Anmeldelse

Jade Empire

Om du blandar litt popkorn med mange gamle kung-fu-filmar, og krydrar med litt god fantasi, vil resultatet etter ei kort stund over høg varme bli omtrent noko sånt som Jade Empire.

Side 1
Side 2

Men du er ikkje aleine Med deg i kamp kan du ha ein følgesvenn. Du får etter kvart ein god del av desse, men kun ein av dei kan vere med deg til ei kvar tid. I kamp har du to val for kva dei skal gjere. Enten angrip dei fienden, eller så støttar dei deg. Om dei støttar deg kan dei ikkje bli angripne, men dei kan gi deg bonusar i kampen, noko du umiddelbart vil trenge sidan alle automatisk angrip deg. Som aktive deltakarar i kampane vil dei angripe som dei ser det best, men dessverre har dei ein lei tendens til å alltid få seg sjølv drept, og det er noko du ikkje får gjort stort med.

Ironisk nok kan det av og til verke som om sjølve kampane er det du brukar minst tid på i Jade Empire. Når du kjem til ein ny stad er det veldig lett å la seg bli oppslukt av alt du kan gjere der. Det er enorme mengder med minioppdrag å begi seg ut på, og alle er med på å få deg til å tru på verda du går rundt i. Den er godt utforma, og dei forskjelllige personane du møter er truverdige og interessante. Det er som regel fleire lag til ein person, noko som gir deg lyst til å springe rundt for å snakke med alle. Det blir til tider lett å gløyme at du i det heile tatt har eit stort eventyr på skuldrane dine, og du vil gjerne bli heilt ferdig i eit område før du bevegar deg vidare.

Meiningslause butikkar Eit rollespel er ikkje komplett utan butikkar, men dette er ei heller meiningslaus affære i Jade Empire. Det er nesten ingenting av interesse til sals, og det du måtte finne er stort sett berre steinar som gir deg ubetydelege bonusar. Du får etter kvart eit skattekammer av desse, men nytteverdien deira er ikkje stor sidan bonusane dei gir er marginale. Det er ikkje eingong noko poeng i å spare til dyre steinar, sidan det ikkje eksisterar noko som er verdt å spare på. Dei beste steinane finn du i kister, om du er heldig. Du endar altså opp med mykje sølv du aldri brukar. Om det ikkje hadde vore ein einaste butikk i Jade Empire, hadde du eigentleg ikkje lagt merke til det, og det hadde eigentleg vore betre. Ingen butikkar er betre enn unødvendige butikkar.

Jade Empire er eit nydeleg spel. Først og fremst er det designen som gjer Jade Empire til noko for seg sjølv. Det er vakkert, og lyssettinga set ei fantastisk god stemning. Spelet er fullt av små detaljar, og områda er levande og varierte. Det same gjeld for folk du møter, dei kjem i alle storleikar og fasongar, og personlegheitene deira er like forskjellige. Animasjonane er også svært gode, spesielt i kampar. Sett saman, får alle desse elementa Jade Empire til å skilje seg ut på ein veldig positiv måte. Generelt sett ser det heilt fabelaktig ut, noko som dessverre medfører eit stort irritasjonsmoment i visse område. Du kan ende opp med å sjå gjennom unødvendig mange lasteskjermar. Det tar lang tid å laste noko, og når du til dømes må gå fram og tilbake mellom fleire hus, blir det raskt kjedeleg. Dette skapar til tider eit slitsamt miljø med lite faktisk speletid.

Det beste som kan seiast om lyden i Jade Empire er at du eigentleg ikkje legg merke til den. Alt glir inn på ein flott måte som passar perfekt til stemninga spelet formidlar. Skodespelet er for det meste bra, og lydeffektane sit som støpt. Musikken er også flott, men blir kanskje av og til litt for typisk for spel med røtene sine godt planta i Asia. Det er fløyter, trommer, og pompøse melodiar, men dette er noko vi eigentleg har høyrt før. Ikkje at det i seg sjølv er noko gale, men det er ikkje noko ein hugsar i etterkant. Likevel glir alt saman på ein flott måte som skapar ei veldig god stemning.

Konklusjon Med Jade Empire har BioWare atter ein gong skapt eit flott rollespel. Det er ting som kunne ha vore annarleis, men det hindrar ikkje spelet i å skape mange timar med svært god underhaldning. Det som kanskje imponerar mest er den historia BioWare har skapt rundt heile spelet. Du merkar at alle område er fulle av liv, og dei har sine historier og hendingar som du ikkje nødvendigvis tar del i. Det at dei er der, gjer likevel mykje for at du føler deg som ein del av den. Samtidig vil du raskt finne eit festeleg minispel, i form av eit nostalgisk skytespel i same stil som Ikaruga for nokre år tilbake. Jade Ampire har ei veldig godt fortalt historie, som har sine innslag av både humor og alvor. Lastetidene kan til tider bli ei belastning på tolmodet, men bortsett frå det er Jade Empire eit flott eventyr dei fleste burde finne glede i.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden