Square Enix lanserer folkefinansieringsportal

Vil hjelpe utviklarar med å realisere prosjekta sine.

Dei siste åra har folkefinansiering blitt ein stor og viktig del av spelindustrien. Både ferske og etablerte utviklarar har gjort stor suksess med å be folket om hjelp til å finansiere utviklinga av spela sine. Eit tidleg indieprosjekt som enda opp som eit glimrande spel var FTL: Faster Than Light, medan vi dei siste månadane har fått sterke spel som Broken Sword 5: The Serpent's Curse, The Banner Saga og Broken Age, alle finansierte gjennom Kickstarter.

Bak alle suksessar ligg derimot historier om spel som aldri nådde måla sine, eller feila i å innfri det dei lova. Etter å ha investert i utvikling og kampanjar har ein kampanje kanskje feila, noko som skjedde med Dungeon Siege-studioet Gas Powered Games sin Wildman-kampanje. Eventuelt har utviklarane ikkje heilt innsett kor mykje pengar og arbeid som krevst for å fullføre ein produksjon.

Square Enix til unnsetning

Game of Glens byr på solide doser skotsk humor.

I dag har Square Enix lansert Collective i samarbeid med folkefinansieringsportalen IndieGoGo. Du kan ikkje donere pengar til prosjekt som blir lagde ut her. I staden har vi fire veker på oss til å trykke tommelen opp eller ned for å seie om vi meiner spelet er ein god idé å ta vidare til kronerulling eller ikkje.

Tanken er at utviklarane på denne måten kan sjekke temperaturen rundt ein idé før dei for alvor går i gong med ei utviklinga. Mange kampanjar har til dømes feila fordi folk ikkje får sett nok frå spelet, men for å vise spelet i aksjon krevst tid, arbeidskraft og pengar. Ved å først sjekke om det er god interesse rundt ein idé, kan ein få ein peikepinn på kor vidt det er smart å gå så langt.

Undervegs i prosessen vil utviklarane få tilbakemeldingar og rettleiingar frå Square Enix på kva dei gjer bra, og kva som kan gjerast betre. Om eit spel viser seg å bli ein suksess på Square Enix Collective kan utviklarane ta spelet vidare slik dei sjølv vil. Dei kan velje halde seg til Square Enix sitt samarbeid med IndieGoGo, men dei står likevel fritt til å gjere som dei vil. Square Enix stiller seg opne for å kunne hjelpe til finansielt og ved å gje ut spela.

Ein ekstra bonus er at Square Enix stiller sitt eige spelbibliotek til disposisjon for dei som har gode idear. I første omgang gjeld dette varemerka Gex, Fear factor og Anachronox.

Skotske leikar og robotar

Moon Hunters lovar retromoro med ny vri.

Dei første tre spela som har dukka opp på Collective er temmeleg ulike. I Game of Glens frå Crackdown 2-studioet Ruffian Games skal vi ta del i ei rekke skotske leikar. Der skal du gjere alt frå å byggje tårn til å spele ei tidleg og primitiv form for golf.

Moon Hunters blir skildra som ei blanding mellom Starbound og Zelda. Med retrografikk skal du farte rundt i ei verd i stadig endring. Du får skru saman din eigen figur ved å velje mellom fire klassar og persontypar før du reiser rundt i ei farleg verd og byggjer opp figuren din.

World War Machine er på si side eit actionspel i eit høgt tempo der du i ein mech-robot skal gjere det mech-robotar gjer best. Maskineriet kan skruast saman slik du vil ved å samle saman gjenstandar og byggje nye delar.

Alle spela må ha ein PC-versjon for å kunne vere med i Collective, men utover det står utviklarane frie til å gjere som dei vil.

Siste fra forsiden