Har Dishonored-studioet tatt over Prey 2?

Mykje ser ut til å ha skjedd med sci-fi-eventyret sidan vi sist såg det.

Vegen har vore lang for Prey 2. Spelet som først blei kunngjort tidleg i 2011 forsvann brått frå radaren sjølv om det allereie hadde vore under utvikling over fleire år. Rykta svirra om kansellering fleire gongar, noko Bethesda sjølv tilbakeviste.

No har Kotaku kome over informasjon som tyder på at spelet har skifta utviklar. Etter sigande er det Dishonored-studioet Arkane Studios si Austin-avdeling som no står for utviklinga. Nøyaktig kvifor dei har tatt over er uvisst, men Human Head som stod for originalen er i følgje kjelda til Kotaku ikkje lenger involverte. I følgje kjelda skal Human Head ha levd i uvisse i over eit år om kva som kom til å skje med spelet dei hadde jobba på.

Utviklingskaos

Arkane Studios skal ikkje vere det einaste studioet som har vore innom Prey 2. Over nokre månader skal Fallout: New Vegas-studioet Obsidian ha jobba på spelet. Rebellion – utviklarane bak spel som Sniper Elite og NeverDead – skal ha takka pent nei til å ta på seg ansvaret.

Fleire tilsette hos Arkane Studios skal vere langt frå glade over å ha blitt sett til å jobbe med Prey 2. Toppane i studioet skal ha reagert på dette ved å be dei tilsette om å gløyme at spelet heiter Prey 2, og i staden sjå på det som eit nytt System Shock.

Utsetjingar og ei problematisk utvikling er strengt tatt berre tradisjonen tru for Prey-serien. Det første spelet blei kunngjort så tidleg som i 1995, men kom ikkje i sal før i 2006. Prey 2 skal på si side ha vore under utvikling omlag sidan Prey var ferdig, og har såleis vore under produksjon i ei eller anna form i 7 år allereie. I følgje Kotaku kan vi no sjå fram til ei lansering tidlegast seint i 2016. Med andre ord snakkar vi om ein utviklingsprosess i same gate som det første spelet.

Prey-rettane låg opprinneleg hos 2K Games, men blei i 2009 overtekne av Bethesda.

Les også: Sniktitt: Prey 2 Les også: – Nyskaping er i blodet vårt

Siste fra forsiden