25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.

Endå heftigare spelprosessor bekrefta

AMD jobbar med å oppdatere sin aller raskaste prosessor.

Mikkjell Lønning

I mars lanserte AMD sin Ryzen 9 9950X3D og følgde opp suksessen til spelflaggskipet Ryzen 7 9800X3D med såkalla 3D V-Cache.

9950X3D er både lynrask i produktive oppgåver og jamt over den kjappaste prosessoren til spel på marknaden.

Under årets CES i Las Vegas annonserte AMD også Ryzen 7 9850X3D, men den rykta Ryzen 9 9950 X3D2 såg me ikkje noko til.

I etterkant av pressekonferansen har AMD indirekte bekrefta prosessorens eksistens overfor Computerbase.de.

Nettstaden spurde AMD om prosessoren, og fekk til svar at ein må følge med for oppdateringar seinare.

I desember kom det ei lekkasje av testmålingar av Ryzen 9 9950X3D2. Denne har dobbel 3D V-Cache samanlikna med den vanlege 9950X3D – som me nyleg testa for vår testrigg.

HardwareLuxx intervjua AMD om fordelen med dobbel 3D V-Cache for rundt eit år sidan. AMD uttalte då at det neppe ville løfte spelyting vidare, men mykje kan skje på eit år.

Siste fra forsiden