25
Kommentar

Går dei mot ein ny fiasko?

Nyskaping er ikkje alltid den rette kuren for store spelseriar. Battlefield vil tilbake til start, og det kan vere eit lurt grep.

Mikkjell Lønning
Redaktør for feature og hardware
EA

Me treng berre dette siste punktet for å vinne kampen. Marginane er små. Det andre laget har nokre få poeng mindre enn oss, men kjem til å ta leiinga og sigeren om me ikkje tar A-punktet.

Ein rakett dundrar inn i veggen over oss. Heile huset dirrar.

Sigeren er berre nokre tastetrykk unna der eg og troppen min kikkar ned på punktet frå nokre vindauge og plaffar ned kakikledde soldatar.

Ei stridsvogn kjem ut av ingenting og raserer alt.

Mursteinane fell som snøfnugg, fiendane peprar skot frå fire ulike retningar og figurane våre kastar seg ut av huset før det kollapsar i ein sky av støv, kuler og eld.

Eit jagarfly flerrar gjennom himmelen over oss, og som for å helle salt i såret der me ligg totalt omringa, slepp det ei bombe ned mot dei hjelpelause kroppane våre.

Me døyr momentant. Det gjer også draumen om ein stolen siger i siste augeblikk, men likevel sit me igjen med smil om munnane våre og ei kløe etter å starte ein ny runde i natta.

Sjølv om klokka nærmar seg tre, kan søvnen vente.

Me er hekta.

Kjipt nok er det enno to månadar til Battlefield 6 faktisk lanserer. Den opne betatesten har sett rekordar for serien, og blir seld som ein retur til røtene av Battlefield.

Marknadsførarane til både Call of Duty og Battlefield likar å kaste rundt seg klisjear som «boots on the ground» når dei skal bygge på eigen storleikstid, og Battlefield 6 er ikkje noko unntak når dei hentar inspirasjon frå fanfavorittar som Battlefield 3, 4 og Bad Company 2.

Når ein først kjem inn i flytsonen, og alt går som det skal, er Battlefield 6 aldeles herleg.

Fans har spurd om det i mange herrens år. Battlefield 6 er i praksis ein god, gammaldags «crowd-pleaser», som kjem etter eit tiår med eksperimentering av varierande utfall.

I seriens 23 år lange historie står Battlefield 2042 igjen som eit botnpunkt.

Activision har gjort det same med Modern Warfare-titlane med enorm kommersiell suksess, sjølv om dei nye MW-spela har svært lite til felles med dei gamle – og heller ikkje kjem i nærleiken av å leve opp til dei.

Min kollega Espen Jansen meiner Battlefield 6 tidvis er kjedeleg og manglar særpreg.

Mi oppleving gjer ikkje hans inntrykk av spelet feil.

Grunnen til at eg ville skrive denne teksten, var at det skildrar ein skvis som utviklaren av lange seriar ofte hamnar i – om det så gjeld dataspel eller film.

Dette vil også dele spelarbasen.

Skal utviklaren ta kreativ risiko og lage noko nytt, eller skal dei bygge vidare på det kjende og kjære?

EA

Det finst ikkje noko rett svar. Alternativ to er som regel det enklaste, og det er ofte det spelarane trur dei vil ha.

Nyskaping fordrar suksess. Du risikerer å rive din eigen tillit i fillebitar om du både går vekk frå det som fungerer og samtidig leverer noko som ikkje gjer det.

Eg meiner Battlefield 1 er det einaste som har lukkast med slik nyskaping det siste tiåret. Battlefield: Hardline og Battlefield 2042 ser eg på som døme på det motsette.

Intern innovasjon er også ein farleg balanseleik.

Det er både kjekt og nødvendig å ta sjansar, men når Battlefield 2042 lånte frå helteskytarar som Rainbow Six Siege og Overwatch, viska utviklarane ut identiteten til serien.

Call of Duty har gjort nett det same, men har som eit meir arkadeprega skytespel også ein lågare terskel for eksperimentering.

Det aller beste er sjølvsagt når ein både kan gjere noko nytt og å få det til. Når ein klarar å overraske spelarane positivt med noko dei ikkje visste dei ville ha, noko helteelementa også kunne gjort om spelet elles heldt vatn.

Battlefield 6 tar slik sett den sikre ruta heim. Dice vil tilbake til Battlefield i både sjel og form, men så lenge det grunnleggande sit, kan det vere det rette steget framover.

Det aller viktigaste i eit skytespel er solid skytekjensle, eit engasjerande utval av våpen, eit jamt og tilfredsstillande rørslesystem og balanserte og engasjerande kart og modusar.

Riflene i spelet er skikkeleg tilfredsstillande å bruke.

Counter-Strike er eit levande døme på kvifor ein ikkje treng å tulle så mykje med oppskrifta så lenge ein har fått til desse ingrediensane.

I eit nettskytespel er kvar kamp annleis. Du møter stadig nye fiendar i andre scenario, og treng eigentleg berre det stødige grunnfjellet for å skape evig underhaldning.

For Battlefield sin del må me krydre ingredienslista vår med vellukka system for køyretøy, fly, klassar og øydelegging.

I mine 20 timar med spelet scorar Battlefield 6 høgt på alt dette.

Fiendar er tidvis for vanskelege å sjå, spottemekanismen er for kraftig og nokre av karta er ubalanserte.

Eit par tilfelle av magnetiske kuler som følger meg rundt vegger gjer meg bekymra for at Battlefield 6 slit med nettkoden, ein annan essensiell ingrediens.

Det er ein del småplukk, men alt det viktigaste er på plass. Så er me berre i betaen enno.

På den rette flankeruta kan du føle deg som ein krigsgud der du herjar med motstandarane og klatrar til toppen av resultatlista.

Det er utruleg gøy å ta over eit heilt kart saman med eigen tropp i ein tanks eller eit helikopter, og mange av våpena har både den rette lyden og kjensla når ein trykkar på avtrekkaren og ser munningselden male skjermen oransj.

EA

DICE kan ikkje skryte på seg dei heilt store kunstnarlege vågestykka, for Battlefield 6 er trygt og heimekoseleg, men det er også botnsolid, gøy og spennande.

Kommersiell suksess er alltid det viktigaste for store seriar som Battlefield og Call of Duty. Som ihuga fan av klassiske skytespel har eg kjend på ein stor frustrasjon over at desse utviklarane ikkje fattar kva som gjorde dei gamle spela deira så bra.

Det er for tidleg å konkludere om Dice faktisk går heilt tilbake til røtene, men mykje tydar på at spelarane vil ha det.

Den største overraskinga med Battlefield 6 er kanskje at det ikkje er noko overrasking her i det heile. Spelarane har spurd om noko som liknar Battlefield 3 og 4 i snart eit tiår, og no ser det ut som dei faktisk får det.

For min del verkar spelet som eit blinkskot. Dette blir det første skytespelet eg kjøper ved lansering på årevis.

Battlefield 6

Battlefield 6

Siste fra forsiden