegaren plasserer feller, og munken dyttar ut diverse auraer som enten plagar fiendane eller hjelper deg.

So far so good, sa Ivar Aasen, og det skal ikkje mykje til for å ha solid moro med å beskytte krystallar på diverse utspekulerte nivå som gjer alt dei kan for å skape trange punkt du må forsvare med livet som innsats. Samtidig møter du eit potensielt øydeleggjande problem. Dei ulike figurane er så ulike, og så skreddarsydde opp mot både kvarandre, nivåa og fiendane, at om ikkje alle er med samtidig kan det gå hardt ut over opplevinga.

Er du kleptoman er Dungeon Defenders midt i blinken.

Vulgær vanskegrad

Dungeon Defenders er bygd opp rundt fleire forskjellige nivå der du skal forsvare ein krystall over fleire rundar. I løpet av dei første rundane vil du sjeldan møte dei heilt store utfordringane. Fiendane er få, og du får god tid til å springe fram og tilbake for å ta det som skulle dukke opp. Dette endrar seg derimot forferdeleg raskt. Brått flokkar fiendane på som om det ikkje er nokon ende på dei, og du vil raskt merke om strategien du og laget ditt har brukt er verdt noko som helst. Det er samtidig her ein lett kan merke om laget manglar noko essensielt.

Heldigvis går det an å byte figur mellom kvar runde, og ein kan difor hente inn ein annan helt for å plassere nokre viktige feller for å slakte fiendane litt meir effektivt. Dette blir heilt essensielt om ein spelar aleine, men det kan bli ein ganske lang og ikkje alltid like engasjerande prosess å byggje opp fleire karakterar til eit respektabelt nivå.

Når fiendar døyr mistar dei små manakrystallar du brukar for å anten byggje tårn, reparere tårn eller oppgradere tårn. I tillegg kan du bruke oppsamla mana på å oppgradere våpen, og dei er det mange av. Vi får det beste frå to verder. Det strategiske elementet er knallhardt der du gjer ditt beste for aleine eller saman med andre finne ut smarte måtar å setje opp feller på, og samtidig får vi den nesten perverse gleda av å plukke opp den eine gjenstanden etter den andre. Etter kvart som fiendane døyr fyller nivå seg opp med enormt mange våpen, og mellom rundene blir tida brukt på å sortere godsakene.

Det er mykje søppel, men kvart våpen har så mange forskjellige potensielle parameter at to våpen kan vere heilt ulike. Ein magisk stav skyt ei stor og livsfarleg eldkule som slår fiendane tilbake, men ein annan stav skyt mange små kuler samtidig som alle forgiftar fiendane. Når du oppgraderer kan du sjølv velje kva du vil oppgradere, og såleis kan du skreddarsy våpna slik du sjølv vil ha dei.

Å oppgradere våpna kostar derimot uhorveleg mykje mana, og det kan vere eit stort spørsmål om ei oppgradering eigentleg er verdt det. Du veit aldri om du får noko enno betre snart uansett, eller om vertshuset du kan vitje mellom nivå kanskje har nokre godsaker på lager.

Kvar helt kan oppgraderast innanfor diverse parameter.

Samarbeid for vidarekomne

Som eg snakka om innleiingsvis er dialog heilt essensielt i Dungeon Defenders, og difor er det ufatteleg frustrerande når ni av ti personar du spelar med ikkje klarar å plugge inn mikrofonen sin. Det øydelegg moroa noko heilt forferdeleg, og etter å ha brukt ti minutt på å prøve å kople deg til eitt av dei mange spela som til ei kvar tid er i gong, er det ein klam nedtur når du endar opp saman med tre andre spelarar som ikkje snakkar med kvarandre, ikkje koordinerer bygging, og oppfører seg som om dei spelar solo og må fikse alt aleine.

Det er ikkje dette Dungeon Defenders er bygd for. Det er bygd for at alle spelarane skal kommunisere om alt, at kvar spelar fyller ut sine roller, og at alle veit kva dei driv med. Om nokon skulle vere usikre er det her kommunikasjon kjem inn gjennom enkel informasjon som fortel deg at det du no gjer er ikkje så lurt.

Alternativet til stumme tullingar som like godt kunne logga av nettet og spelt i isolasjon er blant dei beste opplevingane eg har hatt på nettet. Når du møter folk som forstår kva lagarbeid er, som snakkar, og informerer om kva som skjer, og som hjelper til om situasjonen blir kritisk, då er det lite som er betre enn Dungeon Defenders. Der spelet blir tappa for blod om dei involverte ikkje dedikerer seg til laget, skjer det motsette når alle spelar på lag.

Der ein elles berre spring rundt og tenkjer «eit slikt tårn her, noko slikt der» blir det i samarbeid ein konstant dialog om kva framgangsmåte som kan vere best. Spelarane kombinerer dei forskjellige figurane sine feller og eigenskapar til enorm effekt. På ei bane enda vi opp med ein genial konstruksjon som rydda alt. Bakerst sto eit lyntårn, framfor det stod to bowlingkuletårn som slapp ballar nedover lange trapper, med nokre blokkadar blokkerte allt tilførsel for alt som skulle klare å stå mot kulene. Vi rydda bordet hardt og brutalt og heile laget blei nesten rusa på kor effektive vi var. Det er slikt som gjer Dungeon Defenders bra, og det er slikt spelet er laga for.

Visse fiendar krev at du har planlagt godt over lang tid.

Konklusjon

Dungeon Defenders er eit spel som polariserer meg meir enn eg er vand med. Eg har hata og elska det, og strengt tatt er det ikkje noko spelet gjer som skapar desse humørendringane. Som ein kombinasjon av tårnforsvar og action i tredjeperson er Dungeon Defenders tidvis genialt. Det byr på eit hav av strategiske moglegheiter og det finnest ikkje ein riktig veg ut av dei forskjellige situasjonane.

Heile poenget er at du skal spele saman med andre, og om du finn ei solid gruppe å spele med, eller har ein god kameratgjeng finnest det knapt noko betre å gjere på nett. Dei strategiske elementa som kjem fram gjennom korleis ein set opp forsvarsverka skapar ei enorm kjensle av at du er på eit lag der alt fungerer. Saman mot røkla er det noko som heiter, og i Dungeon Defenders gjeld dette i aller høgste grad.

Nedturen kjem om du endar opp saman med folk som verken kommuniserer eller tenkjer fornuftig. Folk spring rundt og set opp feller på same måte som når dei spelar aleine, og det fungerer berre ikkje på nettet. Frå å vere samarbeidshimmelen går det raskt til samarbeidshelvetet. Konsekvensen blir lett at ein spelar aleine, men då blir det berre OK.

Ein kan derimot ikkje trekke eit spel for kva andre folk gjer. Du er advart. Skaff deg ein god gjeng eller erfar dei smertelege konsekvensane. Så lenge du er i godt selskap er Dungeon Defenders godt mogleg den beste investeringa du kan gjere i haust.

Dungeon Defenders er i sal for Xbox 360 (testet) og PC. Spelet kjem til PlayStation 3 i desember.

Siste fra forsiden