Feature

Spelåret 2021 – Øystein Furevik

Her er spela Øystein gler seg til mest i 2021

Her er lista for dei som praktiserer sosial avstand både av og på nett.

Ubisoft, Privat, montasje Gamer.no
Side 1
Side 2

Flere medlemmer av Gamer.no-redaksjonen vil fortelle om de spillene de gleder seg til i 2021 nå på nyåret. Vi har tidligere hørt fra Espen Jansen og Andreas Klebo-Espe. Nå er det Øystein Furevik sin tur.

2020 var eit knallår! Der, eg sa det. 2020 var fantastisk. Eit av dei beste åra eg har hatt, og eg stangar snart hovudet i veggen om ein person til fortel meg kor ille det var.

Eg var i pappaperm store delar av året, og sosial avstand passar meg heilt utmerka. Eg trur knapt eg har spelt så mange spel, og lest så mange bøker, og sett så mykje god underhaldning på skjermen, og fått tid til så mange tidkrevjande hobbyprosjekt som eg gjorde i fjor. Eg fekk til og med tid til å rydde opp i bakkatalogen min. Runda omsider The Last of Us, berre for å lure på om ingen andre ser kor idiotisk det er når folk i ei apokalyptisk verd der ressursane er skrale brukar alt dei har av drivstoff og kuler på å jage to, ja to, to personar som berre prøvar å kome seg forbi. Trur ikkje på det, ikkje eit sekund.

Men det har vore mykje digg òg. Ori var tilbake i eit blodig vakkert spel, Trials of Mana remaken gav meg kos av gamlesorten, og fantastiske spel som Wasteland 3 og Yakuza: Like a Dragon kilte rollespelkløa. Mange timar har òg bltit brukt på Stadia, utelukkande for å spele Orcs Must Die! 3, men no må Robot få ut fingeren og porte det over på andre plattformer, eit halvt års abbonering på Stadia for å spele eitt einaste spel er nok.

Men no, det eg gler meg aller mest til i året som ligg framfor oss.

Bravely Default II

Sjanger: Rollespel
System: Switch
Utviklar: Claytechworks
Kjem: 26. februar

Endeleg kjem den vakre grafikken i Bravely Default-serien til sin rett.
Square Enix

Det var berre ein ting som var så frykteleg surt med Bravely Default på 3DS. Det hadde desse fantastisk vakre handteikna bakgrunnane, og så fekk ein berre sjå det på den bittelille, knøttvesle skjermen. Endeleg, om ikkje hallelujah, får ein seie, no landar Bravely Default-serien der den høyrer heime; på storskjem.

Dette blir eit turbasert rollespel i beste Final Fantasy-tradisjon, men serien har sine eigne triks i ermet, og spesielt kampsystemet i denne serien er uhorveleg artig, og ikkje minst ganske så tilgjengeleg om du er ny til sjangeren. Eg gler meg stort til å låse opp nye jobbar og byggje opp karakterane til å bli formidable krigarar. Og så får vi krysse fingrane for at utviklarane har redusert repetisjonen det første spelet lei litt under i sine siste timar.

Nier Replicant ver.1.22474487139...

Sjanger: Action, rollespel
System: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Utviklar: Square Enix
Kjem: 23. april

Det er ikkje mykje eg gler meg til meir enn eit gjensyn med Nier.
Square Enix

Det er få spel som har gjort større inntrykk på meg enn Nier gjorde i 2010. Likevel fekk det hårreisande nok ei rimeleg hard mottaking verda over. Det var ikkje alle som heilt kom over grafikken utviklarane hadde pressa ut gjennom eit lavt budsjett. Det var synd, for Nier er eit av dei beste og mest minnerike spela frå heile tiåret, og det fullstendig grusar oppfølgjaren Nier: Automata på så og seie alle punkt.

Les også
Anmeldelse: Monster Hunter Rise

Difor er det høgst spanande å sjå korleis denne nye utgåva av spelet blir. Med mange hakk penare grafikk og litt tweaka gameplay, bør dette bli ein hakket lettare måte for folk å få oppleve ei av dei beste historiene spelverda har å by på. Eg skal innrømme eg er litt skuffa over at utviklarane bytar ut gamlefar Nier med den yngre varianten frå den japanske originalversjonen, men pytt, det skal eg klare å leve med.

Monster Hunter Rise

Sjanger: Action, rollespel
System: Switch
Utviklar: Capcom
Kjem: 26. mars

Til og med eg vil gi etter for det sosiale presset når det kjem til monsterjakt.
Capcom

Eg har kosa meg stort med Monster Hunter-serien heilt sidan starten på PlayStation 2 med påmontert internettadapter og full pakke. Eg har ikkje heilt tal på kor mange spel, for ikkje å seie kor mange timar eg har spelt i denne serien opp gjennom åra, men det heile toppa seg med Monster Hunter: World, som tok serien til heilt nye høgder, og omsider fekk meg til å verkeleg investere tid i å spele på nett med andre, noko eg normalt finn underhaldande i ein halv kveld.

Når Monster Hunter Rise dukkar opp på Switch i år blir det enda meir moro, spesielt med dei nye ridedyra du kan bruke for å kome deg kjapt framover. Spesielt likar eg at utviklarane køyrer for eit heilt anna visuelt uttrykk og lagar eit spel sterkt inspirert av austleg kunst, arkitektur og mytologi. Det hjelper godt med å differansiere spelet frå Monster Hunter World, og oppfølgjaren som garantert ikkje er langt unna.

Tales of Arise

Sjanger: Rollespel, action
System: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Utviklar: Bandai Namco
Kjem: 2021

Endeleg har Tales of-serien tatt steget ut i nytt farevatn.
Bandai Namco

Tales of-serien har halde det gåande i mange år, og det må vere lov å seie at serien har stagnert. Frå toppen med herlege eventyr som Tales of Symphonia og Tales of Vesperia har det gått nedover, og dei fleste spela i serien har lidd av å vere så einsidige i form og fasong at dei nesten er vanskelege å skilje frå kvarandre.

Og det er nettopp difor eg gler meg så mykje til Tales of Arise. For første gong på lang tid får utviklarane eit skikkeleg budsjett å leike seg med, og det ser det ut til at dei nyttar til det fulle. Spelet byr på ein ny visuell stil som endeleg gjev oss noko nytt å sjå på, og spelet ser ut til å verkeleg bli lekkert. Det trauste kampsystemet skal òg by på ei rekke endringar, og jamt over ser Tales of Arise ut til å by på nøyaktig den vitamininnsprøytinga serien treng.

Persona 5 Strikers

Sjanger: Action
System: Switch, PlayStation 4, Windows
Utviklar: Omega Force
Kjem: 23. februar

Her skal det dengast til den store medaljen.
Atlus

Serien som kanskje har fleire fiendar enn fans er tilbake, igjen. Etter haustens heidundrandes Hyrule Warriors: Age of Calamity, er Omega Studios allereie klare med enda eit Warriors-spel der du skal svinge piska rundt deg og få fiendane til å flagre. Denne gongen lagar dei eit spel som fungerer som ein oppfølgjar til Persona 5.

Her kan du forvente deg nøyaktig det same som alle andre spel frå dette studioet. Det blir eit stadig vaksande persongalleri fullt av krigarar som alle har sine eigne finurlege måtar å banke fiendar på, men det heile blir pakka inn i Persona 5 sin herlege stil, og full av den funky musikken desse spela alltid byr. Eg veit det blir moro, og eg gler meg stort. Eg veit det blir kult, spørsmålet er kor kult.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden