FEATURE: Desse spela gler vi oss til i oktober
Feature
(Bilde: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i oktober

Her skal det prompast, skytast og hoppast. Helst i høg fart.

Som du kanskje har registrert, er julemarispanen allereie på veg ut i norske butikkhyller. Formålet med dette er som vi alle veit å minne den gemene hop på at det snart er jul, og at du har mange gåver å både ynskje deg, samt kjøpt til andre.

September stilte opp med ei rekke gode gåvealternativ. Metroid: Samus Returns sende Samus Aran tilbake til det ho kan best, Destiny 2 gav oss akkurat det vi ville ha, medan Divinity: Original Sin 2 viste seg å vere ikkje mindre enn eit av dei beste rollespela nokon sinne.

Oktober ser ut til å bli enda verre. Ei lang liste med spel skal lanserast, og alt tyder på at det blir hard konkurranse om å hamne under treet i år.

Middle-Earth: Shadow of War

Her blir det bråk.
Her blir det bråk. Foto: Warner Bros. Interactive Entertainment

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. oktober

Mange blei tekne på senga då Shadow of Mordor blei lansert i 2014. Spelet som ved første augekast såg ut som ein Tolkien-versjon av Assassin's Creed viste seg raskt å vere mykje, mykje meir. Med det spanande og nyskapande nemesis-systemet kunne du utvikle beinharde rivaleri med fiendane, og nettopp dette systemet får seg eit solid løft i oppfølgjaren. Vi likte godt det vi såg i vår sniktitt:

«Spelet er pent, og meir fargerikt enn forgjengaren. Nemesis-systemet verkar enda djupare, og omgjevnadane vil vere fulle av skapningar, dyr og figurer vi ikke såg teikn til tidlegare. Spelet bevarer og bygger vidare på dei mekaniske styrkene som gjorde originalspelet så populært.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Middle-Earth: Shadow of War

South Park: The Fractured But Whole

South Park: The Fractured But Whole byr på solide doser vågal humor.
South Park: The Fractured But Whole byr på solide doser vågal humor. Foto: Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 17. oktober

Det første South Park-rollespelet blei ei festeleg overrasking der den klassiske South Park-humoren fekk boltre seg i eit turbasert rollespel utanom det vanlege. Oppfølgjaren ser ikkje ut til å tone ned prompehumoren, og ungane i South Park har slutta å leike fantasy-heltar, til fordel for superheltar. Vi kunne i vår sniktitt stadfeste at South Park framleis er South Park:

«Mange av setningane eg har skrive i denne sniktitten er setningar eg aldri hadde trudd eg skulle skrive. Spelet ser ut til å vere fullt av humor heilt på grensa, funksjonell nær- og langdistansepromp, djupe kampar og ei satirisk og underhaldande historie. Det heile renn rett og slett over av South Park-ånd.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på South Park: The Fractured But Whole

Gran Turismo Sport

Gran Turismo Sport lovar intens racing.
Gran Turismo Sport lovar intens racing. Foto: Polyphony Digital

Plattform: PlayStation 4
Ute: 18. oktober

Der Microsoft sørgjer for å pumpe ut eit bilspel i året, har Sony teke det hakket meir med ro. Gran Turismo-serien har vore respektert og elska heilt sidan PlayStation-dagane, og det er ikkje utan grunn. Utviklarane hos Polyphony Digital har konsekvent levert varene, og vi håpar årets spel ikkje blir noko unntak. Etter vår sniktitt å døme vil spelet bugne over av innhald:

«Det blir ikkje mangel på ekstra innhald i Gran Turismo Sport då profilsider, sosiale mekanikkar og eige førarkort berre er noko av det som skal gjere at bilgleda kjem nærare deg.  Nasjons- og produsentcupane verkar engasjerende, og treningsmodusane høyrest ut som omfattende verkty for dei som ynsker å gjere det stort.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gran Turismo Sport

Super Mario Odyssey

Kan Super Mario Odyssey hevde seg mot eldre perler?
Kan Super Mario Odyssey hevde seg mot eldre perler? Foto: Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 27. oktober

Nintendo har hatt eit knallår så langt etter lanseringa av Nintendo Switch, og det ser absolutt ikkje ut til at dei har tenkt å roe ned. Denne månaden er det endeleg eit nytt eventyr med vår alles kjære Mario som står for tur. Dette kan sjå ut til å bli det største Mario-spelet nokon sinne, og av vår sniktitt å døme kan det kanskje til og med bli eit av dei beste:

«Eg fekk spelt Super Mario Odyssey ganske lenge, og basert på tida mi med det ser dette ut til å ta form som eit beist ein lett kan plassere på nivå med Super Mario Galaxy og 64. Musikken er fabelaktig, nye element som hurtigreise og overstyring av fiendar er hermed tatt i mot med takk, og spelmekanikkene er gode og intuitive på ein måte svært få andre enn Nintendos Mario-team får til.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Mario Odyssey

Wolfenstein II: The New Colossus

Wolfenstein II: The New Colossus blir blodig i alle fall.
Wolfenstein II: The New Colossus blir blodig i alle fall. Foto: Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 27. oktober

Det var mange som gleda seg over å gje nazisvina grisepryl då Wolfenstein returnerte med The New Order for nokre år sidan. Nazistane vann andre verskrig, noko som resulterte i ei alternativ historierekning av den eksplosive sorten. Aller best var uansett den heftige skytinga, og den ser det ut til at vi får meir av i oppfølgjaren.

«Skytinga, med dei mange valmoglegheitene, er enda meir tilfredsstillande denne gongen. Med den nye kraftdrakta er også Blazkowicz langt meir mobil enn tidlegare, noko som opnar for enda meir heseblesande skotvekslingar. Bretta lar deg velje din eigen framgangsmåte, akkurat som før, men eit mer variert utval fiendar gjer at du stadig oftare må tilpasse spelestilen din undervegs for å nå dine mål.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wolfenstein II: The New Colossus

Eit dyrt skred

Kva er vel betre enn ein pyramide i solnedgang?
Kva er vel betre enn ein pyramide i solnedgang? Foto: Ubisoft

Oktober anno 2017 veller over av store spel, og langt fleire enn vi har plass til blant våre fem utvalde. Til dømes kjem racingspelet Forza Motorsport 7, som blir danka ut av lista utelukkande fordi det er lengre sidan førre Gran Turismo-spel. Assassin's Creed Origins er eit anna storspel vi ser fram til, men vi likar orkar hakket betre.

Eit anna spel som godt kunne funne seg til rette på topplista vår er grøssaren The Evil Within 2. Igjen er det Resident Evil-skaparen Shinji Mikami som står for regien, så det er all grunn til å glede seg.

Frå Mikamis tidlegare arbeidsgjevar Capcom kjem Dragon's Dogma: Dark Arisen, eit spel som har vore med i denne artikkelserien før. Denne gong er det PlayStation 4 og Xbox One som får besøk frå fantasyrollespelet, noko som betyr at underteikna skal spele gjennom eventyret for fjerde gong.

Rollespelet Elex lanserast òg denne månaden. Dette er det nye prosjektet frå Gothic-skaparane hos Piranha Bytes. Kjenner du til spelar deira, veit du at dette blir detaljerte greier. For eit litt meir lettbeint eventyr kan kanskje grottekravlaren Battle Chasers: Nightwar vere noko for deg. Dette spelet er basert på den gamle Battle Chasers-teikneserien, og byr på svært lekker og fargerik grafikk, samt turbaserte kampar inspirert av japanske rollespel.

Battle Chasers: Nightwar ser svært snasent ut.
Battle Chasers: Nightwar ser svært snasent ut. Foto: Airshop Syndicate

Apropo japanske rollespel lanserer Nintendo ein utvida og oppussa versjon av Game Boy Advance-rollespelet Mario & Luigi: Superstar Saga + Bowser's Minions på 3DS. Dette er derimot ikkje alt Nintendo har å by på denne månaden. Fire Emblem Warriors lanerast på Switch og 3DS. Du gjettar det kanskje av namnet, men dette blir eit actionspel frå utviklarane av Dynasty Warriors-serien der du skal denge laus på store mengder fiendar.

Nintendo Switch får òg besøk frå det vakre og herlege eventyrspelet Rime. Fekk du ikkje dette spelet med deg tidlegare i år, bør du nytte sjansen no.

Eit anna spanande eventyr lanserast og denne månaden, sjølv om det er av ein heilt anna sort. I PlayStation 4-spelet Hidden Agenda skal du løyse eit mordmysterium, medan fleire spelarar kan bruke mobilane sine for å styre handlinga.

Om dette ikkje er spanande nok for deg, kan det kanskje hjelpe med litt stramt koreografert vald i wrestlingspelet WWE 2K18. Eventuelt kan du prøve deg på PC-versjonen av Destiny 2.

Heilt til slutt tek vi med eit par eldre spel som kjem tilbake på ny. Actionspelert Rogue Trooper er tilbake på nye plattformer, medan Age of Empires: Definitive Edition blir lansert for eit strategihungrig publikum.

Det var alt for denne gong. Finn deg eit pledd og nyt den komande kulda.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Elex [Playstation 4]

Elex [PC]

The Evil Within 2 [Playstation 4]

The Evil Within 2 [Xbox One]

Fire Emblem Warriors [Switch]

Middle-earth: Shadow of War [Playstation 4]

Super Mario Odyssey [Switch]

Rogue Trooper Redux [Playstation 4]

South Park: The Fractured But Whole [PC]

Gran Turismo Sport [Playstation 4]

South Park: The Fractured But Whole [Playstation 4]

South Park: The Fractured But Whole [Xbox One]

Middle-earth: Shadow of War [Xbox One]

WWE 2k18 [PC]

Wolfenstein II: The New Colossus [PC]

WWE 2k18 [Playstation 4]

Wolfenstein II: The New Colossus [Playstation 4]

Rogue Trooper Redux [Xbox One]

Wolfenstein II: The New Colossus [Xbox One]

Destiny 2 [PC]

Assassin's Creed Origins [Playstation 4]

Mario & Luigi: Superstar Saga + Bowser's Minons [3DS]

Assassin's Creed Origins [Xbox One]

The Evil Within 2 [PC]

Assassin's Creed Origins [PC]

Rime [Switch]

Battle Chasers: Nightwar [PC]

Elex [Xbox One]

Battle Chasers: Nightwar [Xbox One]

WWE 2k18 [Switch]

Dragon's Dogma: Dark Arisen [Xbox One]

WWE 2k18 [Xbox One]

Battle Chasers: Nightwar [Playstation 4]

Rogue Trooper Redux [PC]

Battle Chasers: Nightwar [Mac]

Rogue Trooper Redux [Switch]

Dragon's Dogma: Dark Arisen [Playstation 4]

Age of Empires: Definite Edition [PC]

Forza Motorsport 7 [Xbox One]

Fire Emblem Warriors [3DS]

Forza Motorsport 7 [PC]

Hidden Agenda [Playstation 4]

Middle-earth: Shadow of War [PC]

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 220,-
På lager 390,-

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 244,-
Nedlasting 279,-
Forventet lagerdato 439,-

Beste priser

På lager 275,-
På lager 328,-
På lager 329,-
Forventet lagerdato 343,-

Beste priser

Nedlasting 202,-
Forventet lagerdato 248,-
På lager 275,-
Ikke på lager 299,-

Beste priser

På lager 299,-
Forventet lagerdato 427,-
Ukjent lagerstatus 440,-
På lager 478,-

Beste priser

På lager 488,-
På lager 488,-
På lager 496,-
På lager 499,-

Rogue Trooper Redux [Playstation 4]

Beste priser

Forventet lagerdato 256,-
På lager 429,-
På lager 495,-
På lager 521,-

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 228,-
På lager 248,-
På lager 249,-

WWE 2k18 [PC]

Beste priser

Ikke på lager 465,-
Forventet lagerdato 571,-
Nedlasting 580,-
Forventet lagerdato 589,-

WWE 2k18 [Playstation 4]

Beste priser

Forventet lagerdato 288,-
På lager 345,-
På lager 448,-
På lager 460,-

Rogue Trooper Redux [Xbox One]

Beste priser

Nedlasting 242,-
På lager 295,-
Forventet lagerdato 295,-
På lager 298,-

Beste priser

Nedlasting 269,-
På lager 429,-
På lager 438,-
På lager 489,-

Beste priser

På lager 369,-
Forventet lagerdato 369,-
På lager 486,-
På lager 545,-

Mario & Luigi: Superstar Saga + Bowser's Minons [3DS]

Beste priser

Nedlasting 248,-
På lager 319,-
Forventet lagerdato 369,-
Nedlasting 372,-

Beste priser

Nedlasting 159,-
Nedlasting 175,-
På lager 199,-
På lager 439,-

Beste priser

Nedlasting 272,-
Forventet lagerdato 539,-
Nedlasting 579,-

Beste priser

På lager 298,-
På lager 398,-
På lager 399,-
På lager 399,-

Battle Chasers: Nightwar [PC]

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 220,-
På lager 258,-
Nedlasting 425,-

Battle Chasers: Nightwar [Xbox One]

WWE 2k18 [Switch]

Beste priser

På lager 179,-
Nedlasting 193,-
Forventet lagerdato 229,-
Forventet lagerdato 237,-

WWE 2k18 [Xbox One]

Battle Chasers: Nightwar [Playstation 4]

Rogue Trooper Redux [PC]

Battle Chasers: Nightwar [Mac]

Rogue Trooper Redux [Switch]

Beste priser

På lager 228,-
Forventet lagerdato 236,-
På lager 245,-
Ikke på lager 275,-

Beste priser

Nedlasting 96,-
Nedlasting 120,-
Forventet lagerdato 179,-

Beste priser

Forventet lagerdato 279,-
På lager 316,-
På lager 316,-
Nedlasting 414,-

Beste priser

På lager 179,-
På lager 295,-
Forventet lagerdato 309,-
På lager 310,-

Beste priser

Forventet lagerdato 179,-
På lager 204,-
Nedlasting 414,-
Nedlasting 483,-

Hidden Agenda [Playstation 4]

Beste priser

Forventet lagerdato 129,-
Nedlasting 159,-
Forventet lagerdato 395,-
Nedlasting 400,-

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen