Feature

Black Week

No er Black Friday-tilboda her

Gamer.no samlar våre gamingfavorittar frå tilbodsveka. Oppdatert på fredag.

Montasje / Audun Rodem/Gamer.no
1: Spel og spelkonsollar
2: Maskinvare og datamaskinar
3: Tilbehøyr

Black Week blir meir og meir omfattande for kvart år, og denne gongen har butikkane utvida det med endå ei veke. Mange starta allereie torsdagen før Black Week – og det held som kjend fram til Cyber Monday veka etter det igjen.

Det ballar på seg.

Me har i alle fall tatt ein kikk på kva som kan vere verd å vurdere for dei som er ute etter nytt gamingstasj i forkant av jula. Det er kome mange gode kjøp å gjere, men det verkar som om utvalet av tilbod er blitt meir stabilt, og at det er færre endringar frå dag til dag enn før.

Me er heller ikkje så veldig imponert over Black Friday-tilboda i år. Artikkelen er oppdatert med nokre nye produkt, men fleire av dei beste tilboda kom tidlegare i veka. Nintendo Switch til 2590 har me framleis ikkje sett igjen, til dømes. Men det er mykje pengar å spare på datamaskinar og skjermar.

På første side har me samla dei beste tilboda på spel og spelkonsollar, på andre side på maskinvare og på tredje side gamingtilbehøyr og skjermar.

LES OGSÅ: Dette seier nettbutikkane om årets Black Week »

LES OGSÅ: Sjekk Gamer.nos Black Friday-seksjon »

(obs: me gjer merksam på at Prisguiden.no er ein kommersiell samarbeidspartnar med Gamer.no. Me får inntekter dersom du trykker på lenker til nettsida deira.)

Fredag 26. november

Xbox Series S

Pris dei siste månadane: 2989–3290 kroner
Tilbodspris: 2790 kroner

Audun Rodem

Microsoft sin nye «veslebrorkonsoll» fekk ikkje all verda med skryt då me testa han i november i fjor, men det har ikkje hindra nordmenn i å regelmessig tømme hyllene når han har vore på lager.

No har nokre av butikkane køyrt eit lite prisavslag på Series S. Fleire av butikkane har faktisk ganske mange eksemplar inne, så her er det berre å køyre på for dei som kjenner behovet.

Far Cry 6 (PS og Xbox)

Pris dei siste månadane: 449–599 kroner
Tilbodspris: 329 kroner

Andreas Bjørnbekk / Gamer.no

Årets runde Far Cry har fått ganske svake kritikkar, og det verkar som folk byrjar å bli lei av den tilnærma identiske oppskrifta som Ubisoft har brukt sidan 2012.

AAA-spel med dårlege tilbakemeldingar pleier å dale i pris inn mot Black Week, og det ser me skje allereie no. Prisen er nesten halvert sidan spelet blei lansert for under to månadar sidan. Viss du er ute etter noko lettbeint moro til ferien kan jo dette vere noko. Men denne typen spel ser fort endå lågare prisar i januarsalet, så me ville kanskje venta viss du ikkje har hastverk.

Battlefield 2042 (PS og Xbox)

Pris dei siste månadane: 599–699 kroner
Tilbodspris: 444 (var 399) kroner

Nye Battlefield har fått same behandling som Far Cry 6, og prisnivået er redusert betydeleg berre nokre dagar etter offisiell lanseringsdato. Spelet har fått ein haug med negative tilbakemeldingar frå spelarar på Metacritic, og me var heller ikkje spesielt nøgde med spelet.

EA

Vår meldar enda opp med å gi spelet 4/10.

«Eg skulle ønskje Battlefield 2042 var noko heilt anna enn det me er blitt servert, og håpar intenst at spelet kan bli betre og bli redda i løpet av det neste året. Kanskje kan me returnere til og oppdatere denne meldinga med nye inntrykk viss lysare tider skulle vise seg, men fram til då er Battlefield 2042 det desidert svartaste fåret i denne legendariske serien», skreiv me denne veka.

Cyberpunk 2077 (PS)

Pris dei siste månadane: 249–398 kroner
Tilbodspris: 199 kroner

Andreas Bjørnbekk/Gamer.no

Fjorårets mest etterlengta spel skuffa fans verda over. Spelet var stappfullt av tekniske problem, og blei til slutt fjerna frå PlayStation Store på grunn av dette.

Spelet er framleis prega av teknisk trøbbel, men har fått nokre omfattande oppdateringar sidan i fjor. No er PlayStation-versjonen på rekordlågt prisnivå. Då kan det jo vere verd eit forsøk viss ein skal spele på konsoll – sjølv om utviklaren har varsla at dei jobbar med ein versjon til dei nye konsollane som kjem til neste år.

Me gav spelet 8/10 i vår melding.

Mass Effect Legendary Edition (PS og Xbox)

Pris dei siste månadane: 329–639 kroner
Tilbodspris: 279 kroner

Eventyra med Shepard og gjengen har aldri tatt seg så bra ut som i denne versjonen, sa vår meldar i vår. Me enda på 9/10 i meldinga vår, og konkluderte med at oppussinga klarar å halde seg trufast til originalen, samstundes som han løftar opplevinga nokre hakk.

Gøran Solbakken/Gamer.no

Underteikna er halvvegs uti Mass Effect 2 av denne utgåva på PC, og kan melde om at spela framleis held seg svært godt.

Nettbutikkane løfta prisen på spelet ganske betydeleg i forkant av Black Week, men dette er framleis rekordlåg pris. Her er det mange timar med moro for dei på konsoll.

Guardians of the Galaxy (PS og Xbox)

Pris dei siste månadane: 499–599 kroner
Tilbodspris: 329 kroner

Espen Jansen/Gamer.no

Vår meldar blei positivt overraska over det siste Marvel-spelet som kom no i haust, etter at Avengers skuffa ein del i fjor.

Spelet har nok av problem, men har nokre gode augeblikk her og der.

«Marvel's Guardians of the Galaxy imponerer periodevis takka vere god flyt, truverdige figurar og tilfredsstillande gameplay, men klarar ikkje å halde tritt i dei rundt 15 timane historia varar», konkluderte me, og gav spelet 7/10.

Tony Hawks Pro Skater 1 and 2 (PS og Xbox)

Pris dei siste månadane: 399 kroner
Tilbodspris: 99 kroner (kundeklubb)

Håvard Hofstad Ruud / Gamer.no

«Tony Hawk's Pro Skater 1+2 er ei nydeleg nostalgipakke for dei som vaks opp med og var glad i det tidlege spela i serien. Begge dei to første spela er pussa opp med alle banane, dei same proffskatarane og det same minneverdige lydsporet», skreiv vår melder om denne pakken i fjor haust.

Me fyrte på med 8/10 i karakter for spela. No er versjonane til førre generasjon av konsollar betydeleg sett ned i pris. Det er sal på utgåvene til dei nye konsollane og Nintendo Switch òg, men der er prisane langt stivare.

Nioh 2 (PS4)

Pris dei siste månadane: 349 kroner
Tilbodspris: 189 kroner

Koei Tecmo Games

«Der det første Nioh blei opplevd som ein meir unik og modig vri på Souls-formelen, er Nioh 2 ei meir polert og presis tolking av den same formelen», skreiv vår melder om Nioh 2 i fjor vår.

Me konkluderte med at Nioh 2 fint kunne eksistere parallelt med Sekiro frå FromSoftware, og landa på 8/10. No er prisen på det lågaste nivået nokosinne for konsollversjonen. Då er det kanskje på tide med ein kikk?

Riders Republic (PS og Xbox)

Pris dei siste månadane: 449–599 kroner
Tilbodspris: 329 kroner (kundeklubb)

Ekstremsportspelet Riders Republic er ei enorm sosiale leikegrind, der ein skal kunne boltre seg saman med vener og ukjende spelarar i ei rekkje forskjellige sportar.

Nokre av dei største nasjonalparkane i USA er sydd saman til eitt område i spelet, og opptil 50 spelarar kan vere i same område på likt.

Gamer.no har førebels ikkje kome med noko melding av spelet, men det har relativt høg score på Metacritic både blant spelarar og kritikarar.

Deathloop (PS5)

Pris dei siste månadane: 598 kroner
Tilbodspris: 299 kroner

Bethesda

Årsferske Deathloop frå Arkane Studios hausta mykje skryt frå vår melder i september. Her er det mogleg å spare nokre kroner viss ein vil kose seg med litt Dishonored-inspirert action.

«Arkane stiller knallsterkt i det som antakeleg blir deira siste spel på PlayStation. Viss Deathlopp er ein indikasjon på kvalitetsnivået me kan forvente frå dei framover, er eg ikkje det minste bekymra for studioet si framtid hos Microsoft», skreiv vår meldar og gav ein niar.

Ghost of Tsushima Director's Cut (PS5)

Pris dei siste månadane: 662 kroner
Tilbodspris: 449 kroner

Sucker Punch

Samuraieventyret Ghost of Tsushima var eit av høgdepunkta i spelåret 2020, og er no komen i ein oppgradert versjon for PlayStation 5. Denne kjem med blant anna 4K-oppløysing, biletefrekvens på 60 og betre 3D-lyd.

Lastetidene har blitt drastisk redusert og spelaren har fått ei ny øy han kan utforske i einspelaren.

Det vanlege spelet til PlayStation 4 var òg på rekordlågt prisnivå i starten av Black Week, men er skrudd opp igjen. Moglegvis kjem det tilbake på Cyber Monday.

Demon's Souls

Pris dei siste månadane: 679 kroner
Tilbodspris: 449 kroner

Bluepoint

Det første spelet i Soulsborne-serien oppstod i ny drakt ved lanseringa av PlayStation 5 i fjor. Bluepoint viste nok ein gong at dei kan kunsten med å pusse opp spel, og har i praksis laga noko som kjenst heilt nytt.

«Elleve år etter originalen sin lansering har det blitt litt vanskeleg å ignorere startvanskane som til tider pregar opplevinga, og som FromSoft etter kvart fekk luka vekk i seinare spel. Som oppussingsprosjekt er dette likevel nok eit meisterverk frå ein utviklar som verkeleg har knekt nyversjonkoden, og nærmast obligatorisk speling for ein som likar Souls-sjangeren og har klart å få tak i Sony sin nyaste konsoll», skreiv me i vår melding i fjor.

The Last of Us: Part II

Pris dei siste månadane: 349 kroner
Tilbodspris: 99 kroner

Naughty Dog

Naughty Dog serverte ein polert actionfest utan like i fjorårets etterlengta oppfølgjar, der me fekk eit nytt møte med kjende og kjære figurar frå The Last of Us-universet. Del to er eit kontroversielt spel, og mange har nok et elsk-hat-forhold til det. Men her på huset smelte me til med ein niar då me melde spelet i fjor sommar.

No er spelet tilgjengeleg til rekordlåg pris. Ikkje gale.

Spider-Man: Miles Morales (PS4/PS5)

Pris dei siste månadane: 349–449 kroner
Tilbodspris: 249 kroner

Audun Rodem/Gamer.no

Ekstraeventyret til det svært solide Spider-Man-spelet frå 2018 lanserte saman med PlayStation 5 i fjor, og har no fått eit lite prisavslag.

«Som eit ekstra kapittel til 2018s Spider-Man er Spider-Man: Miles Morales eit glimrande påheng. Sjølv om mykje er ved det same, er det nok nytt her til å fengsle – både for dei som er heilt nye til Insomniacs tolking av superhelten, og for dei som storkoste seg med forgjengaren», skreiv me i vår melding i fjor.

Sackboy: A Big Adventure

Pris dei siste månadane: 359–579 kroner
Tilbodspris: 249 kroner

Sony

Dette sjarmerande plattformeventyret lanserte til 700 kroner saman med PlayStation 5 i fjor, og er no meir enn halvert i pris. Vår meldar var ikkje heilt overtydd over kvalitetane til spelet då me testa det i fjor, men han hamna likevel på 6/10 til slutt.

«Eg tvilar ikkje på at spelet kan fenge. Det er pent, det høyrest bra ut, og det er eit habilt – om enn enkelt – plattformspel. Men det utmerker seg aldri, og er eit ganske middelmåtig tilskott til haustens elles knallsterke spelutval», konkluderte vår meldar.

Nintendo Switch (2019)

Nintendo

Pris dei siste månadane: 3090–3333 kroner
Tilbodspris: 2990 (var 2590) kroner

Nintendo har ikkje heilt levert til forventningane på dei nye Switch-versjonane sine, så 2019-varianten er framleis eit fint alternativ til den nye utgåva med OLED-skjerm og betre batteri.

Prisen på Switch gjekk betydeleg opp i 2020, men var måndag på det lågaste prisnivået nokosinne. Me tippar denne kjem tilbake igjen, så her er det berre å følgje med.

Me oppdaterer saka på ettermiddagen kvar dag.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
1: Spel og spelkonsollar
2: Maskinvare og datamaskinar
3: Tilbehøyr

Siste fra forsiden