Klar for fleire Borderlands-eventyr?

Neste episode av Tales from the Borderlands kjem om ei veke.

Borderlands-universet har begeistra mange heilt sidan lanseringa av det første spelet i 2009. Sidan den tid har vi fått to oppfølgjarar som begge byr på skytespel fulle av humor og spinnville våpen i ei fargerik verd.

På haustparten i fjor blei eit heilt nytt kapittel i Borderlands-sagaen starta med eventyrekspertane Telltale Games-produserte Tales from the Borderlands. Her har utviklarane bak seriar som The Walking Dead laga eit episodisk eventyrspel fullt av humor og moralske utfordringar.

I ei pressemelding fortel Telltale Games og Gearbox at neste episode av Tales from the Borderlands snart får lansering. Den nøyaktige datoen på alle plattformer har vi ikkje fått, men eventyret vil halde fram frå og med tysdag neste veke.

I den andre episoden vil ein måtte prøve å finne ut kva kva Atlas Corporation eigentleg har styrt med før Hyperion tok over planeten Pandora.

Frykteleg morosamt

Du er aldri trygg i Borderlands.

Den første episoden frå Tales from the Borderands blei lansert i slutten av november til svært god mottaking. Vi meinte det var eit spel som demonstrerte at Telltale Games framleis kan lage svært morosame spel:

«Dette eventyret er konstant morosamt og aldri keisamt, og etter dystre zombier og eklektiske fabeldyr kjem den første episoden av Rhys og Fionas eventyr som eit småfrekt og veldig friskt pust. Held dei påfølgjande fire episodane same standard kan dette fort ende opp som Telltales beste produkt på ei stund, og med så tøff konkurranse er det inga enkel bedrift.»

Om du ikkje har fått sjansen til å leike deg i Borderlands-universet enno, får du ein ny sjansen i slutten av mars. Då lanserer Gearbox Borderlands: The Handsome Collection. I denne samlepakka får vi både Borderlands 2 og Borderlands: The Pre-Sequel, samt alt ekstrainnhald til spelet på Xbox One og PlayStation 4.

Siste fra forsiden