Anmeldelse

Divinity: Original Sin 2

Eit av tidenes beste rollespel

Divinity: Original Sin 2 vil gå inn i spelhistoria som ein moderne klassikar.

Larien Studios

Vakker felemusikk ljomar utover landskapet. Fuglesongen frå den klamme jungelen blandar seg med den illevarslande buldringa av ein vulkan, mens eg høyrer stønn frå nokre stakkarar i andeverda. Det går kaldt nedover ryggen på meg. Ikkje fordi det er spesielt skummelt, men det er noko heilt spesielt med stemninga. Noko kjenst berre rett.

Den fargerike jungelen er berre ein av eit utal ulike brett som ein kjempar seg gjennom i Divinity: Original Sin 2. Alle er dei like velskapte, like flotte. Den audiovisuelle opplevinga er av aller høgaste kvalitet. Likevel, det er kanskje det eg tenkjer minst på når eg reflekterer over tida mi med det gigantiske rollespelet. Det er nemleg forsvinnande lite som utviklar Larian Studios har bomma på med Divinity: Original Sin 2.

Tilbake i Rivellon

Forteljinga tar oss med tilbake til Rivellon, rundt tusen år etter hendingane i det første spelet. Det er nokre peik til Divinity: Original Sin her og der, men ein treng ikkje ha spelt det første.

Nokre av scenane tar pusten frå deg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Hovudpoenget med historia i spelet er å bli ein gud. Det er derimot berre ein av figurane på laget ditt som faktisk kan bli guddommeleg, så du må konkurrere mot venene dine om å «vinne» spelets historiemodus. Utviklaren har blanda fleirspelar og einspelar saman, i eit slags konkurransebasert samarbeidsspel. Det er innovativt, og ærleg talt sabla kult. Samspelet mellom dei ulike figurane får òg eit nytt nivå med dette, då du må sørge for at venene dine støttar deg, og er einige i handlingane du tar.

Denne nye vrien på den klassiske «heroes journey»-floskelen gjer at eg ikkje bryr meg så mykje om at handlinga er ein smule føreseieleg til tider. Spelet byr på enorme mengder med ulike oppdrag, fordelt over sju kapittel. Omtrent alt held imponerande høg kvalitet, og det utan å gå i dei klassiske rollespelfellene, med å legge for mykje fokus på pretensiøse skildringar av omgivnadane slik Torment: Tides of Numenera gjorde tidlegare i år. Det er dialogane og handlinga som ligg i fokus. Nett slik det skal vere for å skape gripande spaning.

Fleire steg fram frå det første spelet

Dei som er interesserte i rollespel, veit at det kan gå med forbausande mykje tid på å lage seg ein figur. Slik sett gir Divinity: Original Sin 2 deg ein smakebit på det som kjem. Eg brukte nesten førti minutt på å finne ut kven eg skulle spele, og kva eigenskapar ho skulle ha.

Litt upraktisk den hjelmen, kanskje?
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Figurskaparen har fått nokre oppgraderingar sidan sist. I det førre spelet kunne du velje mellom to figurar, ei handfull ulike klassar og eigenskapar, samt endre litt på utsjånaden. Divinity: Original Sin 2 tar dette til eit heilt nytt nivå. Alt som var der frå før er framleis på plass, men no er det mykje meir å velje mellom. Utviklarane har også lagt til nokre unike figurar (du kan endre klasse/stats på dei), som har eigne bakgrunnsforteljingar. Historiene deira pirra med ein gong interessa mi, så det var litt vanskeleg å velje kven eg ville ta. Til slutt enda eg opp med den berømte musikaren Lohse, ei vakker kvinne med ein vakker stemme. Problemet er berre at nokon held på å ta over sinnet hennar, og alle som høyrer ho synge blir gale. Litt upraktisk, men det måtte jo bli nokre fascinerande eventyr ut av dette.

Det tar ikkje så mykje meir enn ein time før eg har fått samla tre av dei andre «origin character»-typane på laget mitt. Du kan fritt velje kva klasse og ferdigheiter dei skal ha når du inviterer dei med deg, så det er greitt å prioritere bakgrunnsforteljingane som verkar mest spanande.

Brutal vanskegrad

Eg får bryne meg på kampsystemet saman med dei nye venene mine heilt frå byrjinga, og steike så mykje betre dei turbaserte kampane kjenst no enn i det første. Fleire klassar og ferdigheiter er eit pluss, men den største forskjellen kjem av korleis rustning mot fysiske- og magiske angrep er handtert no. Der utstyret til figuren din berre reduserte skaden fiendane tok på deg i det første spelet, er rustninga no ein del av helsebaren din. For å drepe nokon må ein no først gjere nok skade på fienden til å fjerne enten den fysiske eller magiske rustninga, for så å gjere skade på helsebaren. Det er heller ikkje mogleg å bruke «crowd control»-trolldom på fiendane før ein har kvitta seg med rustninga deira. Dette legg til eit nytt lag på det allereie særs taktiske kampsystemet, for du må i mykje større grad planlegge kven du vil drepe først.

upraktisk og ubrukeleg som rustning.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kreativitet er framleis kjernen til kampane, slik det var i det første spelet. Det er direkte imponerande kor mange ulike tilnærmingar det er mogleg å ta. Angripa dine har basis i ulike element, som eld, vatn, straum, gift, blod og så vidare. Alle desse kan kombinerast. Brukar du til dømes eit elektrisk angrep på blod, så vil dei som står i blodet bli «sjokka». Hiv på eit litt regntrolldom på toppen, så vipps er fienden lamslått. Denne store valfridomen i korleis ein taklar kampane, gjer òg at dei ulike gjennomspelingane blir veldig forskjellege.

Det tar ei stund før ein får med seg alle dei ulike alternativa, og det blir fort nokre misforståingar på vegen. Opptil fleire gongar har eg gjort langt meir skade på mitt eige lag enn på fienden sitt, som sikra sigeren for det andre laget. Hysterisk morosamt til tider, men steike så irritert eg blir på meg sjølv. Er det noko som går galt, så er det hundre prosent min eigen feil.

Men kampane er ein smule vanskelege. Beinharde til tider, faktisk. Eg gjorde eit forsøk på den nest høgaste vanskegraden først, men fann fort ut at eg sikkert ville brukt over 150 timar på å gjere ferdig spelet i det tempoet, så eg skrudde ned til «Classic» for å bli ferdig med omtalen. Sjølv der er nokre av kampane ekstremt utfordrande. Ein er avhengig av å få tak i nytt utstyr og lære ny trolldom frå fiendar og handelsmenn heile tida.

Sjølv om kampane er vanskelege, er dei samtidig ekstremt givande. Spesielt ein kamp peikar seg ut når eg ser tilbake på tida mi med spelet, der eg kjempa mot ein gjeng demonar i «Blackpits»-området. Første runde av kampen tok meg kanskje tjue minutt, før ein figur som eg skulle beskytte døydde. Javel. Då fekk eg vel byrje om att. Ikkje noko problem det. I neste runde gjorde eg ein feil i byrjinga, men satsa på at det kom til å gå greitt. Det gjorde det ikkje. Eg prøvde nok ein gong, og då gjekk det endeleg bra. På det tidspunktet hadde eg brukt godt over ein time på ein enkelt kamp, og gjort dei same trekka tre gongar. Det utan å keie meg eitt einaste sekund. Det seier litt om kor mykje moro spelet eigentleg byr på.

Sjølvie med gjengen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vanskegraden blir tatt til eit heilt nytt nivå (viss ein speler på «Classic», i alle fall) med dei ulike puslespela. Steike så vanskelege nokre av dei er. No skal det seiast at eg er ganske dårleg på slike ting, men det å gjennomføre nokre av puslespela utan ein guide av noko slag tok meg overraskande lang tid. Med visse gåter er det berre prøving og feiling som fungerer, spesielt dei eg berre kunne løyse med å ha så og så mange poeng i visse ferdigheitskategoriar. Ein liten tolmodsprøve det der, men til gjengjeld kjende eg meg som reine Einstein (vel, nesten) etter å ha klart dei. Meistringskjensla er sentralt i gode puslespel, og den er på plass.

Velpolert mastodont

Store rollespel er ofte stappfulle av småfeil (*host* Bethesda-spel *host*). Det er derimot direkte imponerande kor velpolert Divinity: Original Sin 2 er. I løpet av rundt 100 timar har eg berre vore borti ein skikkeleg småfeil som øydela ein kamp, elles har det knapt vore noko som helst. Det einaste som har irritert meg med spelet er rørslesystemet. Viss du skal flytte fleire figurar i ulike retningar på ein gong blir det surr. Spesielt når eg skal snike meg forbi fiendar, så er det litt irriterande at folka mine plutseleg finn ut at dei skal handhelse på eit eller anna vandrande skjelett. Dette skjer når datamaskinen prøver å unngå overflater som gift og eld, så eg forstår kvifor det er slik, men det må vere ein betre måte å designe systemet på.

Lagersystemet kunne også vore noko meir ryddig. Det er vesentleg enklare enn i det førre spelet, med ei oversikt for alle figurane på same side, men eg saknar ein funksjon for å søke blant gjenstandane mine. Sjølv om eg kan sortere etter vekt, kategori, storleik og så vidare, får ein veldig mange gjenstandar mot slutten av spelet. Då tar det ei stund å finne fram til det ein vil ha.

Humoren er tona litt ned frå forgjengaren, og treff ofte blink.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Til sjuande og sist er det berre nokre bagatellar. Skikkelege lagersystem er det sjeldan spel får til, så eg kan unnskulde Larian Studios der. Divinity: Original Sin 2 har difor imponert meg frå ende til annan. Og nemnde eg at spelet har eit heilt fantastisk verktøy i fleirspelaren? Nei, vel, då må eg fortelje deg litt om Game Master-modusen òg.

Det har seg nemleg slik at utviklaren har skapt eit eige verktøy for dei som vil fullstendig skreddarsy si eiga forteljing til spelet. Med Game Master kan du sjølv lage din eigen Dungeons and Dragons-kampanje sett i universet til Divinity: Original Sin 2 (eller du kan laste ned nokon andre sin på Steam Workshop). Alt frå våpen, magi, områder, vêrtypar til figurar kan du gi nye eigenskapar og namn. Det er i praksis eit moddeverktøy som du ikkje treng eit fnugg av teknisk kompetanse for å bruke. Eg er stort sett forsiktig med å bruke omgrepet «genialt», men her er det faktisk på sin plass.

Konklusjon

Divinity: Original Sin frå 2014 var eit fabelaktig rollespel, som samla mange av sjangerens fremste styrkar. Det gav oss ei heidundrande forteljing, eit skinande kampsystem, og ein enorm, interessant verd å utforske.

Nokre av skildringane er i overkant levande.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg fekk ikkje spelt Divinity: Original Sin før i fjor, men da eg først prøvde det, spelte eg sinnsjukt mykje på kort tid. Det gjorde sjølvsagt at eg hadde høge forhåpningar til oppfølgjaren, og gjett om dei har blitt så til dei grader oppfylte. Eg har no spelt over hundre timar på ti dagar, og det er ved sia av ein fulltidsjobb og deltidsstudering. Ikkje sidan eg først spelte The Witcher 3: Wild Hunt har eg spelt så mykje på kort tid. Frå fredag til søndag i den første helga klokka eg inn 39 timar.

Valfridomen til å gjere nett det du vil er sentralt i Divinity: Original Sin 2. Verda er kanskje ikkje like open som i eit Bethesda-rollespel, men her er det vesentleg meir å hente. Kampsystemet har tilsynelatande uendelege valmoglegheiter, der berre din eigen mangel på kreativitet står i vegen for å vinne.

Eg har alltid vore veldig gniten med karakterane mine i omtalar. Av dei rundt 400 - 500 spela eg har vore gjennom, er det berre to som har stått til ein 10/10-karakter for meg. To har blitt til tre. Sjeldan har eit spel gitt meg så mykje som det Divinity: Original Sin 2 har gjort. Det byr på ei eksepsjonell oppleving, som berre blir betre med tida. Eg gleder meg allereie til å byrje på ein ny runde (etter at eg har leika meir med Game Master-modusen, sjølvsagt), denne gongen med ein kompis eller tre.

Divinity: Original Sin 2 er ute på PC. Skribenten har skreve omtalen basert på ein gjennomspeling utan samarbeid med andre spelarar.

10
/10
Divinity: Original Sin 2 - Definitive Edition
Divinity: Original Sin 2 er eit fyrverkeri av eit rollespel.

Siste fra forsiden