Halo: Spartan Assault kjem til Steam

Men Microsoft har ingen planar om fleire Halo-spel på Valves nettbutikk.

Halo-serien har for det aller meste gjeve oss skytespel i førsteperson der vi tek opp kampen mot den utanomjordiske rasen Covenant. Nokre krumspring har vi likevel sett. I Halo 3: ODST tok vi på oss rolla som elitesoldatar, medan Halo: Reach introduserte oss for eit knippe spartanarar i tida før det første Halo-spelet.

Ved sidan av desse skyespela har serien òg fått eit strategispel i form av Halo Wars, medan fjoråret gav oss stikkeskytaren Halo: Spartan Assault. Dette spelet har så langt vore tilgjengeleg på Windows 8, Windows Phone, Xbox One og Xbox 360. No kan Gamespot fortelje at det vil kome til Steam 4. april. Med det vil PC-spelarar som har valt å styre unna Windows 8 enn så lenge få sjansen til å krige mot Covenant i fugleperspektiv.

Einaste Steam-Halo enn så lenge

Halo: Spartan Assault byr på actionfylt stikkeskyting.

Tidlegare har både Halo: Combat Evolved og Halo 2 fått PC-versjonar, men dei andre spela i serien har helde seg til konsollar. At Halo: Spartan Assault kjem til Steam er likevel ikkje eit teikn på at meir er på veg, i følgje Microsoft. Til GameSpot fortel ein Microsoft-talsmann at dei ikkje har nokon planar for fleire Halo-spel på Steam akkurat no.

Sidan lanseringa av den første Xbox-konsollen har Microsoft først og fremst satsa på desse maskinene når selskapet har produsert spel. Halo-serien har vore svært viktig i den strategien, og hausten 2012 fekk det første Halo-spelet ei HD-oppussing. Over ei tid no har det versert rykte om at Halo 2 vil få same behandling. Microsoft har ikkje stadfesta dette utover at Halo-eventyret på Xbox One vil starte i 2014, men i eit intervju med IGN har Xbox-sjef Phil Spencer fortalt kva han meiner er viktig om dei skulle lage eit Halo 2 Anniversary:

«I denne fiktive verda der dette spelet eksisterer er svaret enkelt: Det må ha den fleirspelaropplevinga vi fann i originalutgåva av Halo 2.Kva er dei viktigaste tinga som har skjedd med serien? Er det då vi fekk bruke to våpen samtidig? Då det kom ein ekstra spelbar karakter som ikkje var Master Chief inn i biletet?»

«Ut av alle dei tinga vi veit om utviklinga til serien er det fleirspelaren folk vil snakke om. Eg trur enkelt og greit du berre må nagle den på ein fundamental måte. Strengt tatt ville vi måtte gjere det betre enn vi gjorde i det første Halo Anniversary.»

Uavhengig av om Halo 2 får seg ei ny HD-drakt har Microsoft fleire Halo-jarn i elden. Dei vil lage ein Halo TV-serie saman med Steven Spielberg, og eit nytt Halo-spel er på veg til Xbox One.

Siste fra forsiden