Halo 3: ODST kjem til Xbox One

Microsoft beklagar Halo: The Master Chief Collection-problema med gratis spel.

Mange såg fram til at dei fire spela om Halo-helten Master Chief skulle lanserast på Xbox One i november. Dei som først og fremst ville spele gjennom historia fekk det dei håpa på, men om du var blant dei som først og fremst såg fram til å spele på nett var lanseringa av Halo: The Master Chief Collection ei katastrofe.

Nettfunksjonaliteten i samlepakka har vore av horribel kvalitet, og det har vore uhyre vanskeleg å kome seg inn i eit spel. Sidan lanseringa av The Master Chief Collection har Microsoft og Halo-teamet hos 343 Industries oppdatert spelet fleire gongar, men situasjonen er framleis ikkje optimal.

Tilbyr plaster på såret

Halo 3: ODST blir pussa opp.

I eit nytt brev til spelarane har 343 Industries-sjef Bonnie Ross igjen beklaga situasjonen, og fortel samtidig at utviklarane har planar om å gje spelarane meir innhald som plaster på såret.

Alle som har spelt på nett sidan lanseringa av The Master Chief Collection, og fram til 19. desember vil få ein månad Xbox Live Gold gratis, samt ei namneplate og ein avatar å bruke i spelet.

Den største gåva 343 Industries har i vente for spelarane som har spelt The Master Chief Collection sidan lansering er derimot at Halo 3: ODST vil bli inkludert i The Master Chief Collection. Som med dei andre spela i samlepakka vil Halo 3: ODST bli presentert i 1080p med 60 bilete i sekundet. Arbeidet på denne porteringa har nett starta, og det er difor ikkje sagt noko om når vi kan vente den lansert. Dei som enno ikkje har spelt The Master Chief Collection vil måtte betale for Halo 3: ODST.

I tillegg til dette har 343 Industries lytta til spelarane, og bestemt seg for å pusse opp fleire kart frå Halo 2. Først ut er Relic.

Den neste oppdateringa for Halo: The Master Chief Collection vil bli lansert neste veke. Den vil i tillegg til å kome med yttarlegare forbetringar innehalde alle dei ti episodane i Halo 4-modusen Spartan Ops.

Siste fra forsiden