Eksperimentelt indiespel vil utforske sosiale interaksjonar

I Lioness er din beste ven ein kjederøykande katt.

Dei fleste spel er ganske tydelege i kva dei prøvar å oppnå. For det aller meste er poenget så enkelt som å kome seg i mål, skyte alle fiendane, eller finne løysinga på eit hindre som ligg i vegen for deg. Lioness – som nyleg blei kunngjort gjennom ein pågåande Kickstarter-kampanje – er ikkje eit slikt spel.

Med Lioness vil utviklarane lage ei eksperimentelt spel om banda menneska knyt mellom kvarandre. Du spelar freelancejournalisten Eggert Kirby som skal skrive ein artikkel om sju bortkomne personar. Dette sender han ut på eit eventyr som introduserer han for ein katt avhengig av nikotin, tidsreiser, yakuza, og ikkje minst interdimensjonal kaffe.

Stilig retrografikk i Lioness.

Fri framdrift

Nøyaktig korleis du spelar Lioness har ikkje utviklarane gjort ein særleg god jobb i å forklare. Men det ser absolutt fascinerande ut. Utviklarane nyttar rotoskopering for å vekkje verda til live. Dette er ein teknikk der ein brukar ekte film eller bilete som referanse medan ein teiknar over. Resultatet er ein svært fargerikt og særeigen stil som kan minne litt om Flashback.

Vi blir lova at spelet vil by på ein open veg der framdrifta blir styrt ved at du snakkar med folk, utforskar område, og løyser ulike problem. Utviklarane satsar på organisk progresjon der kvar spelar vil få ei unik oppleving avhengig av vala han eller ho gjer.

Støttar du Kickstarter-kampanjen vil du få tilgang til Lioness etter kvart som det blir lansert i sju delar. I tillegg vil du få heile sju spel frå Braingale Collective med på kjøpet.

Les også: Anmeldelse: The Swapper Les også: Anmeldelse: Fractured Soul

Siste fra forsiden