Kommentar

Skjermkort i 2021

Grafikkortsituasjonen blir verre og verre

Nvidia kom med ein kjip beskjed denne veka.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nvidia sin GPU Technology Conference (GTC) er eit av årets største hendingar i teknologiverda. For nokre dagar sidan opna Nvidia-sjef Jensen Huang konferansen med ein nesten to timar lang presentasjon. Han la fram strategiar, planar og nye produkt.

Mange av oss spelarar var nok ein smule skuffa då Nvidia aldri avduka det venta skjermkortet RTX 3080 Ti, slik mange hadde trudd at dei ville. Nvidia kunne likevel by på ein heil drøss med spanande, teknologiske framsteg, for blant anna kunstig intelligens, kvantedatamaskinar, superdatamaskinar, serverparkar og mykje anna. Konferansar som dette blir følgd tett av teknologiverda, for dei legg gjerne rammene for kva slags nyvinningar som renn over i spelverda etter kvart.

Det som har vore mest interessant så langt – for oss spelarar – var då Nvidia gav nokre små hint om korleis det går med leveringskjedene for skjermkort.

Kort sagt er det dyster lesing.

Enorm etterspurnad

VEKS: Nvidia har hatt ein betydeleg vekst i omsetninga frå gamingaktivitetar. Det er skjermkort som står for den største delen i gamingomsetninga.
Nvidia

Aksjonærane til Nvidia kan le heile vegen til banken etter fenomenale salstal, både ovanfor datasenter og til gamingmarknaden, men for dei som har kryssa fingrane for å få seg eit skjermkort med det første, bidrog selskapet til å sløkke det håpet.

Økonomidirektør Colette Kress i Nvida fortalde i ein bloggpost at etterspurnaden er mykje større enn lagerbehaldningane.

– Me ventar at etterspurnaden vil vere større enn tilbodet for store delar av året, seier Kress.

Dette støttar ikkje heilt det dei sa tidlegare i vår. Då var det venta ei klar betring innan mai. Nvidia skriv samstundes at dei har tru på at det vil vere store nok lagerbehaldningar etter første kvartal for ei auke i sal.

Det kan godt hende salet aukar, men det betyr neppe dei store endringane for deg og meg. AMD har heller ikkje sagt eit ord om situasjonen på fleire månadar, og det er ikkje noko godt teikn. Direktør Lisa Su sa då at dei venta leveringsproblem fram til sommaren.

Eg trur det kjem til vare mykje, mykje lenger.

Spinnvill marknad

Små lagerbehaldningar i 2021 er på ingen måte unikt for skjermkort. Dette gjeld mange ulike typar forbrukarelektronikk for tida, om det så handlar om enkeltkomponentar som prosessorar eller heile spelkonsollar. Eg er sikkert ikkje den einaste som ventar i spaning på den PlayStation 5-konsollen som eg bestilte for rundt eit år sidan.

Les også
Test: Gigabyte Radeon RX 6700 XT Gaming OC

Likevel er det klart verst i skjermkortmarknaden. Me har skrive om dette tidlegare, men i eit nøtteskal handlar det om ein miks av koronaviruset, mangel på silisium, kryptovaluta og generelt høg etterspurnad.

Det var vanskeleg nok å få tak i eit skjermkort dei første månadane etter lansering av Turing-arkitekturen til Nvidia i 2018, og det var fleire år før pandemien kom. Sjølv venta eg seks månadar på å få tak i eit RTX 2080 Ti.

No er det koronaviruset som har ført til store forseinkingar i dei globale verdikjedene på toppen av dette, medan ein astronomisk vekst i interesse rundt kryptovaluta har gjort «mining» rekordpopulært.

Veksten i kryptovaluta har vore absurd berre i den siste månaden, der den samla marknadsverdien for all kryptovaluta har gått opp med oppunder 34 prosent. Etter kvart som fleire oppdagar «mining» av andre, meir lønsame valutaer vil interessa sannsynlegvis berre vekse.

Det driv igjen etterspurnaden for skjermkort vidare.

Samstundes har salet av datamaskinar ifølgje analyseselskapet Canalys auka med 55 prosent i første kvartal i 2021. Det er ekstremt. Salet av datamaskinar har ikkje vore så høgt sidan 2012, og Canalys meiner det er bruk av heimekontor som driv veksten.

Igjen er det koronaviruset som ligg i botn.

Alle desse faktorane legg vidare press på allereie skjøre leverandørlinjer. Det kan godt hende at det kjem ein kraftig korreksjon i kryptovalutamarknaden, men eg tviler på at det vil vere nok med det første. No er etterspurnaden etter skjermkort rett og slett heilt spinnvill.

Mørke skyer på horisonten

SVINDYRT: Finn.no er stappfullt av brukarar som sel skjermkort til langt over lanseringsprisane. Det er nesten så ein kan tene like mykje på å spekulere i skjermkort som kryptovaluta for tida.
Skjermdump

Er du heldig nok til å først finne eit kort som faktisk er på lager, vil ikkje det nødvendigvis by på noko positiv overrasking. Til dømes held me no på med ein test av eit AMD Radeon RX 6700 XT-skjermkort frå Gigabyte. Gigabyte har anbefalt pris på 600 dollar for dette kortet, men i skrivande stund er det berre CDON som faktisk har det på lager – og då til den nette sum av 13091 kroner. Produsenten har faktisk gjort eit val om å ikkje anbefale noko norsk pris i det heile.

Det seier sitt.

Eg har eigentleg mista all tru på at marknaden kjem til å normalisere seg i løpet av det neste halvåret. Nettbutikkane har ingen grunnar til å sette ned prisane slik innteninga er no, og mykje tydar på at produksjonsflaskehalsane vil slite like lenge.

Med den etterspurnaden som er i dag, er det sannsynleg at marknaden ikkje klarar å levere nok før godt uti neste år igjen.

Det einaste som er sikkert at både Nvidia og AMD vil halde fram å lage nye skjermkort og tene pengar på produkt som nesten ingen får kjøpe.

Gamer.no har vore i kontakt med Nvidia om eit intervju rundt tilgjengelegheita fleire gongar. Det har førebels ikkje kome på plass.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Siste fra forsiden