Feature

Black Week

No er Black Friday-tilboda her

Gamer.no samlar våre gamingfavorittar frå tilbodsveka. Oppdatert på fredag.

Montasje / Audun Rodem/Gamer.no
1: Spel og spelkonsollar
2: Maskinvare og datamaskinar
3: Tilbehøyr

MSI GP66 Leopard

Pris dei siste månadane: 21990–23990 kroner
Tilbodspris: 18990 kroner

MSI

Me har ikkje testa denne berbare datamaskinen og kan ikkje seie noko ytinga, men ein berbar med RTX 3080-skjermkort til under 20 000 kroner er sjeldan kost. Ein må fort ut med over 10 000 kroner for ein stasjonær RTX 3070 for tida, noko som gjer dette til eit solid tilbod.

Maskinen har ein 15.6-tommar skjerm med eit 144 hertz-panel, ein Intel Core i7-i11800H-prosessors, 16 GB med RAM og ein 1 TB SSD. Det finst nokre andre versjonar av maskinen som er på sal òg.

MSI GP66 Leopard 11UH-091NEU
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

Lenovo Legion T7

Pris dei siste månadane: 23990–26990 kroner
Tilbodspris: 19990 kroner

Denne har me heller ikkje testa sjølv, men her disker Power opp med ein maskin med RTX 3080 til under 20 000 kroner. I skrivande stund er det vanskeleg å i det heile tatt finne skjermkortet aleine til den prisen.

Lenovo

Kjølekapasitet er naturlegvis eit spørsmålsteikn her, men komponentane er det lite å seie på. Førre generasjon Intel Core i7-10700KF er meir enn nok til speling, og kjem saman med 16 GB med 3200 MT/s RAM, ein M.2 SSD på 1 TB og støtte for Wifi 6 og Bluetooth 5.

Lenovo Legion T7 (90Q800AEMW)
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

Asus ROG Maximus z690 Hero

Pris dei siste månadane: 6520–6790 kroner
Tilbodspris: 5899 kroner

Asus

Mange dei nye hovudkorta for LGA1700-sokkelen har ganske stive prisar, slik det pleier å vere i starten av ein ny generasjon. Likevel er det eit par hovudkort som er kome på sal i Black Week.

Asus ROG Maximus z690 Hero er ein av dei mest funksjonsrike hovudkorta som er kome så langt, med fem NVMe-spor, Wifi 6E, femte generasjon Bluetooth, sju USB 3.2 portar og to PCIe 5.0 x16-spor. Her får ein det aller meste det er mogleg å trenge. Dette hovudkortet blir òg del av ein ny testbenk for skjermkort som me er i ferd med å byggje.

Asus ROG Maximus Z690 HERO
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

AMD Ryzen 7 5800X

Pris dei siste månadane: 4189–4445 kroner
Tilbodspris: 3990 kroner

AMD

3000-serien frå AMD held seg framleis godt, til trass for den nye serien av prosessorar frå Intel. No er det mogleg å få ein av dei kraftigare variantane til rundt ein tusenlapp mindre enn ved lansering.

5800X har åtte kjernar og 16 trådar, ei klokkehastigheit på opptil 4,7 GHz med Max Turbo og litt rom for overklokking.

Me fekk ikkje testa desse prosessorane sjølv, men vår tidlegare søsterside Tek.no fyrte på med 9/10 då dei dekkja prosessoren i fjor.

AMD Ryzen 7 5800X
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

WD Black SN850 2TB M. 2 SSD

Pris dei siste månadane: 3990–4499 kroner
Tilbodspris: 3290 kroner

WD

M. 2 SSDar har blitt svært ettertrakta etter lanseringa av den nye generasjonen med konsollar frå Microsoft og Sony. Denne er ein av dei betre på marknaden for tida, men ver obs på at du helst treng nokre kjøleribber ved sida for denne modellen til PlayStation 5-bruk. Det kan du kjøpe separat.

Elles er det ein knakande god SSD til PC òg. WD Black skryt av lesehastigheit på 7000 MB/s og skrivehastigheit på oppimot 5300 MB/s.

Western Digital Black SN850 2TB
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Western Digital Black SN850 1TB
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

Samsung 980 500 GB M. 2-SSD

Pris dei siste månadane: 696–809 kroner
Tilbodspris: 549 kroner

For dei som ikkje treng så mykje plass, men vil få mest mogleg for pengane, er dette eit veldig godt tilbod. Denne NVMe-SSDen gir deg lagring til éi krone per gigabyte, og det med ei lesehastigheit opp mot 3100 MB/s og ein skrivehastigheit på opptil 2600 MB/s.

Det skal vanskeleg gjerast å finne eit betre tilbod for ein SSD på 500 GB enn dette. Ingen andre av diskane i prisklassen rundt 500–600 kroner kjem i nærleiken av ytinga til denne.

Samsung SSD 980 500GB
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

Intel Core i9-12900K

Pris dei siste månadane: 6490–6690 kroner
Tilbodspris: 5890 kroner

Proshop er tidleg på med tilbod på den siste generasjonen av prosessorar frå Intel i år. Heile 1200-serien har fått rabatt hos nettbutikken.

Dette er den første serien av prosessorar frå Intel med hybridkjerneteknologi, der dei deler opp arkitekturen sin mellom såkalla P-kjernar og E-kjernar. Ifølgje ymse testar på marknaden ser det ut til at Intel har tatt igjen leiinga til AMD på dei fleste felt, og har levert ein knallsterk prosessorserie til speling.

Toppmodellen med åtte P-kjernar og åtte E-kjernar er den du kan spare den største summen på – i og med at han kostar mest ...

Intel Core i9-12900K
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris

Patriot Extreme Performance Viper 4 3200 MHz 16 GB DDR4

Pris dei siste månadane: 886–1107 kroner
Tilbodspris: 519 kroner (utgått)

Patriot

Patriot er førebels eit lite kjend merke i Noreg, men dei har spesialisert seg på greie produkt til låge prisar. Denne minnebrikka (som òg kjem med RGB for litt meir) gir deg 16 GB med RAM til ein halv tusenlapp. Det er ikkje gale, spesielt med hastigheit på 3200 MT/s og ei CAS-forseinking på 16-18-18-36.

Brikkene er langt ifrå dei kjappaste du finn, men til denne prisen er det vanskeleg å slå. Det kan vere ei fin mellombels oppgradering for dei som ikkje er heilt klare for DDR5 enno.

Patriot Extreme Performance Viper 4 Blackout 3200MHz 16GB (2x8GB)
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Patriot Extreme Performance Viper RGB 3200MHz 16GB (2x8GB)
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Logitech G Pro X Gaming Headset
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Intel Core i5-12600K
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Intel Core i7-12700K
Les mer
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
1: Spel og spelkonsollar
2: Maskinvare og datamaskinar
3: Tilbehøyr
Hardware Black Friday

Les også

Siste fra forsiden