25
Sniktitt

Akatori

Fargerikt Metroidvania med austleg vri

Har Akatori det som skal til for å hevde seg blant kjempene?

Contrast Games

Det manglar ikkje på metroidvania-spel, og det er det ein god grunn til. Spela er artige, utfordrande, og enkle å plukke opp.

Med så mange spel å velje mellom skal det òg litt til å skilje seg ut.

Siste spel ut sjangeren er eit fargerikt eventyr som blandar austleg estetikk, med eit visuelt uttrykk som kunne ha vore plukka ut av PlayStation 1-tida. Vi møter jenta Mako som har vakse opp i eit tempel, og er ein kløppar i kampsport.

Det er fint å sjå på, det skal spelet ha.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mykje ved det vande

Akatori finn ikkje opp krutet på ny, men det er eit behageleg eventyr så langt. Spesielt det visuelle treff godt. Det er fargerikt og tydeleg, men og veldig variert. Eg likar at vi byrjar å bevege oss bort frå 8- og 16-bitgrafikken som åt opp nesten heile indieverda ei stund. Utviklarar leikar seg i større og større grad med å modernisere seinare konsollar, og det er moro.

Spelet byr òg på mykje visuell variasjon i den tida eg har spelt. Frå tempel langs spisse fjelltoppar, til djupe grotter som alle har tydeleg fargeprofilar som gjer det lett å forstå kvar du er.

Reint tekknisk er det ikkje mykje nytt å spore så langt. Dette er eit svært tradisjonelt metroidvania-spel der du spring fram og tilbake, oppdagar nye område, og kjempar mot fiendar.

Akkkurat her kunne spelet godt fått litt meir finpuss. Kampsystemet er litt vel snevert. Du kan slå fiendar med staven til Mako, og du kan slå den i bakken for å skade alt rundt deg, men eg saknar litt fleire triks å nytte mot dei tidvis mange fiendane.

Eg er heller ikkje heilt fan av at det tar tid å drikke ein helsedrikk, det er slikt som kan bety enden på reisa veldig fort.

Ei jaktscene må sjølvsagt med.
Øystein Furevik/Gamer.no

Godt nivådesign

Det kanskje aller viktigaste i eit spel som dette er godt nivådesign, og akkurat her ser det ut til at utviklarane har gjort leksa si.

Spelet er ikkje berre visuelt variert, men byr òg på god variasjon i korleis områda er bygde opp. Du kan hoppe langs plattformer, du kan slenge deg mellom bambussteneger, og gli gjennom lufta for å nå område langt borte.

No og då kastar spelet større utfordringar mot deg òg, som i form av eit havmonster som jagar etter deg medan du lar havstraumane føre deg vidare, før du må navigere rundt fallande steinar og andre hinder.

Nye verkty blir stadig tilgjengeleg, og du kan oppgradere dei du har.

Eit av dei viktigatse verktya til Mako er staven hennar. Den kan ho ikkje berre bruke til å angripe fiendar, men ho når du hoppar inntil ein vegg, vil ho stikke den inn, henge fast, og kan hoppe vidare. Med dobbelthopp allereie på plass, får du i praksis fire hopp om du treff skikkeleg. Staven kan òg brukast til å aktivere brytarar, eller dra fiendar mot deg.

Kampane hadde hatt godt av litt meir krydder.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Akatori ser ut til å kunne bli eit fint spel for metroidvania-fans. Det gjer ikkje mykje nytt, men det byr på ei vakker verd med ein fin visuell stil. Det er pent, fargerikt og variert, og med godt nivådesign bør det vere rom for mykje moro.

Eg er ikkje heilt solgt på kampsystemet. Det er litt for simpelt og byr ikkje heilt på den mobiliteten eg ynskjer i slike spel. Om du vil spele eit utfordrande spel med mykje nærkamp finnest det mange alternativ, og enn så lenge manglar Akatori det spesielle ekstra som får det til å stikke seg ut.

Akatori kjem i sal frå PlayStation 5, Switch, Xbox Series S/X og Windows (testa) i løpet av året. Du kan teste ein demo på Steam no.

Siste fra forsiden