Test

Switch 2 – Zelda-serien

Slik er Zelda på Switch 2

Det finnest no ingen betre plass å dykke ned i Zelda-universet enn Switch 2.

Endeleg. Der var The Legend of Zelda der serien burde ha vore for lenge sidan. Nintendo har omsider lansert sin første 4K-konsoll, og med det har fleire gamle klassikarar fått seg eit markant ansiktsløft. Nokre spel har fått omfattande oppdateringar, medan andre er betre som konsekvens av betre maskinvare, og her går vi gjennom rubbel og bit slik at du veit kva du har å forholde deg til.

The Legend of Zelda: Breath of the Wild før og etter (t.v.) Switch 2-oppdatering.

Breath of the Wild og Tears of the Kingdom

Nintendos to massive Zelda-spel har begge fått solide oppdateringar på Switch 2. Nintendo meiner kynisk nok at oppdateringane er store nok til å koste pengar, men om du er Nintendo Online-medlem får du desse utan ekstra kostnad.

Det aller første du vil merke – og dette gjeld både med og utan Switch 2-oppdatering – er at lastetidene no er dramatisk redusert. Eg klokka den ned til ein femdel i gitte situasjonar, og der ein før kunne lese mange tips medan ein venta, rekk du no gjerne berre eitt.

Utover lastetidene er det først og fremst høgre oppløysing som er trekkplasteret her, og det viser på lang veg. Borte er det grumsete og lågoppløyselege biletet, og tilbake er eit sylskarpt og nydeleg spel som verkeleg skin når Link vassar gjennom hoftehøgt gras. Det er her, og saman med betre lys via HDR at Breath of the Wild og Tears of Kingdom verkeleg skin. Når det myldrar av detaljar kjem Hyrule fram på ein måte denne verda aldri fekk sjansen til før. Unntaket er sjølvsagt dei som har emulert og modda desse spela i ei årreke no, men det blir ei anna sak.

Switch 2-versjonane er eit massivt hopp opp, men det som kanskje kan vere baksida for nokon er at høgre oppløysing òg betre viser kor tomme delar av landskapet kan vere på avstand. Det blir ein nakne slette og fjell kledd i lite anna enn ein repetitiv tekstur, men det er ein mild pris å betale.

Skogen kjem verkeleg til sin rett no.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spelet flyt som ein varm kniv gjennom smør, og det er rett og slett ei herleg oppleving å tre inn i rolla som Link igjen. Alt kjem mykje betre til sin rett, verda framstår meir levande, monster, folk og fe er meir uttrykksfulle fordi du kan sjå ansikta deira skikkeleg, og ein får ei mykje betre kjensle av å vere i verda no når vaselin-filteret er borte.

Spesielt lyset har stor effekt. Eg enda opp med å kasta bort herleg mykje tid berre på å leike med flammar no som dei ser mangefaldige gongar betre ut.

Ved sidan av eit visuelt løft har Breath of the Wild og Tears of the Kingdom fått ny funksjonalitet gjennom Nintendo Switch-appen. I denne finn vi Zelda Notes, eit tillegg som først og fremst hjelper deg med å finne skjulte skattar i hyrule. Her kan du få hjelp til å finne fram i verda. Vel til dømes leite etter ein korok, og du får opp eit kart der du kan velje kva korok du vil finne. Deretter kan du høyre ei hyggeleg stemme som fortel deg at du må gå mot sør, skift kurs, hald fram, no er du framme.

I Zelda Notes finn vi og små notat og historie frå Prinsesse Zelda som du kan leite fram. Med desse får vi via appen lest opp tankar og historier som fortel oss meir om verda. Ved sidan av dette byr Zelda Notes på statistikk for kva du har gjort og korleis du ligg an samanlikna med resten av verda, samt bilderedigering, og deling av gjenstandar. Berre hugs på å aktivere Zelda Notes i begge spela, elles får du ikkje kopla saman.

The Legend of Zelda: Link's Awakening ser no mykje betre ut.
Øystein Furevik/Gamer.no

Link's Awakening og Echoes of Wisdom

Overgangen frå Switch til Switch 2 er ikkje like dramatisk for kosespela Link's Awakening og Echoes of Wisdom. Desse spela er som skreddarsydde for alle som kanskje saknar Zelda-serien slik den var før kjem for alvor til sin rett på Switch 2. Om A Link to the Past er så bra det kan bli, er det her du høyrer heime.

Oppdateringane til desse spela er automatiske og gratis. Begge spela er no i høgre oppløysing, og det er veldig merkbart. Biletet er reint, fint og alt av små detaljar kjem mykje betre fram enn før. Fargane er òg skarpare, og den nye HDR-støtta er verkeleg med på å fraheve spelets litt modellkittaktige stil.

Det vil garantert glede mange at oppdateringa som løftar grafikken, også har lagt til ein funksjon som kanskje burde ha vore med frå starten. No kan du lagre favorittekkoa dine for raskare tilgang, og denne funksjonen er tilgjengeleg både på Switch og Switch 2.

Hyrule Warriors: Age of Calamity hadde hatt godt av ei høgre oppløysing.
Øystein Furevik/Gamer.no

Hyrule Warriors og Hyrule Warriors: Age of Calamity

Hyrule Warriors-spela kjem frå Omega Force, studioet som pumpar ut Dynasty Warriors-spel omtrent like kjapt som Han Solo trekk pistolen. Hyrule Warriors byggjer på prinsippa frå denne serien, men sjølvsagt med ein Zelda-vri. Her er det ein mot alle som gjeld, og der Zelda-spela stort sett byr på omfattande eventyr, er Hyrule Warriors oppdragsbaserte spel der skjermen fyllest med så mange fiendar at ein knapt kan sjå sola.

Det blir mange fiendar i løpet av ein normal arbeidsdag, og med så mykje som skjer, kan bildefrekvensen lett byrje å skrante litt, noko som merkast i desse spela.

Verken Hyrule Warriors eller Age of Calamity har fått ei eiga oppdatering, men maskinvara i Switch 2 er i seg sjølv nok til at spela får seg ein ny vår. Bildefrekvsnen har vore stabil gjennom dei mest intense og store kampar, og sjølv om oppløysinga på spesielt Age of Calamity kan bli noko grumsete side om side med dei Breath of the Wild of Tears of the Kingdom, er dette ei langt betre oppleving enn før.

Det er altså inga tid betre enn no for å ta ei runde med eit Hyrule Warriors-spel, og gjerne i bærbar modus der den tidvis låge oppløysinga ikkje merkast like godt.

The Legend of Zelda: The Wind Waker med (t.h.) og utan CRT-filter.

The Wind Waker

Til lite fanfare fann vi ut at ikkje berre er The Wind Waker no tilgjengeleg på Switch 2 via Nintendo Online, men det er no Switch 2 som er staden for å spele denne GameCube-klassikaren. Borte er dei bisarre visuelle lysvala får Wii U-versjonen, og tilbake er originalen, slik den var i 2002, men betre.

Dette er utan diskusjon den definitive utgåva av The Wind Waker.

Eg hugsar sjølv korleis eg ved lansering tenkte at The Wind Wakers visuelle stil var tidlaus, og når eg no sit her og ser ein oppskalert og krystallklar versjon på Switch 2, står eg fast ved det. The Wind Waker er eit nydeleg spel, og sjølv om det kanskje er litt keitete å spele etter moderne standard, er det eit stykke spelhistorie ein bør få med seg.

Du kan velje mellom å spele med eller utan eit CRT-filter, og for å vere heilt ærleg likar eg det best med. Spesielt skyene i horisonten viser si låge oppløysing når spelet no er oppskalert, men dette blir mjuka ut og detaljane glir meir saman med CRT-filteret. Til sjuande og siste er dette uansett ei smakssak.

The Wind Waker er berre eit av tre spel tilgjengeleg i Nintendo Onlines GameCube-avdeling. Vi får håpe The Twilight Princess snart følgjer etter.

The Legend of Zelda: Ocarina of Time med (t.v.) og utan CRT-filter.

Ocarina of Time og Majora's Mask

Zelda-klassikarane frå Nintendo 64-eraen har vore tilgjengelege på Switch via Nintendo Online ei stund no, men med lanseringa av Switch 2 får desse spela òg litt pynt. Det er ikkje store endringar her, og av alle Zelda-spela som no kan spelast på Switch 2 er det Nintendo 64 som har minst å hente.

Nintendo 64 var 3D-alderens barndom, og det visest så godt at det tidvis nesten gjer litt vondt. Dette er ikkje pene spel, og ein spelar dei meir for sjarmen enn for det visuelle. Skal du først spele desse spela på ein TV i dag, er det likevel på Switch 2 du bør gjere det. Som med The Wind Waker kan du slå på eit CRT-filter, og dette gjer mykje for å sy det heile saman.

CRT-filteret gjev oss ein flott mellomting mellom eit skarpare bilete som viser alle blemmer, og eit mjukare bilete som skjuler dei verste skavankane. Om du saknar korleis det var å sitje framfor ein gammal CRT-skjerm og spele spel som liten, er dette det næraste du kjem utan å leite fram din gamle Nintendo 64-konsoll, ein gammal TV, og krysse fingrane for at ingenting seier pang.

Siste fra forsiden