Anmeldelse

Wasteland 3

Eit politisk ukorrekt nirvana

Wasteland 3 kan stå rakrygga side om side med gigantane frå 90-talet.

image_wasteland_3-40548-4269_0002

I det gospellåta Blood of the Lambs byrja å spele i oppstarten av ein av dei tidlege kampane i Wasteland 3, skjønte eg at dette var noko heilt spesielt. Den nydelege kontrasten mellom lyden frå ein rettskaffen kyrkjelyd, og blodet som spruta etter korrekte taktiske avgjersler, var til å ta og kjenne på. Ei massive kjensle vaks i meg. Kjensla av at dette, dette kom til å bli moro.

Kjensla blei forsterka då eg prata med ein kamerat som òg var i gong med spelet, og vi snakka over og rundt kvarandre og klarte ikkje å bli einige om kva som eigentleg var kva. Etter litt fram og tilbake innsåg vi begge to at grunnen til at vi hadde så ulike oppfatningar var at vi hadde hatt fundamentalt ulike opplevingar. Wasteland 3 trugar ikkje berre med å gje deg val og konsekvensar, det har val og konsekvensar, og det er konsekvensar som kan endre opplevinga di så grundig at den vil skilje seg dramatisk frå spelar til spelar.

Du formar ikkje berre reisa di, du formar verda rundt deg, og kva forhold innbyggjarane i den har til deg. Wasteland 3 er eit spel som smyg seg rundt deg, og aldri heilt lar ting gå den vegen du trur dei skal gå. Dette er gråsona sitt land, inXile har skapt knivskarp satire som sparkar i alle retningar. Det er ingen her som er «gode». Alle gjer i eigne auge det rette, og kva du vel å gjere oppe i det heile kan få konsekvensar du ikkje såg kome. Prøv å vere ein snill gut alt du vil, nokon vil døy, nokon vil lide, nokon vil bli forbanna. Og nokon vil ha hemn.

Det er herleg befriande med eit spel som ikkje prøvar å dytte deg ned ein moralsk veg ved å fortelje deg at du kan vere det du vil, men denne vegen er vond, det er den der borte du må ta om vil vere god. Konsekvensen er utfordringar der du må tenkje over kva du skal gjere for det er ikkje alltid like lett å sjå føre seg kva utfallet vil bli.

Den glade undergang

Wasteland 3 byr på fargerik dialog, for å seie det mildt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Wasteland 3 tek oss med til ein dystopiske framtidsvisjon der atomkrig har øydelagt sivilisasjonen for mange, lange år sidan. Regjeringar og styresmakter har blitt byta ut til fordel for diktatorar, kultar og folk som tilber Ronald Reagan som ein gud. Turen går til Colorado, med base i Colorado Springs, og med eit solid køyrety som kan oppgraderast med både kanonar og vern mot radioaktiv stråling, legg du ut på tur i den iskalde villmarka.

Nokre gongar reiser du til bestemte destinasjonar der du har eit angitt oppdrag, andre gongar får du beskjed over radioen om at det kjem eit signal frå ein stad i nærleiken. Nøl med å sjekke det ut, og det kan vere for seint. Nokon døyr, og nokons syn på deg får ein knekk.

Det er ei heilt herleg råten verd som deler mykje av sitt DNA med den hakket betre kjende Fallout-serien. Det er ikkje så rart. Som du kanskje veit blei Fallout til etter at Interplay ikkje klarte å få overtatt merkevara Wasteland dei hadde skapt for EA, og måtte finne eit nytt namn. Ei merkevare Interplay-veteranane i inXile etter kvart klarte å få tilbake.

Spør du meg var det heile hell i uhell, for Wasteland 3 er alt det eg skulle ynskje Fallout av moderne dato kunne vere. Dette er ei modernisert utgåve av dei gamle Fallout-spela. Eg får den same herlege kjensla av å spele det, og det er eit rebelsk og vågalt spel som ikkje er redd for å tøye strikken for å sjå når det smell.

Ut på tur, alltid sur

Spelet kommuniserer tydeleg kvar du kan gå, og kva du kan gjere.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det heile byrjar som rollespel ofte gjer. Du får enten velje deg, eller lage deg eit par karakterar som vil følgje deg på reisa, og allereie her får du eit solid innblikk i kor mykje du kan detaljstyre reisa di. Karakterbyggaren er robust og mangfaldig, og det blir kjapt tydeleg at dei ulike eigenskapane og kvalifikasjonane du kan låse opp lev i eit særs symbiotisk forhold. Skal du bli god med pistolar nyttar det ikkje berre å satse alle klutar på å vere treffsikker, du må og vere kjapp nok til å få fyrt av meir enn eit skot, og helst smart nok til å vite kvar kula skal plantast for dei kritiske treffa.

Alt blir koka saman til ei suppe der det er vanskeleg å sile ut den eine biten som kan løfte deg fram. Alt er viktig, og sjølv om det klart finnast gode og mindre gode måtar å bygge opp karakterar på, er det langt frå opplagt kva som er best.

Har du spelt eit taktisk og turbasert spel før, vil du raskt kjenne deg igjen i Wasteland 3. Utanom kampane spring du fritt rundt i sanntid, men så snart du blir oppdaga, eller vel å gå til angrep, legg eit rutenett seg over området du er i, og det heile er i gong. I likskap med Fallout nyttar Wasteland 3 actionpoeng for å definere kva du kan gjere i kamp. forskjellige handlingar krev ulike mengder poeng, og ein kan skaffe seg fleire poeng ved å byggje opp dette når ein går opp i nivå.

Dei ulike møta med fiendane byr på mykje variasjon, mykje grunna ein haug ulike typar fiendar. Nokre spring fram for å kunne sjå deg i auga medan dei gjev deg pryl, andre held seg på avstand, sender rakettar, granatar, eller spring fram med flammekastarar. Ulike typar fiendar som soldatar, mutantar, robotar og ville dyr byr alle på ulike utfordringar, men karta byr òg på rikeleg med strategiske moglegheiter for å plannleggje framstøtet på ein god måte.

Kampsyetemet er ikkje originalt på nokon måte, men det er nøye gjennomtenkt, djupt som ein sjø, og byr på mykje moro. Kampane er engasjerande og utfordrande, og når ein får utteljing for justeringane ein har gjort på crewet sitt er det ei herleg kjensle.

Pasifistens endelikt

Av og til er det beste å sende i ein tank først.
Øystein Furevik/Gamer.no

Wasteland 3 byr på ei valdeleg verd, men det betyr ikkje at ein alltid må ta del i den. Sjølv om mange av eigenskapane du kan skaffe deg gjer deg sterkare i kamp, er det mange som ved sidan av å kunne hjelpe deg i kamp, òg kan hjelpe deg å unngå den. Er du stygg nok i kjeften kan du til dømes skremme folk frå å angripe deg. Det er ganske fett når du møter ein tungt vepna gjeng med psykopatar, set skapet verbalt på plass, og dei får panikk fordi dei har med deg å gjere, du som etter kvart blir viden kjent over heile Colorado for bragdene dine. Det er ikkje alle som tør.

Du treng ikkje vere hard i kjeften, du kan sleike rumper om det er det du vil, men det finnest òg andre måtar å sno seg rundt ekle situasjonar. Dører kan låsast opp, terminalar og robotar han hackast, og maskineri han fiksast. Du kan til og med godsnakke verdas sintaste og farlegaste kylling til å bli med deg på jakt.

Det som skjer utanfor kamp er for meg minst like interessant som kampane i seg sjølv. Wasteland 3 byr på ei engasjerande verd der det du vel å gjere har meining. Du kan alliere deg med ei rekke ulike fraksjonar, og ikkje alle likar kvarandre. Enkelte vil hate deg for ting du gjer, og øydelagde relasjonar kan vere vanskeleg å fikse igjen.

Det er ikkje alltid lett å døme kor vidt eit val ein gjer i eit spel har reelle konsekvensar, eller om ein berre blir presentert ein illusjon av det. Dette er eigentleg irrelevant. Wasteland 3 gjev deg kjensla av å vere viktig, og verda og folka i den formar seg rundt deg. Du blir midtpunktet i postapokalypsen om den hadde vore regissert av Quentin Tarantino, og det er godt nok.

Det kjennest godt å ta knekken på ein slik rugg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Når ting går skeis

Det er nesten ei naturlov at når eit spel byr på for mykje godt, må det naturlegvis vere noko negativt, og dette er diverre gjeldande for Wasteland 3 i aller høgste grad. For å seie det enkelt, Wasteland 3 hadde hatt godt av litt ekstra tid i gryta. Det er alt for mange feil og manglar av den tekniske sorten.

Verst for min eigen del er at nesten kvar gong eg spelar, låser spelet seg før eller seinare. Dette har blitt betre med ei fersk oppdatering, men problemet er på ingen måte borte, og det er utruleg frustrerande når det skjer. Ein lærer seg tidleg å lagre ofte i dette spelet, men sjå føre deg at du gløymer å gjere det fordi du er oppteken med å kjøpe og selge utstyr, oppgradere gjengen din, og gjere alt putlearbeidet som må til mellom slaga, berre for å møte ein låst skjerm så snart du er ferdig.

Eller kva med når du nett har klart ein vanskeleg kamp som har gjeve deg ei utfordring, men i staden for å feire sigeren blir du kasta ut av spelet og må gjere det heile ein gong til?

Det er uhyre frustrerande, for å seie det mildt, og det får ikkje hjelp frå eit heilt ubrukeleg autolagringssystem som aldri lagrar når du treng det, som til dømes etter eit oppdrag er utført.

Andre tekniske problem er det flust av, men dei er mest berre mildt irriterande, det er mengda av dei som er problemet. Små grafiske feil her og der, NPC-folk som ikkje er der dei skal vere, små funksjonar som ikkje alltid fungerer. Lista er ganske lang med småting som burde ha vore fiksa. Er du heldig slepp du unna, men har du uflaks slik eg mistenker at eg har hatt, er det lett å kjenne på at inXile kanskje burde ha utsett lanseringa enda nokre månadar.

Konklusjon

Nokre gongar er det beste å setje hardt mot hardt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Problemet med å spele gamle spel er at sjølv om mange av dei framleis held stand, blir vi vande med forbetringane tida byr på. Forbetringar som kan gjere gamle spel noko tungvindte å spele, men ein overser fordi alt det andre er så bra, og forbi nostalgien smakar godt.

Wasteland 3 tek alle dei gode, gamle kjenslene frå klassiske PC-rollespel, og pakkar det inn i ei moderne og oppdatert utgåve som er ei sann fryd å spele. Det er eit fantastisk rollespel som byr på enorme moglegheiter for spelaren. Du kan byggje nøyaktig den gruppa med krigarar du vil ha, og du får enormt med fridom til å styre kven du vil vere i denne post-apokalyptiske verda. Og for ei verd. Dette er noko av det friskaste og mest fandenivaldske eg har vore borti på lang tid. Herleg satire som held ingenting tilbake, og viser godt og tydeleg at det ikkje spelar noko rolle kva side av moral og etikk du står på, alle er like sårbare for hovmod og galskap.

Med ei så fantastisk oppleving bak med smertar det meg å måtte trekk ned for noko så irriterande som tekniske problem, men Wasteland 3 har mange tekniske problem som må fiksast. Dette er den type oppleving vi ikkje får ofte, men eg vil tilrå å vente nokre veker, om ikkje månader før du tek turen til Colorado.

8
/10
Wasteland 3
Eit fantastisk rollespel som byr på enorme moglegheiter for spelaren.

Siste fra forsiden