Feature

Black Week

No er Black Friday-tilboda her

Gamer.no samlar våre gamingfavorittar frå tilbodsveka. Oppdatert på fredag.

Montasje / Audun Rodem/Gamer.no
1: Spel og spelkonsollar
2: Maskinvare og datamaskinar
3: Tilbehøyr

Hp Reverb G2

Pris dei siste månadane: 6288–6990 kroner
Tilbodspris: 5990 kroner

Mikkjell Lønning/Gamer.no

"Komforten er heilt på topp, og høgtalarane bidrar til å auke innlevingskjensla betrakteleg. Med tilgang til heile biblioteket av VR-spel på Steam er det faktisk ganske mykje innhald ein kan boltre seg i, der Half-Life: Alyx peikar seg ut som spelet som nesten gjer den heftige prislappen verd det", skreiv me om dette VR-headsettet i år.

Dette er framleis eit av dei beste alternativa for VR på PC, og har ein imponerande skarpleik og oppløysing.

Me syns framleis det kan vere greitt å vente ein generasjon eller to for å hoppe inn i VR for dei som ikkje har hastverk, men dette er eit fint utgangspunkt viss ein er lei av å vente.

Cooler Master MM720

Pris dei siste månadane: 499–593 kroner
Tilbodspris: 379 kroner

Den litt rare, men veldig gode gamingmusa Cooler Master MM720 stod til 8/10 i vår test i vinter.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

«Cooler Master har gjort ein særs kapabel jobb med å pusse opp ein gammal klassikar her. Vekta er særs låg, kabelen er glimrande, knappane er for det meste skikkeleg gode å bruke og sensoren er feilfri. 700 kroner for ei slik pakke er heller ikkje så altfor gale», skreiv eg i min test. No er prisen nesten halvert.

Det er ein god deal.

Glorious Model O Wireless

Pris dei siste månadane: 799–990 kroner
Tilbodspris: 655 kroner

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Glorious har vore ein av dei mest populære gamingmusmerkene dei siste åra, og dette er kanskje deira aller beste produkt. Her har nettbutikkane justert opp prisen ganske kraftig i forkant av Black Week, men det er framleis 100 kroner under det vanlege prisnivået.

På Black Friday blei denne sett ned 45 kroner ekstra, og er endå meir rimeleg.

«Elles er dette eit tilnærma perfekt produkt. Ein feilfri sensor, flotte RGB-lys og ei eminent passform gjer dette til eit toppval for alle moglege typar spel, spesielt når det kjem til skytespel», skreiv eg i min test i vår.

Logitech G Pro X Superlight

Pris dei siste månadane: 1189–1389 kroner
Tilbodspris: 995 kroner

Mikkjell Lønning

Logitechs flaggskip for konkurranseskytespel er eit av våre personlege favorittar. Me gav musa 9,5/10 då me testa ho i fjor, og den karakteren står seg framleis godt. No som prisen er 600 kroner lågare er dette eit svært godt kjøp.

I vår test konkluderte me med at Logitechs beste mus hadde blitt endå betre med introduksjonen av Logitech G Pro X Superlight. For dei med den rette handstorleiken og grepstypen er dette marknadens beste produkt.

Den trådlause, men litt eldre varianten, er òg på rekordlågt prisnivå. Den gav me 10/10 i 2018.

Razer Viper Ultimate

Pris dei siste månadane: 916–1095 kroner
Tilbodspris: 799 kroner

Mikkjell Lønning

Nok ei kanongod skytespelmus er skrudd ned til ein svært låg pris. Denne musa fyrte me på med toppkarakter til då me testa ho i fjor.

Razer Viper Ultimate er ei trådlaus, ambidekstriøs gamingmus med eigen ladedokking. Med sine 74 gram er ho veldig lett for å vere trådlaus, og passforma er fenomenal. Dette er ei glimrande julegåve.

«Etter to år på trona er det på tide at G Pro Trådlaus abdiserer. Me har eit nytt produkt på topp», konkluderte me i fjor.

Razer BlackWidow V3 Pro

Pris dei siste månadane: 1690–1790 kroner
Tilbodspris: 1389 kroner

Razer

BlackWidow V3 Pro er eit av dei beste trådlause gamingtastatura på marknaden i dag. Det har ikkje heilt det same kvalitetsinntrykket som Razer Huntsman-serien, men byr på mange nyttige funksjonar.

Tastaturet har ei behageleg handleddsstøtte, dedikerte medieknappar og svært kjappe brytarar.

Trådlause gamingtastatur er generelt sett svindyre, så dette er ikkje så altfor gale.

Elgato Stream Deck 2

Pris dei siste månadane: 1511–1645 kroner
Tilbodspris: 1390 kroner

Elgato

Elgato sitt Stream Deck er laga for å gjere strøyming av spelinnhald betydeleg enklare. Produktet samlar 15 ulike hurtigtastar for å kontrollere strøymeprogramvara di enkelt gjennom knappane.

Me har førebels ikkje testa løysinga enno, men det blir brukt av ganske mange av dei store strøymeprofilane i gamingverda.

Både den nye, vanlege versjonen og den store utgåva er på rekordlågt prisnivå denne veka.

Samsung QN900A

Pris dei siste månadane: 34990–59990 kroner
Tilbodspris: 29 999

Denne 8K-tven er blant dei grommaste du kan få tak i for tida, og er halvert i pris sidan han lanserte i januar. Det er framleis lite innhald til 8K, men me meiner at speling er det ein får mest ut av - sjølv om ein er avgrensa til låg oppdateringshastigheit.

Samsung

Prisen skildrar vel kor meiningslaust prisnivå det er på mange av denne typen produkt. Det er absolutt ingen vits i å kjøpe fjernsyn til full pris. Det tar nok ikkje lange tida til bruktprisane er betydeleg lågare enn dette igjen, så det kan vere noko å følgje med på.

Versjonane på 75 tommar og 85 tommar er òg på sal.

Samsung 24RG50

Pris dei siste månadane: 1337–1790 kroner
Tilbodspris: 999 kroner

Dette byrjar å bli ein ganske gammal skjerm, men det er ikkje ofte at ein ser 1920x1080-skjermar med oppdateringsfrekvens på 144 hertz til under tusenlappen.

Skjermen har eit VA-panel, så den klarar ikkje dei beste fargane, men om du er på utkikk etter å løfte spelopplevinga i spel som Counter-Strike: Global Offensive eit hakk for ein billig penge, er nok dette eit ok val.

Det er òg sal på ein del ulike 144-hertz-skjermar med IPS-panel og FreeSync til rundt 1400 kroner om ein vil ha litt høgare kvalitet. Til dømes Msi Optix G241 og Asus Tuf Gaming VG249Q.

Asus Rog Strix XG27UQR

Pris dei siste månadane: 8701–8995 kroner
Tilbodspris: 4995 kroner (utgått)

Asus

Prisnivået på 4K-skjermar med 144 hertz-panel har gått betydeleg ned sidan dei kom på marknaden for nokre år sidan.

Asus lanserte verdas første 4K 144-hertz-skjerm i 2017, og det til rundt 20 000 kroner. Denne versjonen har dei same spesifikasjonane, med G-Sync-støtte, forseinking på eitt millisekund og eit IPS-panel, men no til ein brøkdel av prisen.

For dei med eit kraftig skjermkort er det mykje moro å hente her, i alle fall i eldre spel der ein klarar å leve opp til oppdateringshastigheita.

Samsung Odyssey C49G95T

Pris dei siste månadane: 9995–12489 kroner
Tilbodspris: 8995 kroner

Samsung

Heile rekkja av monsterskjermane i Odyssey-serien til Samsung var på sal på fjorårets Black Friday, og er no endå billigare. Det er vel naturleg å anta at fleire butikkar kjem på med ulike modellar etter kvart her.

Denne modellen kan by på 5120x1440-oppløysing (32:9-forhold), ein oppdateringsfrekvens på 240 hertz og ei forseinking på berre fire millisekund. Det er ganske heftige greier.

AOC C27G2ZE/BK

Pris dei siste månadane: 2599–3209 kroner
Tilbodspris: 2199 kroner

AOC

Denne AOC-skjermen har fått prisen skrudd opp ein del i forkant av Black Week, så her er det litt fusk, men likevel får me ein av dei betre 240 hertz-skjermane med bøy på marknaden til ein rimeleg pris.

Skjermen har eit VA-panel på 1920x1080 med høgt kontrastnivå og ei annonsert forseinking på eit halvt millisekund. AOC byr òg på støtte for FreeSync. Skjermen er i tillegg G-Sync-kompatibel, slik at dei med Nvidia-kort får nyte av variabel oppdateringsfrekvens dei òg.

Jbl Quantum One

Pris dei siste månadane: 2899–2999 kroner
Tilbodspris: 1395 kroner (kundeklubb)

Mikkjell Lønning/Gamer.no

«JBL Quantum One er eit imponerande produkt. Det er behageleg, har grei mikrofonlyd, svært høg lydkvalitet og mange kule funksjonar – slik som aktiv støydemping, masse RGB-lys, 7.1-surround og 3D-lyd. Sjølv til 3000 kroner er ikkje det altfor gale», skreiv me i vår test av Jbl Quantum One tidlegare denne månaden.

No er prisen meir enn halvert. Til 1395 kroner finn ein rett og slett ikkje noko betre gamingheadsett med kabel enn dette. Her er det berre å fyre på.

Astro A50 4. gen

Pris dei siste månadane: 2999 kroner
Tilbodspris: 2490 kroner

Rabatten på dette toppheadsettet er ikkje like kraftig som med Jbl Quantum One, men dette er etter mi meining eit betre produkt. Spørsmålet er om det er verd ein ekstra tusenlapp, og det er det nok ikkje når ein får Quantum One til 1395.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Uansett er dette eit imponerande godt produkt til denne prisen. Me konkluderte med at Astro A50 var eit glimrande gamingprodukt for dei som var villige til å betale litt ekstra, samstundes som me kritiserte det for å vere for dyrt. No er det meir i den prisklassen det bør ligge, så her er det mykje å hente.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
1: Spel og spelkonsollar
2: Maskinvare og datamaskinar
3: Tilbehøyr

Siste fra forsiden