Sniktitt

EVE-VR

Galskap i rommet med EVE Online og Oculus Rift.

LOS ANGELES (Gamer.no): Noko av det mest spanande eg såg på heile E3-messa år er utan tvil EVR. Dette romskipspelet frå CCP – utviklarane av EVE Online – plantar deg i cockpiten på eit lite romskip, før du blir kasta rundt i ei kappjakt mot andre spelarar.

Tankane går umiddelbart i alle retningar. Frå Tie Fighter til Ace Combat har vi sett mykje rart på «dogfight»-fronten opp gjennom åra, men EVE-VR tar kaka. Dette er ikkje berre eit spel der du jagar etter andre skip i rommet. Det er eit spel der Oculus Rift tryllar deg inn i ei heilt anna verd på ein måte som er både ekstatisk og nesten litt ubehageleg på ei og same tid.

Det første du ser.

Total innleving

Den første suksessen til EVE-VR kjem når du har fått på deg brillene, legg nevane rundt kontrollaren (som var ein standard Xbox 360-kontrollar) og ser ned. Der finn du ein kropp, din nye kropp. Kanskje er den førebels berre ein statisk animasjon som aldri rører på seg, men det å kunne sjå deg sjølv medan du sit der og knugar stikkene får mykje å seie for kor lett det er å akseptere at du no er ein heilt annan stad.

I dei fleste spel som støttar Oculus Rift blir det heile ei utviding av standardopplevinga. Du sit kanskje i ro, men figuren du styrer har bein og armar som alle andre, og difor blir det lett ein kontrast mellom kva du gjer med kroppen din, og kva som skjer i spelet. Denne kontrasten kan bryte den totale innlevinga, men dette er ikkje eit dilemma i EVE-VR. Her er du pilot, det fell seg naturleg å sitje heilt i ro, og difor møter du ingen hinder som bryt innlevinga.

Når skipet ditt omsider skyt ut frå utskytingsrampa forsvinn alt anna. Du er i rommet. Du kan sjå rundt deg og studere verdsrommet på ein måte vi tidlegare berre har kunne draume om med mindre vi var astronautar. Fargane, lysa, stjernene som vrimlar over det beksvarte mørkret er overveldande. Gjennom cockpiten ser du så mykje meir enn du nokon gong har sett før.

Det er ikkje før cockpiten byrjar å blinke raudt og ei infernalsk uling varslar om rakettar på veg mot rumpa di at du vaknar og skjønar at dette er alvor.

Rommet er vakkert, og fullt av farar.

Smart og intuitivt

EVE-VR byr på to enkle, men uhyre effektive våpen. Med den eine avtrekkjaren på kontrollaren kan du fyre av ein laser som fungerer slik alle laserar har fungert sidan opningssekvensen til Star Wars: A New Hope. Den er super for tette kampar der du klarar å plassere deg rett bak eit fiendtleg skip, men for fiendar lengre unna er det rakettane som gjeld.

CCP har utvikla eit utruleg smart system for å la deg låse deg på fiendar før du fyrer av rakettane. Midt i synsfeltet har du eit sikte, dette siktet følgjer rørslene du gjer med hovudet. I staden for å måtte dytte stikka i retning skipet framfor deg, kan du berre vende hovudet ditt i riktig retning før du fyrer av rakettane. Denne kontrollmetoden gjev deg uhyre god presisjon, og let deg fokusere henda på å styre skipet presist, medan du nyttar reine instinkt til å sikte inn på fiendane.

Styringa av skipet er like enkel. Der du står fri til å sjå rundt deg i alle retningar, vil skipet køyre utelukkande basert på kva du gjer med stikkene. Strengt tatt treng du berre bruke ei stikke, sidan den venstre analogstikka roterer skipet i rommet, medan farten går av seg sjølv. Den høgre stikka kan brukast til å rulle frå side til side, men dette merka eg kjapt var risikosport av aller største sort.

Trailer frå EVE-VR.
Les også
Se hva du får i Xbox One-pakken

Kva trur du skjer om du sit i ein boks som brått byrjar å rulle kjapt i alle retningar? Du blir svimmel, uhorveleg svimmel. Eg skulle ikkje rulle frenetisk mange gongar – i eit fåfengt forsøk på å utmanøvrere nokre rakettar – før eg kjende ei enorm dirring i hovudet, og alt strengt tatt heldt fram med å gå rundt, sjølv om skipet mitt var stabilisert.

Ein langt betre taktikk viste seg å vere å bruke dei auga eg har fått, sjå rundt meg, finne ut kvar rakettane kom frå, før eg svinga hardt i motsett retning og fyrte laust turboen. Denne taktikken fungerte fint mange gongar, og gav meg i tillegg sjansen til å gå til åtak på bastarden som prøvde å ta meg.

Konklusjon

Det er sjeldan eg spelar spel som får blodet til å pumpe i like stor grad som EVE-VR. Ved å byggje opp eit spel som let deg sitje naturleg i ein cockpit, medan du brukar Oculus Rift-brillene til å sjå rundt deg som om du faktisk var der, har gjengen hos CCP skapt noko heilt unikt. Det heile er uhyre overbevisande, og det tek verkeleg ikkje lange tida før hjernen din har lete seg lure til å tru at du er ein jagarpilot i rommet.

Spelet er langt frå omfattande, og det er tydeleg at det skal ein del arbeid til før det kan bli ei full pakke, men den vesle versjonen eg fekk prøvd meg på var nok til at eg vil ha meir, og det kjapt. Kontrollane er enkle, du forstår umiddelbart kva du skal gjere, og det å kunne sjå rundt seg for å oppdage fiendar gjev absolutt ein heilt ny dimensjon til sjangeren.

Om CCP går hardt til verks for å lage eit utfyllande spel av EVE-VR, kan det bli noko verkeleg stort.

Siste fra forsiden