Her er eit lass med indiespel som vil ha di stemme

Square Enix har oppdatert sitt indieinitiativ med sju nye spel.

I januar lanserte Square Enix eit prosjekt dei gav namnet Collective. Dette er ein portal der håpefulle indieutviklarar kan søkje om å få presentere spela sine. Dei som kjem gjennom nålauget vil få leggje ut presentasjonar av dei forhåpentlegvis geniale ideane sine. Neste stopp er at publikum får sjå på prosjekta, og stemme ja eller nei på om dette er noko dei kunne tenkje seg å støtte med lommeboka si.

Dei spela som får nok stemmer i positiv favør vil vidare få hjelp av Square Enix til å lansere ein kampanje på IndieGoGo. Square Enix vil kome med råd og veiledning, og om spelet er lovande nok, vil dei kanskje gje det ut.

Frå zombier til testdukker

Black The Fall kan bli eit stemningsfullt spel.

Etter å ha presentert tre spel i samband med lanseringa av Collective, har Square Enix no omsider presentert fleire spel. I førre veke dukka fire spel opp, og denne veka har vi fått tre nye som kjempar om stemmene dine.

Dei sju spela du no kan stemme på varierer stort i både form og konsept. Black The Fall er eit sideskrollande actionspel som blandar skyting med problemløysing. Spelet byr på ein grafikk som minnar sterkt om herlege Limbo, og kan godt kapre nokre stemmer berre på grunn av den. Spelet har allereie ein demo ute der du får prøve deg på grunnmekanikkane.

Leap of Fate byr på action i høgt tempo.

Leap of Fate er eit hektisk actionspel der du kan kombinere ulike former for magi for å kveste fiendane dine. Spelet er sett til ei dystopisk fantasiverd der tilfeldig samansette område vil leie deg i retning av ein av fleire sluttar. Utviklarane hevdar at spelet er ganske nådelaust sidan du ikkje får helse tilbake når du mistar den.

Crash Dummies: Escape Velocity er på si side noko heilt anna. Her skal du hjelpe den vesle guten Tyler med å kome seg ut av ein diger bygning som er overteken av sinte leigesoldatar. Han må samarbeide med ei testdukke for å løyse dei mange utfordringane spelet legg i vegen for deg.

I REalM må du hjelpe den 17 år gamle jenta Iris. Etter ein draum vaknar ho i ei heilt anna verd, og målet blir raskt å finne vegen heim att. REalM er eit sideskrollande spel tilsynelatande heilt blotta for kampar. I staden må Iris bruke ei rekke unike eigenskapar for å kome seg fordi hindra den opne verda byr på.

Sirona Sol vil ha deg til å lage mektige våpen.

Sirona Sol ser ut til å kunne bli eit spel for den som likar detaljstyring. Dette er eit lettbeint rollespel der hovudvekta ser ut til å liggje på kunsten å lage våpen. Du må samle inn ressursar og skape stadig betre våpen for å slå tilbake fiendane som dukkar opp med jamne mellomrom.

Portable Knights er eit rollespel som hentar stor inpirasjon frå klassiske japanske rollespel, og då spesielt Final Fantasy-serien. Om spelet blir ein realitet vil vi møte den unge mannen Dave. Han er så uheldig å ha hamna i skjærselden. Spelet vil by på turbaserte kampar og område du kan utforske fritt.

Kan 10 Years After ta opp kampen mot DayZ og Rust?

Det siste spelet du kan stemme på er overlevingsspelet 10 Years After. Dette spelet hentar unekteleg mykje inspirasjon frå spel som DayZ og Rust, men prøvar å gjere ting på sin eigen måte. Utviklarane legg vekt på samarbeid, og om du kjem i klammeri med andre spelarar kan eit skot tiltrekkje seg vandrande lik. Moral blir viktig i spelet, og om du ikkje får i deg nok mat og drikke kan livet bli ganske surt.

Om noko av dette høyrest spanande ut er det berre å ta turen til Collective for å avlevere di stemme der du meiner den høyrer heime.

Siste fra forsiden